Rundt og rundt

TEATER

Ifigeneia
Av Finn Iunker
Regi: Runar Hodne
Scenografi og kostyme: Serge von Arx
Med: Arne O. Reitan, Helle Ottesen, Cici Henriksen, Hans Petter Nilsen, Harald Brenna, Jan Frostad, Ragnhild Sølvberg, Kine Bendixen og Karianne Teigland
Trøndelag Teater, Studioscena

Bildet:
RUNDDANS: Menneske på virkeslaus vandring trappelangs utan å kome nokon stad. FOTO: GT NERGAARD/SERGE VON ARX

Finn Iunker syner oss korleis det går til når små menneske tar store avgjerder.

Nest etter Jon Fosse, er Finn Iunker kanskje ein av dei nålevande norske dramatikarar som er mest spela i utlandet. Paradoksalt nok er det førebels berre frigrupper som har sett opp stykka hans her heime. Det er derfor ein liten milepåle når Finn Iunker endeleg, heile seksten år etter debutsuksessen hans med ”The Answering Machine”, og fire år etter første norske friteaterpremière, blir presentert på eit institusjonsteater i heimlandet. Fredag var det première på ”Ifigeneia” på Trøndelag Teater. Dramaet baserer seg på Euripides greske tragedie ”Ifigeneia i Aulis”. Personane og handlingane er stort sett dei same, men Iunker har med si nyskriving synt oss meir av dei komiske, og tragikomiske sidene ved historia.

Vi er i Hellas under Trojanarkrigane. Den skjønne Helene er tatt av (eller gått i frivillig eksil hjå) trojanarprinsen Paris, og hellenarane vil røve henne attende. Hæren og båtane ligg landfaste i Aulis av di det er vindstille, og kong Agamemnon (Arne O. Reitan), har fått løfte om vind frå gudane dersom han ofrar dottera si, Ifigeneia. Kongen, som er svogeren til Helene, blir pressa av bror sin, Menelaos (Harald Brenna) for å gjere sonofferet og hente Helene heim. I Euripides tragedie blir vi i hovudsak presentert for Agamemnons eksistensielle val. Det personlege mot det storpolitiske. Sjølv om også Euripides syner kor små og ynkelege  leiande menneske kan vere i avgjerande val, er det likevel her Iunker skil seg frå originalen. Han dreg det heilt ut og viser også kor ufrivillig komiske menneska blir i slike situasjonar. Og til alle tider. Frå Trojanarkrigane til Irak og Afghanistan ligg det smålege, private og irrasjonelle forhold til grunn for avgjerdene, uakta kor brutale konsekvensane er for ålmenta.

For eit tradisjonelt institusjonsteater er det neppe enkelt å sette opp ”Ifigeneia”. Her er personane stort sett saltstøtter som uttrykkslaust deklamerer replikkane sine, med den særs sjølvopptatte Klytaimnestra (Helle Ottesen), mor til Ifigeneia, som den mest ekstreme, medan den einaste som har fått litt å spele på, Akhillevs (Hans Petter Nilsen) er så karikert og komisk at det blir like ekstremt på motsett side. For meg blir dei difor ikkje menneske, men ulike representantar som saman utgjer det tragikomiske menasjeriet som styrer verda. For dei er dette berre spel og ord utan særleg konsekvens, medan Ifigeneia sjølv (Cici Henriksen) er den einaste som syner ei gradvis utvikling frå ei bortskjemd ungjente til ei som verdig og med stoisk ro tar på seg offerrolla. I Runar Hodnes regi er ”Ifigeneia” blitt ei særs stram oppsetting, skore heilt til beinet, og der det trass i mye snakk likevel er lite utanomsnakk. Hodne har skapt eit gravalvorleg og mørkt univers der menneska dreg seg sakte av garde både fysisk og mentalt utan eigentleg å kome nokon stad. Dette er blitt mogeleg gjennom den spektakulære scenografien til Serge von Arx, eit lite kunstverk i seg sjølv. Heile scena er fylt av ulike ståltrapper som gjer at same kor langt aktørane går, så kjem dei likevel attende eller ingen stader. Sjeldan har eg sett ei oppsetting der scenografien er så integrert i, og avgjerande for handlinga.

”Ifigeneia” er ein intelligent tekst, stramt regissert, og med fantastisk scenografi. Likevel var det mye som ikkje stemde på premièren. Ei sak var at framsyninga var uferdig og sleit reint teknisk. Slikt kan gå seg til. Verre er det at Hodne med den stramme, eller ganske rigide regien har mista noko av det lausslopne og nesten burlesk komiske i Iunkers tekst. Oppsettinga blei for meg eit titteskap, teaterteknisk korrekt, men diverre utan den avgjerande dimensjonen at det snakka til meg og gjorde noko med meg der og då.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 20. september 2010 under overskrifta Tragikomisk menasjeri.)

One Response to “Rundt og rundt”

  1. […] “Oppsettinga blei for meg eit titteskap, teaterteknisk korrekt, men diverre utan den avgjerande dimensjonen at det snakka til meg og gjorde noko med meg der og då” skriver Amund Grimstad i Klassekampen. […]

Leave a Reply