Lag på lag.

PERFORMANCEScarface
Av og med Eddie Ladd
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Bildet: Film eller teater? Ved å projisere seg sjølv inn i film skapar Eddie Ladd ei sjangeroverskridande framsyning. Foto: Dave Daggers
 
Ei intens oppsetting som samplar det meste som går an å sample, – og litt til!

Eg har sett Eddie Ladds parafrase over kultfilmen Scarface, og eg må vedgå at eg er sliten! Det var ei særs krevjande framsyning, – først og fremst for Eddie Ladd sjølv, men også for publikum. I berre dryge førti minutt, men i eit forrykande tempo, og med ein intensitet som gjer at du verkeleg må ta deg på tak for å følge med, presenterer ho sin walisiske versjon av Brian de Palmas film frå 1983. Jamvel om filmen er bakgrunnen, fortel Ladd knapt nokon historie, men i staden lag på lag med inntrykk og uttrykk, undertekst og politikk, men først og fremst ein imponerande miks av alle dei verkemiddel som er mogeleg å nytte på lerret og scene, og til same tid! Dette er ikkje ei framsyning som kan forklårast eller presenterast med resymé, men eg skal likevel freiste å gi nokre faktaopplysingar.

Eddie Ladd er ein walisisk performanceartist som jobbar i grenselandet mellom dei mange ulike scenespråka som film, video, dans, teater og musikk, og ho gjer det ved å blande det heile til imponerande mangefasetterte uttrykk. Samstundes er ho tematisk opptatt av kolonialisme og imperialisme, og denne kunnskapen kan vere grei å ha med i bakhovudet når ein ser, – eller meir korrekt; opplever – framsyningane hennar. I Scarface flyttar ho scena frå eksilcubanarane i Miami til landsbygda i Wales, og i ei uvanleg velkoreografert og millimeterpresis oppsetting får vi den walisiske versjonen av filmen. Eller, – rettare er det å seie at filmen er eit bakteppe for ei utforsking og eksperimentering med alle uttrykka. Heilt konkret får vi sjå filmopptak frå den walisiske landsbygda, og med eit videokamera på scena får Eddie Ladd sampla seg sjølv inn i filmen. Med suggererande musikk, stroboskopeffektar, gangsterkoreografi, voiceover, playback og you name it, skapar ho stemningar, bilde og situasjonar. Her er lite å forstå, i alle fall ved første gongs presentasjon, men desto meir å oppleve. Og stikkordet er sampling. Den originale filmen, først og fremst gjennom lydsporet, blir sampla med hennar eiga røyst, filmopptaka frå Wales blir sampla med video frå scena, engelsk blir sampla med walisisk, og slik kan ein halde fram nærast i det uendelege. Den politiske underteksten blei etter kvart også tydelegare gjennom kontrasten mellom engelsk og walisisk, og ved dei klåre assosiasjonane til invasjonar av ulike slag frå mikro- til makrokosmos. Gjennom blandinga av hermetiske og liveopptak, utforskar ho og skillelinene mellom sant og usant, falskt og ekte. Og ho leikar seg med filmstunts som eigentleg ikkje skal vere mogeleg å gjere live.

Scarface skal vere ein hyllest til filmen med same namn og til Al Pacino, men var for meg først og fremst ei forrykande oppleving, ein sjangermiks av dei sjeldne, ikkje eigentleg mykje å forstå, men desto meir å nyte. Presentasjonen er imponerande synkron, og Eddie Ladd syner kva for store utfordringar som ligg i det sjangeroverskridande.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 7. mars 2008)

Leave a Reply