Trivialitetanes teater

TEATER

No Dice
Av og med: Nature Theater of Oklahoma
Idé og regi: Pavol Liska og Kelly Copper
Med: Anne Gridley, Robert M. Johanson, Zachary Oberzan, Thomas Hummel og Kristin Worrall.
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet: No Dice er ei framsyning som handlar om det som det handlar om! Foto: Nature Theater of Oklahoma
 
Sjeldan har absurd teater vore meir realistisk enn dette.

I desse dagar blir Norge gjesta av ei teatergruppe ganske utanom det vanlege, men ikkje mindre sjåverdig. Nature Theater of Oklahoma, eit særs spennande teaterkompani frå New York, er ute på Europaturne med framsyninga No Dice, og for den som er glad i teater og har sett ein del, er dette ei verkeleg perle. Framsyninga blei vist på Avant Garden i Trondheim i helga, og i dagane som kjem står Black Box i Oslo og Teatergarasjen i Bergen for tur.

Oppsettinga tar opp i seg formspråk og referansar frå heile teaterverda, men er samstundes meir amerikansk enn eplepai. Pedagogisk nok har difor kompaniet utstyrt oss med eit tresiders referanseskriv der dei minst amerikanske av oss kan få ei viss innføring på førehand. Dinner theater er til dømes eit ukjent omgrep i norsk teater, men var ei populær teaterform i statane for ein del år sia. Saman med ei ofte amatørprega framsyning, fekk ein servert eit måltid. I denne tradisjonen startar det heile ved at regissørane sjølve serverer Dr.Pepper eller Diet Coke og smørbrød med ham and cheese- eller peanut butter. Med det er stemninga sett, og etter kvart tar framsyninga til. Ho er basert på meir enn hundre timars opptak av private telefonsamtalar, og handlar om alt og inkje. Aktørane er storytellers og vil så gjerne fortelle ei historie, men innhaldet uteblir. Eller kanskje ikkje? -Kva handlar det om? spør dei sjølve tidleg i framsyninga. Og frå å svare at dei ikkje har peiling, blir svaret gradvis endra til at dette er ei historie om det som det handlar om! Og det er ganske korrekt, for dette er så absurd som vår vanlege smalltalk og kvardag i røynda er. Det er trivialitetane opphøgd til teaterkunst, og kvardagen vår spegla for oss i all si meiningsløyse. Det er observant og særs intelligent.

Forfattarane har tydeleg god kunnskap om teater, film og litteratur, og boltrar seg i referansar og metaforar frå ulike sjangrar og med slektskap til det meste innafor film- og teaterverda. Sjølv fann eg parallellar både til Ionescos Den skalla sangerinna, og David Byrnes åttitalsfilm True Stories. Aktørane snakkar eit litt gebrokkent engelsk som for å framandgjere eller gi distanse, men det er utanpå, for dette er veldig amerikansk. Eit speilbilde av amerikansk kvardagsliv og konversasjon, men likevel langt frå framandt for det overflatiske livet vi sjølve lev. -Det er godt å snakke med deg, seier ein etter å ha gjennomført ei innhaldslaus samtale. Og slik er det! I form er framsyninga eit slags episk teater fullt av små tablå utan påfallande samanheng, start eller slutt. Tablåa er fragmentariske, men likevel står produksjonen fram som uvanleg heilskapleg. Eit paradoks, kanskje, men slik er vel både røyndomen og liva våre, – ein fragmentarisk heilskap. Regigrepet er særs spesielt. Dette er marionetteteater på høgt nivå. Det rikhaldige tekstmaterialet blir sett saman på ulikt vis frå framsyning til framsyning. Alle aktørane har øyretelefon der dei mottar teksten for så å måtte gi den sitt eige innhald og uttrykk der og då. Det gjer dei medan dei også lagar eit slags mimeteater som eit døvespråk ingen førebels kan, men som vi etter kvart tar til å kjenne att, – om ikkje forstå.

Framføringa er ein prestasjon i seg sjølv. Presentasjonsforma er særs krevjande, oppsettinga er tekstrik, og ho varar i nesten fire timar! I tillegg blir ho toppa av nokre velkoreograferte dansenummer som er hysterisk morosame, men også fysisk krevjande. Dialog og spel er litt naivistisk, pompøst og sjølvhøgtideleg, som eit middels amatørteater, og i denne framføringsforma ligg mye av humoren som også er eit viktig element. Han er særs lågmælt og ytrar seg ved uttrykk som blir vridd og vrengt på, små diskrete gags, eit vell av absurditetar og masse undertekst.

Oppsettinga er på eit vis ei metaframsyning av ei metaframsyning, ein produksjon som bit seg i halen og handlar om seg sjølv. No Dice er både underhaldning og sivilisasjonskritikk, det er ein leik med metaforar og referansar, det er absurd teater på sitt beste, og eigentleg har eg vel aldri opplevd det absurde så realistisk!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 31. mars 2008)

Leave a Reply