Logikkens fallitt?

TEATER

Wittgenstein & the Soprano
Av Charles Boer og Jonathan Hart Makwaia
Regi: Rosemary Quinn og Ian Magilton
Roy Hart Theatre i samarbeid med Magna Vox productions og Teaterhuset Avant Garden.
Med: Ian Magilton, Jonathan Hart Makwaia og Inki Storleer
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Ein upretensiøs humoreske for dei som er glade i teater, filosofi, musikk og logikk.

Monty Python gjorde i si tid filosofien til folkeforlysting og rein underhaldning med sin legendariske fotballkamp mellom dei tyske og dei greske filosofane. For fire år sia produserte den belgiske teatergruppa De Onderneming ei lågmælt og samstundes særs humoristisk oppsetting om forholdet mellom Hannah Arendt og Martin Heidegger. Og nå er det Ludwig Wittgensteins tur i eit samarbeid mellom britisk-franske Roy Hart Theatre og Trondheimskompaniet Magna Vox productions. Onsdag var det urpremiere på den humoristiske minioperaen Wittgenstein & the Soprano på Teaterhuset Avant Garden i Trondheim. Det er blitt ei artig lita oppsetting som, tilliks med Monty Python og De Onderneming, syner at filosofane og tankane deira er langt meir tilgjengelege enn det ein kunne tru.

I fire tablå møter vi den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein i ulike fasar av hans kontrastfylde og mangefasetterte liv; den unge, den framleis unge, den gamle og den endelege! Wittgenstein kom frå ein særs velståande familie i Wien, vaks opp i sezessionstida då keisardømet var på sitt største, deltok i første verdskrigen jamvel om han innerst inne heldt med England, opplevde at heimlandet blei omdanna frå verdas navle til ein liten alperepublikk, sa frå seg rikdomen, blei eremitt i Norge og professor i Cambridge, og skreiv filosofiske verk i opposisjon til seg sjølv. (!) Dette er ein uautorisert og særs tabloid framstilling av mannen, men kan høve som ein grei introduksjon til den upretensiøse oppsettinga som i ei blanding av respekt og respektløyse presenterer ulike sider ved livet og virket hans i ei musikalsk innpakking.

Ian Magilton framstiller Wittgenstein relativt historisk korrekt, og blir akkompagnert av Jonathan Hart Makwaia som er Bertrand Russell. Også han på nokolunde trygg historisk grunn. Dei to leikar seg med språklege labyrintar, med referanse særleg til Wittgensteins første filosofiske verk, tenkt og delvis skrive i skyttargravene under verdskrigen, og gitt det pompøse og nesten komiske namnet ”Tractatus Logico Philosophicus”. Medan dei to filosofane driv sin intellektuelle filosofisk-språklege leik, dukkar plutseleg sopranen (Inki Storleer) opp. Som ein Eliza Doolittle er ho enkel der dei to er tilsynelatande kompliserte. Og i samtalane med henne får vi presentert sosiale og språklege kontrastar, først og fremst gjennom dei ulike tydingane av det engelske ordet ”proposition”. Det kan tyde alt frå filosofiske og vitskaplege postulat til det enklare og meir likeframme frieri. Slikt blir det fort komikk av. Gjennom intrikate språklege krumspring, og humoristiske songar, alt til ikonisert og lett attkjenneleg musikk frå Elgar til Grieg, tar det vesle ensemblet oss med på ei reise gjennom logikk, musikk, filosofi og litt hobbyfiske. Eller sagt på ein annan måte; – gjennom det kontrastfylde livet til Ludwig Wittgenstein.

Nesten strippa for scenografi og langt frå fysisk teater får vi presentert ei tekstrik framsyning. Ho er humoristisk, leiken, sjølvironisk og velspela, kanskje utan dei heilt store dramaturgiske høgdepunkta, men likevel ei oppsetting til å bli glad i. Klokare blir ein kanskje ikkje, om det då ikkje ligg eit hav av visdom i epilogen til ”den endelege Wittgenstein”; Nå kan eg alle spørsmåla, men eg veit ikkje svara!

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 18. mai 2009)

Leave a Reply