Når jus er showbiz

TEATER

Chicago
Av Fred Ebb og Bob Fosse
Musikk: John Kander
Omsett av Svein Selvig
Regi og koreografi: Tomas Adrian Glans
Scenografi: Even Børsum
Kapellmeister/orkesterarrangement: Åsmund Flaten Kostyme: Anette Werenskiold
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Evelyn Jons, Silje Lundblad, Pål Christian Eggen, Mads Bones, Helle Ottesen m. fl.
Trøndelag teater, Hovudscena

Bildet:
SPEKTAKULÆRT: Teknisk nærast perfekt når Velma Kelly (Evelyn Jons) og songsterke dansarar dreg i gong opningsscena All that Jazz. FOTO: GT NERGAARD

Teknisk briljant, men tidvis overspela og litt masete framført.

Trøndelag teater har dei siste åra hatt store ambisjonar om å bli ei av landets leiande musikalscener. Og ikkje utan grunn. Megasuksessen Les Miserables for tre år sia går det framleis gjetord om, og oppsettinga av Cabaret i fjor stod heller ikkje mye attende. Denne sesongen er det Chicago som skal fylle stolradane i Prinsens gate. Det vil han sikkert gjere, men eg må vedgå at han har ikkje heilt same format som dei to føregåande.

Chicago bør vere kjend for publikum frå den stjernespekka og Oscarvinnande filmen frå 2002. Mange har sikkert òg fått med seg musikalen anten på Broadway eller i London. Vi er altså i lovløysas og tjuetalets Chicago der det enklaste er pistol, der livet ikkje er mye verd, der dobbeltmoralen har høgsesong med fråhald og religion som fremste dygder, medan røyndomen er heilt motsett. Historia er ganske tunn, og sjølv om ho er basert på ei verkeleg hending, er ho nok eigentleg berre eit påskot for å lage show. Roxie Hart (Silje Lundblad), i utgangspunktet nærast eit gudsord frå landet, drep elskaren sin og hamnar i eit gjennomkorrupt kvinnefengsel leia av den ganske ryggelause Mama Morton (Helle Ottesen). Der sit også artisten Velma Kelly (Evelyn Jons). Prognosane for mordariske kvinnfolk er henging, men i Chicago er alt til sals, og stjerneadvokaten Billy Flynn (Pål Christian Eggen) er ein ekspert på å regissere rettssaker så dei blir reine sirkus. Rettferda er ei salsvare, og jusen er showbiz. Det blir sjølvsagt også ei rivalisering mellom Velma og Roxie, og i eit enormt tempo får vi presentert drap, fengsel, intrigar, farseaktig rettssak og you name it, alt til akkompagnement av forrykande danseopptrinn og framifrå songnummer. Det heile blir kontrastert av Roxies naive og forsmådde ektemann, Amos Hart (Mads Bones), den einaste med menneskelege trekk i denne settinga.

Med Orderudsaka og kjendisadvokatar med meir enn open tilgang til media som bakteppe, for ikkje å snakke om rettssaka mot O. J. Simpson, er det nok av attkjennelege element i denne historia. Men Chicago er altså ikkje først og fremst eit kritisk oppgjer med kjendiseriet, tvert om vegeterer framsyninga på nettopp slike overflatefenomen. Det er eit premiss ein berre må godta, for dette er underhaldning og ikkje noko anna. Og det er greitt nok, – om det er godt nok.

Tomas Adrian Glans har ansvar for både koreografi og regi. Dansenumra er framifrå gjennomført, teknisk briljante, og dei syngande dansarane er tydeleg plukka på øvste hylle. Ved sia av flott koreografi og spektakulær dans, er dei også særs dyktige songarar. Åsmund Flaten har ansvaret for orkesterarrangement i tillegg til at han er kapellmeister. Som om ikkje dette var nok, går han òg inn i rolla som herold og grip stadig inn i handlinga. Dei musikalske arrangementa er gode, og det er skikkeleg trøkk i det ni mann store orkesteret. Teatret har eit lite problem med at musikken tidvis blir så sterk at ein ikkje høyrer det som blir sagt og sunge, men dette er tekniske detaljar eg vil tru det er lett å justere. Even Børsum har laga ein scenografi som står godt til framsyninga, og som på fleksibelt vis gir rom for raske og saumlause sceneskift. Særleg heldig er han med bruken av speil som gjer den allereie store scena tre gonger så brei. Chicago er ein musikal, og når songnumra også sit akkurat som dei skal, og ensemblet er på meir enn trygg grunn songleg, så skulle vel alt vere vel?

Framsyninga er tematisk ein musikalsk harselas med tjueåras dekadanse og dobbelmoral. Ikkje eit særs kritisk og undersøkande blikk, men ein parodiering. Dette har nok også vore regissør Tomas Adrian Glans sitt utgangspunkt. Men parodi kan vere ein risikosport, og faren for overspel ligg snublande nær. Den særs farseaktige rettssaka der forsvararen set i scene og skapar ein tiltalt som ikkje finst, men som han altså kan selge inn til juryen, er døme på ein situasjon som toler å bli tatt heilt ut i det absurde, burleske og fullstendig parodiske. Denne scena er glitrande framført av Silje Lundblad og Pål Christian Eggen. Men for å skape truverd, bør scena stå i kontrast til resten, og ikkje bli berre eitt av mange overlessa og overspela tablå. Særleg første akt blei diverre masete. Vi fekk aldri tid og rom til å dvele og ta inn over oss inntrykka. Dei to rivaliserande kvinnene Velma og Roxie, fengselsstyraren og ikkje minst advokaten er alle særs fargerike personar som er så spesielle at dei godt kan stå på eigne bein utan all mogeleg ekstra staffasje. Evelyn Jons greier nok å syne oss den infame, fandenivaldske Velma, og opningsnummeret hennar med All that Jazz sit som støypt. Men når Glans har vald å satse på overspel, blir dei berande rollene fort pappfigurar og ikkje heile menneske. Det blir lite att til fantasien, og det meste er ferdig togge. Dette blir særs synleg i kontrasten med stykkets antihelt, den forsmådde ektemannen. I eit samfunn der alle ropar, er det den som kviskrar som blir høyrd. Mads Bones er rett nok den einaste med ei menneskeleg rolle i denne oppsettinga, men han er også i stand til å underspele. I ei roleg, neppe den beste songlege, men likevel intens framføring av Mr. Cellophane gir han oss ei gripande og truverdig innføring i korleis det er å leve usynleg i ein parentes. Denne scena hadde ein dimensjon resten av framsyninga mangla.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 23. mars 2009)

Leave a Reply