Av klede er du kome

DANS

Gress
Av og med: Mari Flønes og Luis Della Mea
Lys: Teaterhuset Avant Garden
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:
VAMP: Mari Flønes som vamp i playback med Desireless. FOTO: BENTE SKILLE

Ein liten dansehumoreske som tar deg med på ei reise i eit overflodssamfunn der grensa mellom klede og søppel er flytande.

I ein scenografi som til forveksling kan likne innhaldet i ein Fretex-container, dukkar det etter kvart opp to leikne dansarar, Mari Flønes og Luis Della Mea, i starten berre ikledd svart boksar og topp. I ein særs humoristisk opningsdans, berre akkompagnert av puste- og stønnelydar, utforskar og leikar dei seg med kvarandre før dei etter kvart tar for seg av scenografien, ikler seg ulike klede og uttrykk, og blir med det også andre personar og personlegdommar. Dei syner oss kva klede gjer med oss med omsyn til utsjånad, men kanskje vel så mye med tanke på kjensler, identitet og uniformering. Og med det siste også kva det gjer med haldningane våre som publikum. Frå den maskuline matadoren til ein vamp i playback med den nesten androgyne Desireless (Voyage voyage), får vi presentert særs ulike utsjånader, uttrykksmåtar og stereotypiar, og får sjølvsagt også utfordra våre eigne fordommar. Vi oppdagar raskt at det var mye lettare å forhalde seg til dansen så lenge kleda var nøytrale og knapt synlege.

I ein scenografi som er eit særs tydeleg uttrykk for overflodssamfunnet, og der det ikkje er godt å seie kva som er søppel og kva som er klede, har Flønes og Della Mea lagd ei satirisk og leiken danseoppsetting som stiller spørsmål ved vestleg forbrukskultur, men også ved mye anna. Dei to har sjølve ansvaret for tekst, musikk, koreografi, regi og framføring. Einskilde av sceneskifta blir litt langdryge, men i hovudsak er dette blitt ei visuell og humoristisk framsyning som neppe burde by på store tolkingsproblem sjølv for eit urøynd dansepublikum. Personleg likte eg særs godt finalen som både tok opp att tråden frå opninga og dermed slutta sirkelen, og samstundes gav ei leiken nyskriving av livssyklusen; – Av klede er du kome, til klede skal du bli!

Amund Grimstad
(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 24. oktober 2009)

PS.
Etter at denne meldinga stod på trykk har eg fått vite at det var slett ikkje playback, men tvert om Mari Flønes som sjølv song Voyage Voyage. Eg var overtydd om at det var playback, og må nå vedgå at eg blei lurt, og at eg er mektig imponert!
DS

Leave a Reply