Ulike svik

TEATER

Tyskertøs
Av Nora Evensen etter ein roman av Willy Ustad
Regi: Nora Evensen
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Musikk: Ivar Gafseth
Med: Gunhild Sundli, Mads Bones, Ingrid Bergstrøm, Øyvind Brandtzæg, Cici Henriksen, Harald Brenna m.fl.

Trøndelag Teater, Hovudscena

Bildet:
FORBODE: Vakkert og uskuldig, men særs forboden kjærleik. FOTO: GT NERGAARD

”Tyskertøs” er blitt ei oppsetting som vil så alt for mye.

Meir enn seksti år etter både krig og landssvikoppgjer, er det omsider blitt tid for nyansering av det svart/kvitt-bildet som lenge var rådande. Handsaminga av både dei såkalla tyskertøsene og lebensborna er svarte sider i etterkrigshistoria, og det tok mange år, – alt for mange år, før nokon tok tak i desse lagnadane. Då Willy Ustad i 1992 skreiv ”Tyskertøs” , første boka i den vel førti band store romansyklusen ”Fire søsken”, var han blant dei første som freista å skrive balansert om ei av dei mange jentene som forelska seg i menn i tysk teneste. Jamvel om det han då fortalde var nesten femti år gamalt, hausta han drapstrugsmål, men også ein enorm og trufast lesarskare. Seinare er temaet handsama både historisk og dokumentarisk av mange frå Kåre Olsens ”De norske krigsbarna og deres mødre” frå 1998 til denne haustens ”Tyskerjentene” av BT-journalisten Helle Aarnes. Klimaet har nå endra seg dramatisk, og når Trøndelag teater vel å dramatisere Willy Ustads roman, er det neppe lenger spesielt kontroversielt. Men det er likevel viktig og rett at teatret fortel oss om slike skuggesider ved vår nære historie.

Medan romanen til Willy Ustad går rett inn i maidagane 1945 og fortel i retrospekt kva som har skjedd frå den 15 år gamle Innherredsjenta Lea møter den 18 år gamle tyske soldaten Hermann, har Nora Evensen vald å ta til i motsett ende hausten 1943, og ta det heile kronologisk, og kanskje vel pedagogisk, fram til 1945 då heksejakt, skamklipping, og seinare internering, blei ein lite ærerik del av fredsfeiringa. Vi startar på garden Karlsbru der Lea (Gunhild Sundli) bur saman med far sin, kommunisten og enkemannen Trygve (Harald Brenna). Broren, Arnodd, som er krigsprofitør og temmeleg striput, og søstera Berit, prinsippfast motstandskvinne, har båe flytta ut, men er innom i opningsscena. Dermed er heile familien presentert, men dei blir teikna ut med alt for brei pensel, særs føreseieleg, slik at vi i resten av framsyninga stort sett kan resonnere oss fram til korleis det går. Med det missar oppsettinga den dramaturgiske nerven ho kunne ha hatt.

I Nora Evensens regi og dramatisering er historia om Lea blitt ei lang rekke tablå som kvar for seg er i stuttaste laget til å gjere oss kjend med persongalleriet og kva som gjer at kvar einskild handlar som dei gjer. For her blir det verkeleg handla. Dei alt for mange aktørane er nesten alle på ulike vis folk som skor seg økonomisk på krigen. Det gir eit særs unyansert bilde, men ettersom oppsettinga ikkje er eit dokustykke får vi bere over med det. Verre er det at dei alle, med unnatak av hora Dora (Cici Henriksen), har fått så lite å spele på at dei berre blir karikerte tinnsoldatar, og ikkje til å tru på. Rett nok er det nokre vakre scener med Lea og Hermann, men jamvel dei er for få og stutte til at vi får ei forståing av kjærleiken deira.

Det er òg litt vanskeleg å fatte kva Evensen eigentleg vil fortelle oss. Med eit persongalleri der så godt som alle sviktar, kan det vere at ho vil vise at det sviket det eventuelt er å fraternisere med fienden ved å forelske seg i ein okkupasjonssoldat, kanskje ikkje er større synd og moralsk forkasteleg enn å omsette konfiskert jødisk eigedom, drive svartebørs, vere korrupt politi, svikte som far eller selge kroppen sin. Men i tillegg til at dette blir så tydeleg at det nesten blir pinleg, tar det dramaturgiske høgdepunktet oss til eit heilt anna tema. I ei avslutningsscene, som diverre blir skusla bort, blir Arnodd rive mellom eigen flukt og banda til søstera. Dermed blir det Arnodd, og ikkje hovudpersonen Lea, som medvite må gjere eit eksistensielt val.

Ei dramatisering med så mange tablå stiller scenografen overfor store utfordringar. Milja Salovaara har gjort det einaste mogelege, og laga ein særs stilisert og nøytral scenografi, ein black box i brunt. Med det greier ho å skape rom for alle sceneskifta og tablåa, men ho skapar ikkje i same grad plassar og identitet. Det blir for stilisert, og abstraheringa for publikum kan bli i tøffaste laget. Det er òg ein kardinalsynd å legge heilt avgjerande scener under galleri slik at store delar av publikum ikkje har høve til å få del i handlinga.

”Tyskertøs” er blitt ei framsyning som vil så alt for mye utan å femne det essensielle. Skuggesidene frå krigen og rettsoppgjeret hadde nok fortent ei betre dramatisering enn denne.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 9. november 2009)

Leave a Reply