Visst gjer det vondt

MUSIKAL 

Spring Awakening
Manus og songtekstar: Steven Sater
Musikk av Duncan Sheik
Omsett av Ragnar Olsen
Regi: Kjersti Haugen 
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Koreografi: Erlend Samnøen
Lysdesign: Eivind Myren
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten
Med: Silje Lundblad, Hermann Sabado, Mads Bones, Hildegunn Eggen, Hallbjørn Rønning m. fl.
Trøndelag Teater, Hovudscena.

Bildet:
DESPERASJON: I møte med dobbelmoral og vankunne blir det fort ungdommeleg desperasjon. FOTO: GT Nergaard

Puberteten har alltid vore vond, men foreldregenerasjonen treng ikkje legge stein til børa.

Alle som freistar å legge lokk på pubertet og seksuell oppvakning, vil oppleve at hormona er som løvetann om våren. Dei sprenger seg gjennom den tjukkaste asfalt. Det er meir enn hundre år sia den tyske dramatikaren Frank Wedekind skreiv ”Frühlings Erwachen”, eit etter tida særs kontroversielt og revolusjonerande stykke om dobbelmoral, prøysserdisiplin og kva for alvorlege konsekvensar det kan få. Det gjekk heile femten år før urpremieren, og seinare er stykket både blitt tatt av plakaten og forbode. Mye har skjedd sia Victoriatidas kyske seksualmoral, men ”Vårløysing”, som stykket heiter på norsk, er nok diverre framleis like aktuelt. På bakgrunn av Wedekinds tekst, skreiv Steven Sater og Duncan Sheik musikalen ”Spring Awakening”, og jamvel om det berre er fire år sia urpremieren på Broadway, har musikalen alt blitt ein megasuksess på scener over heile verda. I slutten av januar i år var det norgespremiere på Oslo Nye, og laurdag var det premiere på Trøndelag teater.

Vi er definitivt i Tyskland i 1890-åra der foreldra framleis freistar å få ungane til å tru på storken, og der skuledagen er fylt av disiplin og greske gloser. Men under overflata til  ungdomane boblar og syd det, og meir enn ein har søvnlause netter og våte draumar. Vi møter eit rikt persongalleri, men tre hovudpersonar. Melchior (Hermann Sabado) er klassens duks, men også revolusjonær og fritenkar. Gjennom faktakunnskap freistar han å slå hol på mytane som ligg som ein klam presenning over kameratane hans. Verst er det for Moritz (Mads Bones) som også har problem med å henge med på skulen. Wendla (Silje Lundblad) er ei ganske sjølvstendig og tøff jente som blir kjærast med Melchior, men som nok ikkje forstår heilt kva ho er med på. Eg skal halde meg frå å røpe kva som skjer og korleis det går, men her er nok å kjenne seg att i for den som er (eller har vore) ung, og som i tillegg har eit bankande hjerte.

Wedekind og Sater er innom både incest, mishandling, homofili, masochisme, graviditet, abort og meir til, slik at ein fort kunne tru at dette var eit pedagogisk lærestykke om seksualitet. Det er det ikkje, men tvert om særs god og tankevekkande underhaldning. Kjersti Haugen har laga ei heilstøypt framsyning med masse ungdommeleg trøkk og energi samstundes som ho har greidd å ta godt vare på dei rolege og meir lyriske scenene. Jamvel om dette er Tyskland i 1890-åra, har ho makta å skape eit truverd som eg trur vil treffe også dagens ungdom. Ragnar Olsens omsetting er særs naturleg og munnleg, og har gitt rom for at alle skodespelarane kan nytte eigen dialekt. Det gir ein ekstra autentisitet og er med på å bryte ned distansen. Scenografien til Dagny Drage Kleiva er i utgangspunktet eit stort og dystert rom i mørk eikepanel, men som ho etter kvart greier å skape om til kva det skal vere. Ved å la scena vere relativt ope og umøblert gir ho også rom for velkoreograferte opptrinn og spel i høg fart og med stor energi. Erlend Samnøens koreografi er med på å gjere oppsettinga til også å bli ei særs vakker sanseoppleving der rørsle og musikk smeltar saman til eitt.

Musikken til Duncan Sheik er relativt sviskefri, og i motsetnad til andre suksessrike musikalar, vil ein neppe gå nynnande heim. Dette er ingen kritikk for melodiane står godt til tekstane. Det sju mann store orkesteret, under særs kunnig leiing av Åsmund Flaten, gir eit utmerka lydbilde og er så avgjort med på å drive fram handlinga. Musikarane er plassert særs synleg i bakre hjørne av scena. Så lenge orkesteret ikkje tar fysisk del i handlinga, er dette eit uheldig val. Refleksar og blinking i instrument, notestativ og leselys gir eit inntrykk av rot og tar merksemda frå handlinga, særleg i situasjonar der scena er relativt mørk.

Ensemblet er samkøyrt, sceneskifta er presise, det blir spela i høgt tempo og med stor energi. Dei tre hovudpersonane leverer særs gode og truverdige rolletolkingar. Silje Lundblad er den oppegåande, men likevel lett naive som gradvis og for seint forstår kva ho har vore med på. Hermann Sabado er motoren i framsyninga og får utmerka fram den ungdommelege desperasjonen i møte med dobbelmoral og vankunne. Og Mads Bones gir oss ei gripande tolking av ein tragisk og heilt unødvendig lagnad. Hildegunn Eggen og Hallbjørn Rønning spelar fjorten ulike vaksenpersonar, og greier både å nyansere dei, og å unngå overspelet som ligg latent i nokre av rollene.

”Spring Awakening” er blitt ei heilstøypt framsyning som på framifrå vis både greier å problematisere eit aktuelt og vanskeleg tema og å gjere det til god og tankevekkande underhaldning. Og ikkje minst er det blitt ei uvanleg vakker framsyning.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 12. april 2010)

Leave a Reply