Marius og Kaktus

TEATER

Karius og Baktus
Av Thorbjørn Egner
Musikk: Christian Hartmann
Regi: Rita Abrahamsen
Scenografi og kostyme: Einar Dahl
Med: Hermann Sabado, Kristofer Hivju og Jan Frostad
Trøndelag teater, Gamle scene

Bildet:
HEILT UT: Hermann Sabado og Kristofer Hivju dreg det tidvis heilt ut i ei framsyning full av absurd humor og surrealistiske gags. FOTO: VEGARD EGGEN
 
Ei litt surrealistisk og absurd oppsetting som nesten sprengde dei tronge rammene som gjeld for arven etter Egner.

For ei veke sia gjesta Gob Squad Trondheim med ei oppsetting der dei utforska autentisiteten som fenomen då dei freista å lage ein førti år gamal film på nytt. Kva er ekte, og kva er kopi? Og kan kopien bli ekte? Røynslene frå denne oppsettinga sat friskt i minne då eg fredag såg premiera på Karius og Baktus på Trøndelag teater. Eg må vedgå at eg grudde meg ein smule, for dei som sit på rettane etter Egner er om lag like lite fleksible som musikaleigarane i London. Uakta kva som har skjedd elles dei siste femti åra, skal alt vere slik geniet laga det, både med omsyn til plakat, scenografi og regi. Då blir det fort som å sjå att ein film du har sett før, og ettersom Ivo Caprino for lengst har gjort dei to tanntrolla udøydelege på lerret, kan ei teateroppleving fort få form av ei sjekkliste der ein sit og kryssar av ettersom alt det kjende kjem, og i rett rekkefølge.

Thorbjørn Egner hadde neppe meir enn to intensjonar då han i si tid skreiv den vesle fortellinga, nemleg å underhalde, og å drive folkeopplysing med omsyn til tannhygiene. Og slik har alle dei oppsettingane eg har sett av Karius og Baktus vore. Men så syner det seg at Rita Abrahamsen tydeleg har hatt litt høgare ambisjonar enn som så. Innafor dei særs tronge rammene som er gitt, har ho greidd å lage ein burlesk, artig og tidvis litt absurd framsyning som gir minst like mye til dei vaksne i salen som til småttisane. Det er for så vidt eit kjend fenomen at kunstnarar i land der sensuren er særs sterk, likevel ofte greier å skape stor kunst innafor det gitte lovverket. Eller dei sprenger rammene på ein så subtil måte at sensuren ikkje greier å ta dei. Om dette skuldast at eit strengt regime utfordrar kreativiteten på ein måte som gjer at du MÅ skjerpe deg for å få til noko meir enn berre keisame kopiar, skal eg ikkje påstå, men det kan vere ei årsak.

Denne oppsettinga følger malen til Egner i det aller meste. Scenografi og kostyme er akkurat som i boka, og jamvel dei litt spesielle stemmene er som vi kjenner dei, men akkurat dét skal denne gongen ha vore skodespelarane sine eigne val. Det er heller ikkje mye herjing med teksten, men nokre regigrep er gjort og dei fungerar i hovudsak særs vellukka. Rita Abrahamsen har vald å la Jan Frostad vere ein fortellar som på eit litt overspela, distré vis innannonserer dei fire aktene. I opninga fungerar det særs bra når han kjem inn og fortel det ganske unge publikummet at nå skal vi få sjå Marius og Kaktus. Dét vil ikkje salen gå med på, – svaret kjem kontant og temmeleg høgrøysta, og dermed har vi fått i gong det interaktive. Men etter opninga blir heroldfunksjonen til Frostad meir ei tvangstrøye. Han får for lite å spele på, og det litt hjelpelause ved figuren blir ikkje morosamt i lengda. Men dei to små karane i tennene er i sitt ess heilt til dei blir skylda på sjøen, – og vel så det. Hermann Sabado (Karius) og Kristofer Hivju (Baktus) ser ut til å kose seg i rollene, og dreg dei tidvis heilt ut – og litt til – i surrealistiske gags og absurde påhitt. Eg skal ikkje påstå at regissør og skodespelarar ironiserer medvite med Egner, men i måten dei turnerte teksten, og i alle dei handlingane som ikkje blei verbalisert, fann eg ofte ein både ironisk og kritisk distanse til opphavsmannen. Det var elegant, og i tillegg særs underhaldande. Og i finalen greier også scenografen å rive seg laus frå tvangstrøya og serverer oss ein liten scenografisk konfekt, full av humor og varme. Denne oppsettinga av Karius og Baktus gjorde difor dei fleste av mine fordommar til skamme, og godt var det!

Amund Grimstad

Leave a Reply