Sanninga om kvinna?

TEATER/DANS

Norma Jeane
Av Helle Siljeholm, Sara Christophersen, Mari Meen Halsøy og Mari Sømme Hammer
Framført av Helle Siljeholm og Sara Christophersen
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:

I RETTE ELEMENT: Meredith og den vakre dansaren Sara i eit miljø som høver seg for vellukka kvinner. FOTO: MARI MEEN HALSØY
 
Ei utforskande, leikande, særs humoristisk og litt sjangeroverskridande oppsetting.

Fire kvinner med ganske ulik bakgrunn har sett seg føre å presentere sanninga om kvinna. Eller kanskje rettare sagt nokre sanningar om kvinnerolla. To av dei er utdanna i dans og koreografi, den tredje er biletkunstnar og den fjerde sosiolog. Resultatet er blitt ei kombinert teater- og danseframsyning, og tysdag var det urpremiere på Teaterhuset Avant Garden. Det er blitt ein leiken og humoristisk produksjon som neppe pretenderer å fortelle ei fullstendig historie om kvinna, men som med eit særs skrått blikk på kvinnerolla, eller ”the fucking contemporary Cinderella” som dei òg kallar ho, likevel greier å seie ein god del vesentleg.

Av tittelen på framsyninga er det meir enn tydeleg at det er Marilyn Monroe som dannar bakteppet. Hennar historie er i seg sjølv ei synleggjering av kveldens tema, og jamvel om vi berre sporadisk sveipar innom ikonet sjølv, er det ikkje vanskeleg å sjå og dikte inn parallellar frå livet hennar i dette. Framsyninga blir dessutan delvis følgt av projisert tekst, og mye av den er henta frå boka Gloria Steinem skreiv om Marilyn for drygt tjue år sia. Men denne produksjonen er atskillig meir enn berre nok ein hommage til Marilyn Monroe, og står så avgjort på eigne bein.

Meredith (Helle Siljeholm) er ei tilsynelatande verdsvand, monden og tidvis politisk korrekt kvinne som på eit ubetaleleg engelsk fortel, instruerar og guidar oss gjennom framsyninga. Ho er ufrivillig komisk, særs sjarmerande og flørtar hemningslaust med publikum. Hennar prosjekt er å dele røynslene sine gjennom den vakre dansaren Sara (Sara Christophersen) som er ein slags dansens svar på Bo Derek; – den ideelle kvinna! Meredith fortel og instruerer, og Sara visualiserar. Framføringa er sjølvironisk, litt sjølvhøgtideleg i forma, men med stadige formbrot. Den spesielle humoren som gjennomsyrer framsyninga ligg særleg i kontrastane mellom det pompøse og det nesten vulgære.

Tilsynelatande er dette ei relativt upretensiøs og leiken oppsetting, og som eit humoristisk skråblikk på kvinnerolla er ho meir enn vellukka. Men eg trur dei fire bak produksjonen har høgare ambisjonar enn berre å underhalde. I bruken av projisert tekst anar eg at det er sosiologen og biletkunstnaren som freistar å seie noko. Det er ikkje like vellukka, og fell litt mellom to stolar ettersom teksten på eine sida tidvis blir for tydeleg og pedagogisk, og på andre sida litt uforløyst.

Avslutninga blir ei dramaturgisk overrasking. På eitt eller anna tidspunkt raknar draumebildet av den ideelle kvinna, og det meste tar til å gå i oppløysing. Dette vel ensemblet å visualisere gjennom dans, og brotet med den humoristiske fortellinga blir med det total. Vi får med eitt ei heilt anna historie, og kanskje er det røyndomen som har innhenta oss?
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 12. mars 2009.)

One Response to “Sanninga om kvinna?”

  1. […] tre år sia hadde dansekunstnarduoen Siljeholm/Christophersen urpremiere på framsyninga ”Norma Jeane” på Teaterhuset Avant Garden. Den gongen var det med eit litt sjangeroverskridande og […]

Leave a Reply