Fuglar i fritt fall.

PERFORMANCE

Migrating Birds
Av Ane Lan
Regi: Ane Lan
Framført av Rikke Lundgreen, Siv Bugge Vatne, Ingrid Lindberg og Ane Lan
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet:
NAIVISTISK: Uttrykkslaust og i monoton falsett syng Ane Lan om dei mobilskadde fuglane. FOTO: SIV BUGGE VATNE

Kan naivismen bli for naiv?

Naivisme er ei kunstretning der ein nyttar enkle og barnlege grep og uttrykk. Men som oftast gjer ein det for å presentere ein undertekst eller dobbel tyding for gjennom dette å få fram det ein har på hjartet. Om presentasjonen blir så naivistisk at han grensar mot det pinlege, kan sjølvsagt det òg vere meininga. Men då blir grensene for om dette er vellukka eller ikkje særs flytande. Det er fort gjort at det heile tippar over til å bli det som det skulle parodiere, illustrere eller kritisere. Det får vere ein litt omstendelege introduksjon til mi melding av Migrating Birds av kunstnarpseudonymet Ane Lan (Eivind Reierstad). Dette er ein særs stutt produksjon på berre ein snau halvtime der temaet er at den aukande mobilbruken og strålinga frå han forstyrrar trekkfuglane og gjer at dei ikkje lenger finn fram. Dette blir presentert ved at Ane Lan, ståande nesten som ei saltstøtte, framfører monoton og repeterande falsettsong med meir enn naivistisk tekst som korkje er egna til å overtyde eller røre nokon. Ho/han blir akkompagnert av tre kvinner som er like stoiske og uttrykkslause. Det heile blir framført så hjelpelaust at ein som publikum vrir seg i stolen og kjenner det pinlege ubehaget på vegner av dei fire på scena.

Slik skal det faktisk vere, og presentasjonen og forma er medvitne val. Det er stivt, ubehjelpeleg og altså pinleg dårleg. Eit ørlite opptrinn greier å dra det heile ut av den stramme ramma når ein mobil ringer, ein av aktørane tar han og pratar lågmælt så vi knapt kan høyre kva som blir sagt. Men vi får med oss at ho seier ho ikkje kan prate av di ho held på med noko. Publikum kjenner seg att, ler og slappar av, før vi blir dregne inn att i den pinlege tvangstrøya vi sit i. Finalen er ein komplett antifinale, og publikum blir fullstendig i villreie.

Alt dette skal altså vere slik, og framsyninga er vel i seg sjølv ein litt provoserande utfordring av publikum. Slik gjer Ane Lan seg uangripeleg for kritikk. Det skal jo vere slik! Men personleg har eg vanskar med å fatte at medviten dårleg og hjelpelaus presentasjon, utan at han blir betre kontekstualisert eller problematisert, skal vere godt nok. Ikkje fann eg det særleg underhaldande, ikkje sa det meg noko, ikkje fekk eg mye å tenke på, og eg blei langt frå provosert. Kva blir det att då?
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 24. mars 2009)

Leave a Reply