Å lengte heim

TEATER

En palestinsk reise
Av Tale Næss
Regi: Maryon Eilertsen
Scenografi: Hatem el Imam
Musikk: Jovan Pavlovic
Koreografi: Ella Fiskum
Med: Trond Peter Stamsø Munch, Jovan Pavlovic, Kine Bendixen, Buzhan Baban, Anne Fossen, Idd Aziz, Ingrid Aune Brosveet og Thomas Aune Brosveet
Av Noor Produksjoner i samarbeid med Trøndelag teater og Hålogaland teater
Trøndelag teater, Studioscena

Bildet: MANGE HISTORIER: Ensemblet syng, dansar og fortel entusiastisk både eigne og andre sine historier. Foto: Bjørn-Erik Langvand

Ein ambisiøs produksjon som vil så alt for mye, og som har for mange prosjekt på ein gong.

Forfattar Tale Næss og skodespelar Trond Peter Stamsø Munch har gjort fleire reiser til Midtausten dei siste åra, og der har dei treft folk og fått høyre historier som dei etter kvart har meint burde få ei scenisk framføring. Gjennom desse fortellingane vil dei freiste å ta publikum med på ei reise, ikkje berre til Palestina, men også til Kenya, Irak og det som etter kvart er att av Jugoslavia. Og for så vidt også til Tromsø, Stjørdal og Hommelvik. Stikkordet er heimlengt, – ønsket om å vende heim, og gjennom fortellingane til ulike folk dei møtte, samt ensemblets eigne private historier, forsøker dei å gi eit bilde av korleis heimlengten kan arte seg i ulike situasjonar. Når du er ung og ønskar deg vekk frå Hommelvik, er ikkje suget mot heimen og det opphavlege like stort som for ein som med makt er jaga frå jord og land, det vere seg jødar i hundrevis av år, eller palestinarane dei siste femti.

Ensemblet på åtte har ganske ulik bakgrunn; – frå Tromsø via Trøndelag til Kenya, kurdisk Irak, og Jugoslavia. Og komponist og musikar Jovan Pavlovic har med seg musikalsk ballast ikkje berre frå Balkan, men også frå jiddisk. Med denne naturgitte og ganske mangefasetterte bagasjen legg ensemblet ut på ei reise der dei både presenterer ulike folk og lagnadar i Palestina og i flyktningleirane i Libanon, – og seg sjølve. Dokumentarisk og relativt pedagogisk blir vi fortalt om flukt i 1948, om massakre i 1976 og i 82, og om kvardagen i flyktningleirane, men rett som det er avbrote og kontrastert av ensemblets eigne historier.

Slik blir ”En palestinsk reise” i form ei sjangerblanding som er vanskeleg å kategorisere. I hovudsak er han det ein kan kalle doku-teater, ein slags regissert dokumentar, men likevel med sterke islett av metateater sidan skodespelarane på same tid både spelar seg sjølve og ulike palestinarar. Ettersom dei åtte går relativt saumlaust fram og attende mellom å vere seg sjølve og palestinarar, blir dette i utgangspunktet eit brukbart grep, men likevel ikkje utan problem. Når Stamsø Munch mot slutten vendar seg mot publikum og seier: – Hei, – eg heiter TP. Eg freistar å fortelle eit heilt folks historie på under to timar, så presenterer han kva som er denne produksjonens store dilemma. Det som har skjedd i Midtausten dei siste femti åra er inga enkel historie. Ho er meir enn mangslungen, og det er ikkje lett å halde greie på kven som er ansvarleg for kva, – Israel, Syria, falangistar, for ikkje å seie både USA og verdssamfunnet. Når produksjonens teknikar to gongar grip inn og fortel at han ikkje heng med, er ikkje det berre eit metagrep i oppsettinga, men også eit uttrykk for at det ser ut til å vere ganske umogeleg å lage eit pedagogisk/historisk dokumentarteater, ei utforsking av kva det vil seie å lengte heim, og ei reiseskildring av ulike lagnadar i flyktningleirane i eitt og same stykke. I alle fall har ikkje denne oppsettinga greidd det. Ho har for mye å fortelle og for mange prosjekt på ein gong.

I metapresentasjonen syner oppsettinga stadig vekk sjølvinnsikt som det diverre ikkje blir gjort nok med. Eg har alt nemnd teknikaren som ikkje greidde å henge med, og i andre akt er det eit par tablå som syner korleis dette kunne ha vore gjort. I staden for å gi oss den palestinske historia kronologisk og komplisert, tar produksjonen det kjende journalistiske grepet å presentere ei personleg historie som kan illustrere det heile. Vi får ei lettfatteleg og vakker fortelling om opphavet til flyktningleiren Chatilla. Det er til å forstå, og ikkje minst til å få kjensler av. Og når Buzhan Baban frå Tønsberg opponerer mot ideen om kor viktig det er kor du er frå, får framsyninga ein dramaturgisk vending ho sårt treng meir av.

Maryon Eilertsen har ansvaret for regien, men signaturen hennar kunne med fordel ha vore tydelegare. Her er absolutt behov for innstramming og ein betre balanse mellom pedagogisk historieleksjon og gode fortellingar. Det er eit ensemble med ganske ulik scenisk røynsle, men personinstruksjonen er relativt god, og det er tydeleg at dei åtte på scena er fortruleg med stoffet gjennom at dei sjølve har vore med på utarbeidinga av stykket. Koreografien er ved Ella Fiskum, og danseopptrinna er av dei absolutt meir vellukka i denne produksjonen. Dei heng uløyseleg saman med musikken som vel er det som bergar framsyninga. Ensemblet både syng særs godt og akkompagnerer seg sjølv, og Jovan Pavlovic har skrive musikk som kler oppsettinga og som gir rette stemningar. Midtausten er ikkje så ofte tema på norske scener, og det er på høg tid at nokon freistar å seie noko om verdssamfunnets desidert dårlegaste samvit. Mange av historiene som Tale Næss fortel har i seg innhald og element som kan vere med på å illustrere og gi innsikt i ein konflikt det er uråd for dei fleste å forstå. Men produksjonen vil så alt for mye, og i iveren etter å presentere heile konflikten og historia, druknar diverre dei gode fortellingane som skulle ha gitt oss litt meir forståing.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 24. oktober 2008.)

Leave a Reply