Ein tunn vegg av tid

TEATER

Jeg er vinden i trærne
Av Jesper Halle
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Lysdesign: Morten Reinan
Med: Trond-Ove Skrødal, Marianne Meløy, Børge Bruteig, Ingrid Bergstrøm, Ola G. Furuseth, Ane Skumsvoll, Hans Petter Nilsen og Wenche Strømdahl.
Trøndelag teater, Studioscena

Bildet:
TEARS IN HEAVEN: Eit vart, vakkert og sårt samspel mellom far (Trond-Ove Skrødal) og son (Børge Bruteig). FOTO: MARIT ANNA EVANGER

Ei oppsetting som stiller viktige og vonde spørsmål ved menneska sin jakt etter lukke og sjølvrealisering.

Verdslitteraturen er full av historier om å lytte til dine inste kjensler, om å følge kjærleiken omtrent same kva, og om den store sjølvrealiseringa ved å lite på magekjensla di. På Studioscena på Trøndelag teater fortel Jesper Halle oss ei heilt anna historie, – om svik og om forgjengelege liv. Ho er sart, skjør, truleg meir sann enn det meste vi elles får presentert, og kanskje er det nettopp difor ho gjer så vondt. For hundre år etter Strindberg er det diverre framleis ”synd om människorna” .

Jeg er vinden i trærne er ei retrospektiv framsyning, litt surrealistisk i forma, og i starten ikkje heilt grei å kome inn i. Vi møter Andreas (Trond-Ove Skrødal) midt i livet, på eit torp der han har tilbrakt mang ei stund, og der minna er mange, – særs mange. Både livet og folk han har stått nær passerer revy i ei saumlaus hopping fram og attende i tid. I byrjinga er det litt krevjande å følge med i alle skifta, og mye blir hengande att usagt slik at ein fort kan bli redd for ikkje å forstå alt. Men det er truleg eit medvite regigrep, for når Halle og regissør Jon Tombre etter kvart tar til å avdekke lag for lag, fell brikkene på plass. Dei fleste, men ikkje alle. For her er framleis mye usagt, mye undertekst, og haugevis av næring for ettertanken.

Livet til Andreas har vore fullt av svik. Ikkje for økonomisk vinning, men for den kortvarige og heftige lukka der og då. Han har følgt sine drifter og kjensler, og svike både si første kone Monica (Marianne Meløy), og sonen deira (Børge Bruteig). Nå er han forlate også av si andre kone (Ingrid Bergstrøm), og han står relativt naken attende. ”Kva vann du?” spør Monica inkvisitorisk. Her er ingen gud som gjer opp rekneskap, den må han sjølv stå for, og resultatet er ikkje vakkert. I ei verd der alt er forgjengeleg står inkje att. Det er evige tema Halle tar opp, men i eit språk og med bilde som er så alt for lett å kjenne seg att i. Seriemonogamiet, kjensler framfor ansvar, seg sjølv framfor barna og eit utal andre lite flatterande kjenneteikn ved menneska. Så er vel Halle berre nok ein nymoralist som held opp gamle dygder mot menneskeleg forfall og umoral? Om så var, hadde dette vore lett å avfeie. Men ”Jeg er vinden i trærne” er ikkje moralistisk i negativ tyding. Halle og Tombre reiser eit utal spørsmål vi som menneske bør ha plikt til å stille oss sjølve om vi ikkje skal framstå som viljelause dyr. Det er gjort intelligent, og det gjer vondt slik det skal gjere.

I den scenografiske løysinga til Milja Salovaara blir handlinga spela ut på ei plattform dekorert med negativ av feriebilde (negative minne?), og med fire forheng som brått og dramatisk skapar rom og stengsel. I minimalismen til Salovaara er det tekst og handling det dreiar seg om. I Jon Tombres regi er mye av spelet litt teatralsk, og ofte repeterande. At replikkane tidvis går i loop som eit hakk i plata, gir ein fin effekt som understrekar både det som blir sagt, og at historia ikkje er ein endelaus lineær straum, men ofte kan gå i sirklar. Ensemblet er uvanleg godt samkøyrd og leverer eit presist og tett kammerspel som er særs truverdig. Trond-Ove Skrødal gir oss ei sterk rolletolking av ein undrande om ikkje angrande Andreas. I samspelet både med dei to konene, og særleg med sonen Kristian (Børge Bruteig) blir det levert mye menneskeleg innsikt. Jesper Halles tekst er intelligent, særs gjenkjenneleg, og syner oss menneske som i jakta på den kortvarige lukka ofte gløymer dei verkelege verdiane i livet. Vi lev bak ein tunn vegg av tid, livet er forgjengeleg, og snart er det ikkje anna att enn vinden i trea. Finalen er eit nydeleg bilde på den urealiserte, vesle lysande draumen som står att til slutt. Jeg er vinden i trærne er ei oppsetting som gjer noko med deg, som stiller vesentlege spørsmål, og som sit i deg lenge etter teppefall.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 6. februar 2009.)

Leave a Reply