På dommens dag

TEATER
Den store finalen
Av Teater Fusentast
Basert på novella ”Het grote gebeuren” av Belcampo
Regi og dramaturgi: Elin Hassel Iversen
Illustratør og dokkedesign: Janne Magnussen
Scenografi og dokkemakar: Camilla Lilleengen
Musikk: Dr. (Tor Einar) Bekken
Med: Coby Omvlee, Jaap den Hertog og Dr. Bekken
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:
FINGERSTORE: Aktverdige innbyggarar, men det er utanpå. FOTO: DAG ARVE FORBERGSKOG

Eit halsbrekkande prosjekt, – sjarmerande, humoristisk, detaljrikt, og litt over stokk og stein.

Teater Fusentast feirar seg sjølv og sine første 20 år som teatergruppe. Denne trondheims-nederlandske frigruppa som består av Jaap den Hertog og Coby Omvlee, har laga eit utal produksjonar som har vore særs leikne, litt rørande og temmeleg underfundige. Og ein del figurteater er det òg blitt. Mellom anna sette gruppa for mange år sia opp ein hysterisk morosam versjon av Peer Gynt der dei spela alle aktene på under timen, og så vidt eg hugsar med berre to aktørar. Når dei nå jubilerer, gjer dei det med den mest ambisiøse produksjonen dei nokon sinne har laga, og det seier ikkje lite. På bakgrunn av den nederlandske novella ”Het grote gebeuren” fekk Jaap den Hertog ein nærast umogeleg idé, og ettersom det bur ein liten Reodor Felgen i han, lét han seg ikkje stoppe. Coby Omvlee skreiv manus, og saman framfører dei om lag eit femtital ulike roller berre assistert av musikken og lydane til Dr. Bekken.

Vi er i den vesle byen Fagersund, ikkje heilt ulik arketypen Trangvik, ein liten stad som historia gløymde, der det meste har stått stille, og der den tilsynelatande idyllen er på det mest Ibsenske lumre. Men under overflata kokar det, og dobbeltmoralen har gode vekstvilkår. Hit kjem vi på verdas aller siste dag og blir presentert for eit stort, representativt og ikkje så reint lite fargerikt utval av plassens innbyggarar. Lite veit dei om kva som er i vente, og hadde dei det gjort, hadde dei kanskje posisjonert seg litt betre for dommens dag. Så langt er ikkje dette spesielt grensesprengande. Men Fusentastane har dramatisert historia som ein ”fantasmagori”. Omgrepet er ei samansetting av dei latinske orda for skrømt og torg. Og framsyninga er blitt ei blanding av nye og urgamle projiseringsteknikkar miksa med dokketeater som er både live og projisert. På eit modellbord er heile byen Fagersund sirleg bygd opp med hus, gater og folk. Med eit lite kamera som dei fører gjennom gatene samstundes med at dei også er dokkeførarar, får vi på lerret sjå opptaket medan vi til same tid ser både dokkeføring og heile settinga. Som om dette ikkje var nok, nyttar dei også ei rekke ulike projiseringsmetodar for å vise supplerande stillbilde. Sjølv om power point har tatt over for lysbilde og overhead, er vel likevel dette ennå kjende teknikkar. Men ”Laterna Magica”, lysbildets mor, ein 350 år gamal metode for å vise bilde på skjerm, er ikkje kvardagskost. Og slett ikkje lett å handtere!

Utkledd som englar fortel dei to Fusentastane historia om Fagersunds siste dag, samstundes med at dei filmar, fører dokker, gir liv til nesten femti personar og viser mengdevis av fantasifulle teikningar og stillbilde. Berre assistert av lyd og musikk frå Dr. Bekken framført på harmonium og synth nærast spring dei to mellom dei forskjellige oppgåvene. Det er blitt litt av eit puslespel, og det går då også sjølvsagt over stokk og stein. Ei noko ustrigla framføring er ein del av sjarmen til Teater Fusentast, og slik skal det vere. Men denne gongen var det vel hektisk, sceneskifta var ikkje synkrone, og det blei ein del kunstpausar. Men eg vil tru at mye av dette går seg til når premierenervar får lagt seg og dei blir varmare i trøya.

Den gode teksten til Coby Omvlee er skriven i bunden form, og han er full av humor, dobbel botn og uventa og litt naivistiske rim. Framsyninga er noko av det mest leikne eg har sett, og både innhald og presentasjon boblar av overskot. Detaljrikdomen er enorm, og jamvel om figurane berre er fingerstore, kjem vi tett innpå personlegdomen til både fotografen Belcampo, piloten Winge, kona hans, Bella Skjønning, som har seg med Belcampo medan Winge er på vingane(!), og mange av dei andre. Og det er eit heilt ope spørsmål kven som får reise opp eller ned på dommens dag. I ”Den store finalen” er det ikkje djevelen, men snarare himmelsk oppleving som ligg i detaljane!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 25. oktober 2010)

2 Responses to “På dommens dag”

  1. Kristin Thallaug sier:

    Dette er morro og utrolig sjelden kost. Jeg var på premieren,men håper de også kommer med hele menasjeriet til Oslo og ellers rundt i landet.Lykke til!!

  2. Amund Grimstad sier:

    Med så gode kritikkar, og i tillegg eit uvanleg entusiastisk publikum (sjå alle Facebook-oppslaga), vil eg tru at Oslo og resten av landet bør vere neste stopp. Personleg håpar eg at produksjonen blir sett opp att i Trondheim også slik at eg får sett han ein gong til.

Leave a Reply