Kaldt, sårt og poetisk

DANS 

Winter – silent sleep
Company B. Valiente/Polish Dance Theatre
Koreograf: Gunhild Bjørnsgaard
Dans: Ma?gorzata Mielech og Szymon Halik
Song/dans: Silje Aker Johnsen
Musikk: Rolf-Erik Nystrøm
Teaterhuset Avant Garden, Verkstadhallen.

Bildet:
KONTRAST: Ungjenta ber bod om at vinteren ikkje er evig. FOTO: PDT

Når ulike og gode krefter møtest kan både søt og sår musikk oppstå.

Polish Dance Theatre, det største danseteatret i Polen, har gåande ein framsyningssyklus som skal illustrere dei fire årstidene. Parallelt med dette heldt den norske koreografen Gunhild Bjørnsgaard i Company B. Valiente på med ein idé om å lage ein danseproduksjon om vinteren. Kontakt og samarbeid blei oppretta, og i nesten trippel tyding kan ein seie at søt musikk oppstod. Saman med dei to særs dyktige polske dansarane Ma?gorzata Mielech og Szymon Halik har Bjørnsgaard fått med seg saksofonisten (og komponisten) Rolf-Erik Nystrøm, og Silje Aker Johnsen som er noko så sjeldan som dansar og sopran. Det er blitt eit uvanleg sårt, vakkert og poetisk møte i ein scenografi like gold som produksjonens tittel.

I ei relativt lang produksjonstid er denne framsyninga blitt til gjennom sams improvisering og prøving. Bjørnsgaard har hatt ein berande idé om å utforske vinteren, og sjølv om ikkje årstida er like tydeleg heile tida, er vi heilt klårt i eit kaldt og sårt landskap, ein kvit og nesten ikkje-eksisterande scenografi der ljoset er nærast horisontalt. I dette vinterlandet foldar Bjørnsgaard ut ei danseframsyning der musikken og den særs klagande og ordlause songen blir ein heilt integrert del av dei magiske rørslene. Vinteren er ei tid då alt døyr eller går i dvale, ei tid då kulda gjer at livet har dårlege vekstvilkår. Like mye som utforsking av vinteren, var dette for meg ei framsyning om død og sakn. Eg er ingen røynd dansetilskodar, og i tillegg til at eg manglar språk til å beskrive det eg såg, er det sikkert mye eg korkje fekk med meg eller fatta. Men eg har ikkje vanskar med å sjå kva som er vakker og poetisk scenekunst, slik dette så avgjort var.

Eg skal halde meg frå for mange tolkingar, men den relativt lågmælte dansen til dei to særs røynde polske dansarane, der dei stundom fletta seg heilt inn i kvarandre for så å vende tilbake til den kalde distansen, ga meg ei uendeleg rekke assosiasjonar om sakn og lengt og om menneskelege relasjonar. Men framsyninga hadde berre blitt ei visuell oppleving utan alt for stor djupne om det ikkje var for musikken til Rolf-Erik Nystrøm. Det er imponerande at det er mogeleg å lage så mange ulike stemningar berre med ein saksofon. Og når Nystrøm etter kvart sleppte seg laus og blei ein integrert del av framsyninga også fysisk, blei heile mannen musikk og alt smelta saman til eitt. Bildet blei komplett med den språklause songen til Silje Aker Johnsen, ein song nesten som lengtande skrik, med slektskap til stevtradisjonen, og så ekspressiv at det var uråd ikkje å kjenne frustrasjon, lengt, kulde og alt vi elles plar forbinde med vinteren. Om årstida er aldri så kald og lite livgivande, er det likevel slik at ”nytt liv av daude gror”. Kulda og avmakta blei nydeleg kontrastert av Marlène Martin-Bjørnsgaard, ei ungjente som både i si relativt uprofesjonelle framtoning og barnlege veremåte bar bod om at våren, både som årstid og i menneskesinnet, neppe er så langt unna.

”Winter – silent sleep” hadde urpremiere i Polen tidlegare i år, og norgespremiere på Avant Garden 24. april i samband med dansefestivalen MultiPliè. Gunhild Bjørnsgaard har gjennom nydeleg koreografi og særs dyktig samarbeid med komponist, musikar og songar gitt oss ei sanseleg oppleving av dei sjeldne, ei framsyning som er like sår som ho er vakker. Det er rett og slett blitt noko så paradoksalt som lyden av det stille og rørslene til det fastfrosne.

Amund Grimstad

Leave a Reply