Er alt tilfeldig?

PERFORMANCE

Point Blank
Av Edit Kaldor
Med Nada Gambier og Edit Kaldor
Teaterhuset Avant Garden

Eksistensielle val presentert gjennom eit utal bilde av kvardagssituasjonar.

Bildet: Rollemodell. Nada har fanga inn ei kvinne som fyller livet sitt med å skrive. Kan ho vere ein rollemodell? Foto:Frank Theys
 
Teaterhuset Avant Garden har vald å legge performancefestivalen Bastard saman med Trondheim Internasjonale Filmfestival, Kosmorama. Og nokre av framsyningane i Bastard er gjort i samarbeid med Kosmorama. Kor lurt det er, er eit ope spørsmål, for her er det lett å bli lillebror i ein stor filmfestival. Det er synd, for nokre av produksjonane hadde fortent eit større publikum. Point Blank av Edit Kaldor er eit døme på det. Dette er eksistensiell performance som utforskar vesentlege sider ved livet, stiller spørsmål til publikum, og er ganske annleis enn det vi vanlegvis ser på ei teaterscene.

Edit Kaldor er opphavleg frå Ungarn, men vaks opp i USA, har utdanning frå USA og Nederland, og arbeidar nå med utgangspunkt i Belgia. I framsyninga sit ho sjølv og styrer ein pc med masse bilde, medan hovudaktøren er Nada Gambier. Ho er 19 år gamal, nettopp ferdig med high school, lei av mora, og på backpacking gjennom Europa for å finne ut av seg sjølv og kva ho skal gjere i livet. Med seg har ho eit kamera med ein zoom som kan forstørre 200 gongar. Med denne reiskapen ser ho på og dokumenterer haugevis av ulike vanlege menneske i daglegdagse situasjonar utan at dei sjølve er klår over at dei blir fotografert. Ein kvart million bilde er det blitt! I Ungarn treffer ho Edit Kaldor, og så blir det performance av det heile. Det er i alle fall det dei vil ha oss til å tru. I starten blei eg ganske opptatt av om historia var sett i scene, eller om ho var røyndom, men etter kvart gav eg blaffen, for dette er performance, og kva som er sant og ikkje blir uvesentleg. Det som er sant, er at Nada presenterer oss for eit utal menneske, og gjennom denne presentasjonen freistar ho å få svar på vesentlege spørsmål knytt til eigne val om framtid, og ikkje minst om å leve åleine eller i par. Men på vegen til desse vala sveipar ho innom så mye anna, at ein tidvis kan tru ho er ein tvangsnevrotikar som opplever alle avgjerder som eksistensielle, og alle hendingar som tilfeldige. Nada er prisgitt vengeslaga til dei karibiske sommarfuglane, men humoren og sjølvironien gjer at dette langt frå blir nevrotisk.

Ho utfordrar publikum og fordommane våre mellom anna med eit-sekunds-testen der vi blir presenterte for bilde av ulike menn, og må avgjere der og då om vi hadde våga å ta drosje heim med dei. På same vis som i Kate Pendrys Tales of a Wicked Child frå nokre år attende, syner det seg at tilsynelatande normale menneske er valdtektsforbrytarar og seriemordarar. Men sjølv om Nada er innom mye og bedriv kvardagsfilosofi i stor stil medan ho syner bilda sine, er hovudtemaet hennar (i alle fall denne kvelden) spørsmålet om det er best å leve åleine eller i par. Ho gjer seg intelligente refleksjonar medan ho viser bilde av både par og einslege, tosemd, einsemd og sjølvstende. Bilda er både intime og private, men likevel stort sett presentert med ein respekt for den fotograferte som gjer at dette ikkje blir invadering og kikking, så rart det enn kan høyrast. For det er ikkje personane ho utforskar, men meir kva dei utstrålar, blikka deira, andletsuttrykk, apati, glede osb. Framsyninga gir ikkje svar, og Nada finn ikkje fram denne kvelden, heller. Men gjennom alle dei kvardagslege situasjonane ho syner oss, får ho oss til både å sjå ting vi vanlegvis ikkje oppdagar, samt å sette i gong dei små grå. Det gjorde godt. Oppsettinga er halde i ei særs munnleg og improvisert stil, utan særleg synleg regi, – til tider hoppande og litt fragmentarisk. Alt er tilfeldig, som livet til Nada. Men når ein i ettertid går på nettet og ser ein trailer frå framsyninga, syner det seg at det meste er nøye innstudert. Så har kanskje Edit Kaldor berre lurt oss til å tru at alt er tilfeldig? Tilfeldig? Neppe!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 3. mars 2008)

Leave a Reply