Siste dans i Berlin

TEATERCABARET
Av Joe Masteroff, Fred Ebb og John Kander
Omsett av Finn Ludt
Bearbeidd av Otto Homlung
Regi: Tomas Adrian Glans og Otto Homlung
Koreografi: Tomas Adrian Glans
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Musikalsk leiing: Åsmund Flaten
Med: Silje Lundblad, Svein Tindberg, Ola G. Furuseth, Helle Ottesen, John Yngvar Fearnley m.fl.
Trøndelag teater, hovudscena

Bildet:Spektakulært. Diskret scenografi og nøktern rekvisittbruk gir plass til dei mange danseopptrinna, særs godt koreografert av Tomas Adrian Glans. Foto:GT Nergård
 
Eit vellukka spel på kontrastar som resulterer i ein særs komplett og ikkje minst politisk sterk musikal, og med ein finale det er vanskeleg å gløyme.

Alt kan bli si eiga motsetning! Lukka er kortvarig, og kan fort bli katastrofe. I ei uvanleg politisk, sterk, tydeleg, velspela og først og fremst særs god versjon av Cabaret, leikar Homlung og Glans seg med motsetnadene i det førnazistiske Berlin der det er like før festen er i ferd med å ta ein brå slutt. Skjønt å leike seg er eit misvisande omgrep, for jamvel om både tidlegare sceneversjonar og også filmen frå 1972 har eit dystert bakteppe, så er denne produksjonen tidvis så sterk at ein tar seg i å fryse på ryggen. I programmet skriv teatersjef Homlung at det ikkje er nokon påtrengande moralsk peikefinger frå hans side. Det er nok rett, men han har ei meining, og ho er tydeleg, ho er sterk, og ho gjennomsyrer framsyninga og gjer Cabaret til noko langt meir enn berre ein god musikal.

Vi er i Berlin i 1933, nazistane meir enn rører på seg, det er enorme motsetnader, sosial uro, og stor uvisse, men samstundes eit dekadent samfunn der det meste (framleis) er tillate, der det er lite som sjokkerer, og der festen er på sitt høgaste. Den engelske cabaretartisten Sally Bowles gjer stor suksess på Kit Kat Club, og hit kjem den amerikanske forfattaren Cliff Bradshaw. Søt musikk oppstår, og med det eit heftig forhold mellom to temmeleg ulike menneske. Samstundes får vi og presentert ei parallell kjærleikshistorie om to menneske i ein litt annan livssituasjon. Og heile tida er bakteppet det etter kvart meir og meir nazistiske Berlin, kontrastert med det frivole og laussloppe livet på Kit Kat. Stykket går føre seg på mange plan, det er symbolmetta, og sjølvsagt fullt av godt kjende songar og spektakulære danseopptrinn.

Opningsscena er som klipt ut av ein James Bond-film der konferansieren (Svein Tindberg) stig ut av ein raud sol eller eit kamerafokus, om du vil. Han ønsker velkommen, og gjennom resten av framsyninga leier han oss med stor autoritet og sikker hand gjennom både det som skjer i klubben og på teaterscena. Dette er eit metagrep som også ligg i originalen, men som Glans og Homlung har dyrka vidare i fullt mon. Nettopp ved at konferansieren også blir framsyningas eigen konferansier, kan han både kommentere, supplere, og ikkje minst gjere dei mange sceneskifta nesten heilt saumlause.

Silje Lundblad kom rett frå teaterskulen til Trøndelag teater i fjor, og Sally Bowles er den første store rolla hennar. Ho imponerer stort både som songar og skodespelar. Ho er den naive songartisten som ikkje forstår at verda rundt også vedgår henne. I samspelet med den langt meir nøkterne Cliff (Ola G. Furuseth) kjem kontrastane tydeleg fram. Han er den einaste som ser kor det ber, men åtvaringane fell på steingrunn. Parallelt med den umogelege kjærleiken til hovudpersonane, finn fräulein Schneider, Cliffs hybelvertinne, og den jødiske fruktselgaren Herr Schultz, kvarandre. To einsame personar i livets haust. Det er ei vakker og trist lita historie i historia, glitrande framført av Helle Ottesen og John Yngvar Fearnley. Kjærleiken kjenner inga aldersgrense! Når Fearnley framfører songen Nygift (Married), er det til å grine av. Når denne framsyninga er blitt så vellukka, og ikkje minst komplett, heng det også saman med ei særs bra sceneløysing. Per Kristian Solbakken har nytta heile formatet på hovudscena, plassert orkesteret på eit flyttbart galleri i bakkant, men elles laga ein relativt minimalistisk scenografi der enkle stålrørskonstruksjonar kan bli både husvære, togkupé og meir til. Den nøkterne rekvisittbruken gir høve til raske og gode sceneskift, og ikkje minst plass til dei mange danseopptrinna. Der Solbakken er diskret i scenografi, tar han det att i kostyme. Særleg gjeld det danseensemblet, særs godt koreografert av Tomas Adrian Glans. Gjennom dans, song, og ikkje minst kostyme, kommenterer og utfyller dei framsyninga. Utmerka hjelp har dei av det berre ni mann store orkesteret som under kyndig leiing av Åsmund Flaten leverer meir enn godt nok musikalsk trøkk. Berlin er kosmopolitisk og opningssongen Willkommen er på fleire språk. Homlung og Glans har vald å halde på det fleirspråklege, og både songar og tekst blir framført på norsk, engelsk og tysk i stor tillit til at folk forstår, og med særs godt resultat. Her som elles spelar dei på kontrastane. Særleg er dette vellukka i framføringa av Tomorrow belongs to me som på tysk (Der morgige Tag ist mein), blir langt meir autentisk. Frå starten nærast som ein nasjonalromantisk parafrase over Heines og Silchers Die Lorelei, utviklar han seg til reine Horst Wessel-songen, og blir slik si eiga motsetning, samstundes som han også står i skarp kontrast både til andre songar og til handlinga elles. Finalegrepet til Homlung og Glans er for meg heilt nytt, og desto sterkare. Ringen blir slutta ved at dei nyttar symbolikken frå opningsscena i nok eit kontrasterande grep. Eg skal ikkje røpe kva som skjer, men den som ikkje blir gripe av denne scena, må vere temmeleg historielaus, for ikkje å seie hjartelaus.
Amund Grimstad.

(Meldinga stod i Klassekampen den 7. april 2008)

Leave a Reply