Gi barna ei saks!

PERFORMANCE

Haircuts by Children
Av Mammalian Diving Reflex
Med skuleelevar frå Lilleby Skule
Teaterhuset Avant Garden og H2 frisørsalong, Trondheim

Bildet: MAKT: Det er stor makt i handtering av ei saks. FOTO: AMUND GRIMSTAD
 
Gi ungane makt, – og sjå kva som skjer!

I ein frisørsalong i Trondheim fekk vaksne gratis hårklipp av 10-12 år gamle ungar frå Lilleby Skule sist laurdag. Tiltaket er ikkje nokon forsinka operasjon dagsverk, men tvert om eit kunstprosjekt av det kanadiske teaterkompaniet ”Mammalian Diving Reflex”. Gruppa har reist verda rundt med denne produksjonen, og nå er turen komen til Norge.

Kompaniet ”Mammalian Diving Reflex” blei starta i Toronto i 1993, og har arbeidd med sjangeroverskridande oppsettingar der dei både ønsker å utvide teateromgrepet og å lage produksjonar som erkjenner og inkluderer publikum. Sjølve kallar dei det dei held på med for sosial akupunktur, og prosjekta er både interaktive og i høgste grad politiske. Dei ønsker å få folk saman i uvanlege settingar for å skape nye sosiale situasjonar og sjå kva som då skjer. Det gjer dei mellom anna gjennom produksjonen ”Haircuts by Children” som etter kvart har turnert over store delar av verda. Han er akkurat det som namnet seier; – ungar som klipper hår. Det syner seg at vaksne er meir villige til å gi ungar og ungdom røysterett, enn å la dei klippe håret sitt. Med dette prosjektet utforskar og utfordrar teatergruppa det forfengelege, og i staden for berre å lage noko OM å gi ungar makt, GIR dei ungane makt.

Produksjonen går over eit par veker, og tar til med fleire workshops der ungane får basalinnføring i hårklipp, men også i dei underliggande ideane i prosjektet. Det publikum får sjå, og ikkje minst ta del i, er sjølve klippinga. Ein føremiddag er det gratis hårklipp, og tru det eller ei, – salongen var fullbooka! Her får ein sjå kva som skjer når barn får makt til å gi eigen kreativitet og estetisk sans litt mindre forgjengelege uttrykk enn berre teikningar som kan kastast om dei ikkje blir vellukka. Det gir ansvar, heilt andre haldningar, og gjer sikkert noko med ungane. For ikkje å seie kva det gjer med dei vaksne! Det var kosteleg å vere fluge på veggen (eg blei ikkje klipt), og sjå korleis mye endrar seg berre ved å snu opp ned på så banale maktforhold som dei mellom kunde og frisør. Det gir assosiasjonar og føringar til mange andre settingar som vi tar for gitt, men som også sikkert kunne ha vore røska litt opp i.

Presentasjonen var ikkje ferdig med klippinga laurdag. For nokre av kundane vil resultatet vere synleg i fleire dagar, men den delen av produksjonen får leve sitt eige uregisserte liv. Den programmerte finalen skjer i samband med scenekunstfestivalen Showbox 2008 i Oslo denne veka. Der blir prosjektet dokumentert og presentert på seminaret ”Kunst i dei vaksnes sjølvbilde”. Då vil også Oslopublikummet kunne få del i røynslene, men denne gongen berre som tilskodar.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag 13. november 2008)

Leave a Reply