Kostbar forsoning

TEATER

Romeo og Julie
Av William Shakespeare
Omsett av Frode Sander Øien
Regi: Marit Moum Aune
Scenografi: Even Børsum
Koreografi: Ingrid Lorentzen
Kostyme: Ingrid Nylander
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Hermann Sabado, Silje Storstein, Mads Bones, Ingrid Bergstrøm, Pål Christian Eggen m.fl.
Trøndelag Teater, Hovudscena

Bildet:
FORSONING: Romeo og Julie, ikkje først og fremst hormon og fjortiskjærleik denne gongen, men snarare forsoning og brubygging. FOTO: GT NERGAARD

 Ei dystopisk, men særs tydeleg oppsetting presentert i retrospekt.

Romeo og Julie er kanskje verdas mest spela teaterstykke. Sjølv har eg sett eit utal ulike produksjonar opp gjennom åra, og heile tre berre på dei ti siste månadene. Likevel må eg vedgå at intrigen er så komplisert at det er vanskeleg å hugse og forstå alt; kven som tek gift, kven som nyttar dolk, kven som er i slekt med kven, og i kva rekkefølge alt skjer. I Marit Moum Aunes regi på Trøndelag teater fell brikkene på plass, og aldri har eg sett ei tydelegare oppsetting av dette klassiske kjærleiksdramaet.

Aune har vald å presentere historia i retrospekt. Vi tar til der det heile sluttar, med gravferda til dei to unge elskande, og den forseinka og alt for dyrekjøpte forsoninga mellom familiane Capulet og Montague. Historia om familiefiendskapen i Verona, og om den ulovlege og umogelege kjærleiken mellom Romeo og Julie, er truleg godt kjend både frå eit utal teaterproduksjonar, frå film og frå musikalen West Side Story. Difor føregrip ikkje Aune mye ved å starte med korleis det gjekk, for deretter å nøste opp kvifor det gjekk så forferdeleg gale. Tolkingane er legio, og Aune legg ikkje for strenge føringar. I staden fortel ho ei god og gripande historie i stram regi, velspela, og i ei særs visuell utforming. 

Vi er definitivt i Verona, men Aune, og spesielt scenograf Even Børsum og kostymedesignar Ingrid Nylander, har heva seg himmelhøgt over trivielle spørsmål som når, og i kva slags omgivnader dette skjer. Scenografien er monumental og nøytral på same tid. Enorme rektangulære søyler, og svart golv med store hol i. Det er det heile. Og det er særs effektfullt. Rom og situasjonar blir i staden skapt av den utsøkte ljossettinga til Eivind Myren. I dette landskapet, som kan vere kor som helst, blir menneska små og unnselege, og problema vi balar med heilt bagatellmessige i den store samanhengen. Når Julie går i raude Converse medan ho samstundes ter seg som ein fjortenåring for femhundre år sia, syner det at tidsaspektet i denne klassiske historia er heilt irrelevant. Menneska har slitt med dei same problema til alle tider, og vil nok diverre halde fram med å gjere det. Både kostyme og scenografi er mørke og dystre, og det kviler ei dystopisk stemning over heile presentasjonen. Berre Julie er kledd i ljost, og symboliserer vel med dette ei von om noko anna. Oppsettinga er eit enormt spel på kontrastar og paradoks. Jamvel om framføringa er relativt diskret, i alle fall sett opp mot dei enorme kulissane, er det ein produksjon i ganske store bokstavar. Her blir det stundom nytta kraftige, overraskande og relativt barokke effektar, og i starten tok eg meg i å lure på om det var naudsynt. Men så måtte eg berre erkjenne at det fungerte, og at det meste var med på å bygge opp under den historia Aune ville fortelle meg.

Marit Moum Aune har i årevis samarbeidd tett med dansaren og koreografen Ingrid Lorentzen, og slik også denne gongen. Einskilde scener i Romeo og Julie er så kjende at dei er blitt ein slags lakmustest på god skodespelarkunst. I staden for å delta i ein slik konkurranse, er til dømes det første møtet mellom Romeo og Julie nydeleg koreografert i ein naiv og leiken dans der kjenslene blir langt synlegare enn ord.

Frode Sander Øien har omsett teksten til ei blanding av dialekt og bokmål som blir både moderne, naturleg, særs munnleg, og som nesten verkar som han er spesialtilpassa kvar einskild skodespelar. Likevel har han greidd det kunststykket det er å halde seg til den bundne verseforma i originalen. Omsettinga, som for meg er på grensa til gjendikting, er eit fantastisk stykke arbeid som er med å legge grunnlaget for at denne oppsettinga er blitt så tydeleg.

Romeo og Julie handlar om kjærleik, og her er mye erotikk både i tekst og spel. Han er direkte, usminka, relativt dyrisk og i hovudsak presentert av ”alle dei andre”. Som nok ein kontrast står Romeo (Hermann Sabado) og Julie (Silje Storstein) med dei naive kjenslene som kanskje vel så mye representerer forsoninga som den store og endelege kjærleiken. Der mye elles skjer i store bokstavar, er scenene med dei to langt meir smålåtne, stillfarande og diskret, og særleg deira alt omtala første møte er stor lyrisk scenekunst. Marit Moum Aune er tradisjonelt god på personinstruksjon, og slik også her. Det er eit samspela og velregissert ensemble der alle dreg i same retning. Eg må likevel få nemne Mads Bones som Mercutio, og som i stor grad er ansvarleg for den enorme framdrifta i første akt. Ingrid Bergstrøm gir oss noko så utenkeleg som ei moderne amme, og greier det! Tolkingane av Romeo og Julie er som sagt legio. Teatret er sjølv inne på foreldrebinding i programheftet. Andre kan sjå tvangsekteskap eller sosiale og etniske konfliktar. Medan det for dei fleste nok er historia om den store, men umogelege kjærleiken. For meg står den alt for kostbare forsoninga som det synlegaste denne gongen. Ho er sjølvsagt representert ved dei to unge, men også av broder Lorenzo, den milde og gode presten som ikkje går av vegen for å vere intrigant når det krevst, lågmælt, men inderleg framførd av Pål Christian Eggen.

Marit Moum Aune presenterer ein overraskande ny og vital Romeo og Julie, høgt heva over tid og rom. Å fortelle historia i retrospekt var eit godt grep, men for publikum tydeleg uvant og difor ikkje heilt uproblematisk. Når båe hovudpersonane døyr og alt er slutt, sit salen likevel og ventar på den epilogen vi fekk alt i starten. Det blei eit ørlite antiklimaks eg vil tru det er enkelt å rette på.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 6. september 2010)

One Response to “Kostbar forsoning”

  1. […] Ein overraskande ny og vital Romeo og Julie, mener Amund Grimstad i Klassekampen. […]

Leave a Reply