Ei leiken lita løve

TEATER

LØVEBRØL
Av og med Cirka Teater
Regi: Kjersti Haugen og Anne Marit Sæther
Scenografi: Gilles Berger
Dokkemakar: Tatjana Zaitzow
Musikk: Martin Smidt
Framført av Anne Marit Sæther, Anna Leyman og Ragnhild Faanes.
Trøndelag teater – Teaterkjellaren

Bildet: Ein liten kloss kan by på store utfordringar for ei løve som er leiken og nysgjerrig nok. Foto: Cirka Teater

Ei leiken lita løve som utforskar, snublar og ikkje minst sjarmerer.

Cirka Teater har alltid laga særs visuelle og ofte spektakulære produksjonar. Denne gongen presenterer dei ei i dobbel tyding ganske lågmælt framsyning, men likevel detalj- og opplevingsrik så det held. Løvebrøl er dokketeater med synleg dokkeføring. Berre akkompagnert av musikken til Martin Smidt, dels hermetisk, og dels framført av Ragnhild Faanes på saks og fløyte, gir Anne Marit Sæter og Anna Leyman liv til ei taus lita løve som er nysgjerrig som ein liten unge på alt som er rundt han. Tilsynelatande er omgivnadane berre eit par røyr og nokre klossar, men i Gilles Bergers magiske scenografi blir det trylla fram eit utal av utfordringar for den vesle krabaten. Han er leiken som få, og i den utsøkte og detaljrike dokkeføringa er det mye å kjenne seg att i for både store og små. Nokre kilevinkar og meir til må løva tole, men jamvel om ho blir klemd både flat og avlang, gir ho seg ikkje.

Det er inga eigentleg ytre handling i denne produksjonen anna enn ei løve som utforskar alt og alle. Ærendet til Cirka teater er å leike seg med leiken og skape gjenkjennelege situasjonar. Humoren er eit vesentleg element, og i opninga var salen heilt med. Men ein produksjon utan ord der heile handlinga er ein velkoreografert løveleik, kan bli vel poetisk og dvelande for dei minste. Framsyninga har nokre dramaturgiske problem og blir nok til tider litt stilleståande. Eg merka i alle fall at dei yngste i salen tidvis hadde visse problem med konsentrasjonen. Produksjonen er meint som ei familieframsyning, men eg vil tru at det er dei vaksne som har aller størst glede av henne. For meg var ho ei vakker, humoristisk, musikalsk og poetisk reise attende til den undrande barndomen der spørsmåla stod i kø og der nyfikna var utan grenser. Det visuelle var som vanleg tatt vare på i Gilles Bergers scenografi som denne gongen var tilsynelatande enkel, men berre tilsynelatande. Berger tryllar kompliserte figurar ut av dei enklaste volum. Dokkemakaren Tatjana Zaitzow kan også trylle, og ho har laga ei særs livfull løve som ein berre må bli glad i. Musikken til Martin Smidt, som tidvis var meir som lydkulisser, stod godt til handlinga, og gjorde det heile til nærast å vere ei velkoreografert danseframsyning. Dokkeførarane var særs synlege, men aldri i vegen, og med opptil tre dokkeførarar om ei lita løve, var eg imponert over kor synkron føringa var.

Løvebrøl er ei poetisk lita oppsetting full av opplevingar. For dei aller yngste kan ho kanskje bli litt langdryg, men for den som framleis hugsar korleis det var å vere liten og nysgjerrig, er dette eit vakkert og humoristisk gjensyn. Produksjonen har turnert med Den Kulturelle Skolesekken ei stund, og gjestar nå Trøndelag teater i halvanna veke.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 29. februar 2008)

Leave a Reply