Mot gamle høgder

REVY

Skabaré
Av: Forfattarkollegiet
Regi: Per-Jørgen Olsen og Fredrik B. Abrahamsen
Koreografi: Signe A. Domogalla
Scenografi: Kikki Stokstad Haug og Berge Schwebs Bjørlo
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 09, Studentersamfundet i Trondhjem, Storsalen

Bildet:
KOREOGRAFI: Jamvel klovnehumor kan bli god underhaldning når han er velkoreografert. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

Ein særs velpresentert revy som hevar nivået mot gamle høgder jamvel om tekstgrunnlaget er litt ujamt.

Studentersamfundet i Trondhjem har for eit utal Trondheimsstudentar blitt den andre heimen deira. Det er hjartet i og generatoren for dei mange studentsosiale aktivitetane Trondheim er kjend for, og som gjer stiftsstaden til ein særs god by å studere i. Sia 1929 har studentane halde til i eige hus, – det raude, runde huset ved Elgeseter bru. Men det kostar å drifte hus, politiske møte, konsertar, festar og andre arrangement. Annakvart år frå 1917 har difor studentane sett byen på hovudet og arrangert UKE for å finansiere huset sitt. Opphavleg var det berre revy, fest og ikkje så reint lite ablegøyer, men etter kvart har UKA vakse til å bli landets største kulturfestival, dryge tre veker lang, bore fram av meir enn 1400 frivillige, og med eit innhald som rommar alt frå konferansar, konsertar og teater til ikkje så reint lite fyll og fest. Motoren i det heile er framleis revyen. Frå starten i 1917 har UKE-revyen i Trondheim levert eit utal evergreens til vår felles songskatt, og jamvel om dette i hovudsak er laga av amatørar, er det alltid knytt store forventingar til UKA. Laurdag, nesten på dagen 80 år etter at studentane tok i bruk sitt eige hus, var det bypremiere på ”Skabaré”, og la det med ein gong vere sagt, – denne revyen er med på å heve nivået mot gamle høgder.

Dei siste revyane har hatt ein tendens til å bli vel sjølvsentrerte og lite opptekne av verda utanfor studiestaden. Ikkje heilt slik denne gongen. Allereie namnet ”Skabaré” indikerar kva vi har i vente. Det knyter seg mye tradisjon til val av UKE-namn. Det skal helst ha tre stavingar og minst dobbel tyding, – gjerne fleire. Årets namn er både innafor tradisjonen, og særs dekkande for innhaldet i revyen. Alt i opningsnummeret blir vi presentert for alt som er vondt og leit i verda og som den unge generasjonen skal gjere noko med: ”Når vi tar over makta så skal sult og kriger vekk. Vi er ondskapens skrekk, vi skal bare…” Her er med andre ord både samfunnsengasjement og sjølvironi. Og når finalen tek opp att same mantra, men med tydelege musikalske spor frå ”Cabaret”, ser vi det sjølvkritiske i skråblikket på dekadansen i eit samfunn der vi går til helvete på første klasse. Ringen er slutta, og innafor den får vi presentert eit utal sketsjar og revyviser utan annan rød tråd enn lysta til å underhalde. Og det gjer revyen så absolutt.

Av dei atten UKE-revyane eg har sett, kan eg ikkje hugse ei betre sceneløysing enn denne. Det er ein scenografi som utnyttar den relativt vesle scena nesten genialt, og som ved spektakulære lyseffektar greier å ta i bruk heile salen. Dei utallege skifta går forbausande saumlaust, og eg er sjølv svak for små detaljar som å bruke ein songsnutt av Bonnie Tyler for å gjere også sceneskifta til del av revyen. Regi, koreografi, musikk, lys og lydeffektar drar alle i same retning, og er uvanleg samstemte. Koreograf Signe A. Domogalla har gjort ein imponerande innsats med dei mange ganske spektakulære dansenumra som både er integrert i sketsjar og songnummer, men som også står trygt på eigne bein. Revyen hyrar ofte inn profesjonell instruktør utanfrå. Det kan vere eit tviegga sverd ettersom det er mange interne kodar ein skal kjenne. Denne gongen er regien henta frå eigne rekker (Perry Olsen og Fredrik B. Abrahamsen). Det har vore eit særs godt val. Framføringa til det vesle ensemblet var imponerande både med omsyn til spel, song og dans, – alt presentert med mye energi og i høgt tempo. Eit framifrå og godt synleg orkester var også avgjerande for å sy det heile saman.

UKE-revyen er full av tradisjonar, og skal mellom anna innehalde ei drikkevise og ei Trondheimsvise. Byvisa denne gongen var ein litt nostalgisk reise til tysk åttitalspop og blir neppe nokon evergreen. Men drikkevisa var eit artig skråblikk på pandemiar og hysteri jamvel om heller ikkje ho vil bli allsong og få eit liv etter dette. Forfattarkollegiet har stort sett kome brukbart frå tekstane sjølv om mye diverre er uforløyst og det framleis er rom for meir politisk satire. Kollegiet slit også litt med å kome seg ut av det anale og seinpubertale der poenga fort kan bli noko plumpe. Av dei absolutt mest vellukka numra, var ei vise om den sjarmerande utanriksministeren, ein crazykomisk sak om Jesus, eit innslag der jamvel hovudsponsoren for UKA fekk passet sitt påskrive og ein harselas med sportsjournalistikken. Sams for desse var at dei hadde gode innhald samstundes med at dei bygde seg opp mot ein skikkeleg punchline. Og høgdepunktet for meg var ein hysterisk morosam homsevri på Harry Potter der det endelege poenget var både intelligent og uventa.

Trass i at alt ikkje er like artig, er ”Skabaré” blitt ein særs velspela, spektakulært presentert og underhaldande revy i slekt med mange av dei beste revytradisjonane i UKA.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 5. oktober 2009)

Leave a Reply