Med eld i hugen

TEATER

Elden
Tekst og musikk: Arnfinn Strømmevold og Bertil Reithaug
Regi: Marit Moum Aune
Koreografi: Ingrid Lorentzen
Musikalsk leiar: Petter Wiik
Lysdesign: Eivind Myren
Kostyme: Sylvia R. Denais
Med: Jon Lockert Rohde, Malin Solli, Marte Reithaug Sterud, Ole Martin Aune Nilsen, Stephen Brandt-Hansen, Hanne Skille Reitan med fleire
Slagghaugane på Røros, 2. august

Bildet:
RETRETTEN: Ein utsvelta, desillusjonert og krigstrøytt armé på veg heim. FOTO: SVEIN EGGAN

Spektakulært, underhaldande, gripande og ikkje minst imponerande om det tragiske svenske felttoget til general Armfeldts karolinarhær.

Det er midtsommars 1718, jämtane Kalle (Jon Lockert Rohde) og Ellen (Malin Solli) er sorglaust nyforelska. Men så kjem brevet frå kong Karl XII om at Kalle må i krigen. Eit tilsynelatande kjapt felttog mot Norge blir heilt annleis enn han hadde tenkt seg. Vi er på tampen av ”Den store nordiske krig” (1700-21) som starta som eit felles nordeuropeisk åtak på Sverige, men som endra seg til å bli eit storstila erobringstokt for svenskekongen Karl XII. Sommaren 1718 vil han freiste å ta Trondheim, og general Armfeldts åtak på Midt-Norge blir eitt av dei mest fatale felttoga i nordisk historie. Manglande forsyningar, naturforholda og ikkje minst vêret er større utfordringar enn den norske motstanden. Forsyningsgeneralen de la Barre (Stephen Brandt-Hansen) legg vegen om Røros der det er både hus, mat og ikkje minst verdifull koppar, og ved juletider kjem han til Bergstaden der kopparen er gøymd, skansen brend og nesten berre kvinner og barn er att. Oppi det heile får han meldinga om at Karl XII er død, han kapitulerar og saman med Armfeldt går retretten over Tydalsfjella der meir enn 3000 soldatar frys i hel. 

Med dette som bakgrunn skreiv dei to lokale forfattarane og musikarane Arnfinn Strømmevold og Bertil Reithaug for tretti år sia ein konsertversjon som fjorten år seinare blei gjort om til eit utandørs musikkspel der vi følger Kalle, dei tre soldatvennene hans, felttoget og folket på Røros. Kjærleikshistoria, dramaturgien, krigen som bakteppe og handlinga for øvrig er relativt tradisjonell og byr ikkje på så alt for mye nytt eller store overraskingar. Det spesielle er den forferdelege bakgrunnshistoria og at det blir spela på slagghaugane på Røros. Men dei siste fire åra er ”Elden” sett opp i regi av Marit Moum Aune, og med profesjonelle aktørar i bærande roller. Frå å vere eitt av mange lokale spel, er ”Elden” i Aunes regi blitt ei heilaftans teaterframsyning av dei heilt sjeldne, ei spektakulær oppleving du ikkje gløymer så fort. 

Det er ei svær historie som blir rulla opp for oss, og med mange ulike roller. Omfanget er også det største problemet med denne oppsettinga. Jamvel om temaet er det relativt enkle, naive, men heilt grunnleggande spørsmålet om kva i all verda Kalle går i krig for, er det både storpolitikk, kjærleiken mellom Kalle og Ellen, soldatlivet på godt og vondt, folket på Røros, interne motseiingar i svenskehæren og mye meir som skal presenterast og gjerast forståeleg. Marit Moum Aune har skore ned på handlinga så langt det er mogeleg, og greier akkurat så vidt å få det ned på handterleg vis, også for dei som ikkje er historisk skolert.

Scena er dei enorme slagghaugane på Røros. Eg har aldri før opplevd ei større og meir spektakulær scene, grovt rekna to hundre meter i breidde og om lag hundre meter på det djupaste. Netto sceneareal er ti mål, og nokre av aktørane må nytte sykkel bakom slagghaugane for å rekke å kome frå ein plass til den neste! I desse omgivnadane, nesten utan annan scenografi, er det over hundre skodespelarar (det verkar som det er dobbelt så mange), – det er  drillkorps, slagscener, store soldatopptrinn, generalar til hest, hestetren, folket i Bergstaden og mye meir. Marit Moum Aune har greidd å få til ei nydeleg veksling mellom det storslagne i masseopptrinna og mange meir intime scener der vi først og fremst kjem under huda på Kalle i draumane og lengten hans etter Ellen, men der Aune også maktar å skape truverdige og heile personar av ei rekke andre. For å få til denne vekslinga har Eivind Myren laga ein lysdesign som skapar rom og stemningar, ei fantastisk lyssetting som først kjem verkeleg til sin rett etter pause når mørket fell på, og som får sitt klimaks i finalen der dei mørke, livlause slagghaugane blir raudglødande.

Marit Moum Aune har gjennom åra samarbeidd mye med dansaren og koreografen Ingrid Lorentzen. Denne gongen har Lorentzen koreografert Marte Reithaug Sterud til å illustrere Ellen sine kjensler, kjærleik og lengt gjennom utsøkt, relativt enkel og litt stilisert dans. Det er blitt ei lita framsyning i framsyninga, er særs effektfullt, og syner meir enn lange monologar kva som rører seg i ho som sit att heime, med ein eld i brystet og eit barn i magen.

”Elden” er eit musikkspel med meir enn tretti songar. Strømmevold og Reithaug har bakgrunn frå rockeband, men har skrive musikk i eit spenn frå rolege, vare balladar til rockeopera med skikkeleg trøkk. Melodiane står godt til innhaldet, er særs songbare, overraskande gode, og orkester, kor og lydanlegg gjer jobben og vel så det. Endå meir overraskande er det at sjølv statistane utan unnatak er framifrå songarar.

Statistane er eit kapittel for seg. Jamvel om det er profesjonelle i leiande roller, er dette først og fremst eit kollektivt løft av dimensjonar. Personinstruksjonen er framifrå, for diksjon og spel, og ikkje minst logistikken og koreografien i masseopptrinna, er imponerande. Den som framleis snakkar litt nedsettande om spel og amatørar, bør snarast ta ein tur til Røros. Marit Moum Aune har synt at det meste er mogeleg når det er god regi og alle er motiverte og drar i same retning. I røynda er det nesten som teatersport å rekne det ho presenterer. Å instruere meir enn hundre aktørar på ei slik enorm scene med ei prøvetid på berre tolv dagar, – ja du las rett, – på tolv dagar, er rett og slett heilt rått! Når det i tillegg er blitt teater som grip deg og rører ved deg, er vel det meste sagt!

Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 4. august 2010)

Leave a Reply