Fridom eller flukt?

TEATER
Den siste viking
Av Johan Bojer
Dramatisert av Ragnhild og Terje Mærli
Regi: Terje Mærli
Musikk: Henning Sommerro
Scenografi: Lars-Erik Lindén
Kostyme: Lili Riksén
Trøndelag teater, hovudscena
Bildet: Skårunge. På veg til Lofoten med skårungen Lars (Mads Bones) i baugen. Foto:GT Nergård
Ei spektakulær oppsetting som stort sett greier å skape dei rette illusjonane, men som av og til blir litt omstendeleg.

Har du først møtt Kristaver Myran, Elezeus Hylla eller Jakob, han Pinade med liltfoten, eller alle dei andre i det rike persongalleriet i Johan Bojers store episke roman om lofotfisket, er det uråd å få dei ut av minnet. Den siste viking er ei folkelivsskildring av dei sjeldne, ein sosial roman om det myteomspunne lofotfisket, men også om det store hamskiftet då nasjonen stod på terskelen til industrialiseringa. Boka er eit litterært ikon, og jamvel om Bojer sjølv skreiv mye for scena, har teatra ikkje våga seg på å dra vikingen innomhus. Eli Sørensen har med hell laga utandørs sommarteater i Bojers heimbygd Rissa dei siste åra, men det er først med Ragnhild og Terje Mærlis dramatisering at historia blir sett opp på eit institusjonsteater. Det er sjølvsagt eit dristig prosjekt å legge ei handling som i så stor grad finn stad på ope hav, til ei varm og turr scene, men i hovudsak må ein seie at båten ber.

Mærli er særs tru mot boka, med eitt unnatak. Sjølv om Bojer skildrar både mennene som dreg til Lofoten tre månader kvar etterjulsvinter, og kvinnfolka som sit att i Rissa med jordbruk, ungar og uvisse, så er det likevel fiskarane det dreier seg om. Marja Myran er rett nok ei sterk kvinne også i romanen, men i denne oppsettinga er det nærast full kjønnsbalanse. Det er eit særs godt grep. Ein ting er at kvinnfolka historisk sett bar meir enn helvta av både himmel og helevete, men dramaturgisk skapar det eit kontrasterande spenn som Mærli nyttar til fulle. Han spelar medvete på eit utal motsetnader som mann/kvinne, landbruk/fiske og arbeid/utdanning for å nemne nokre. Samstundes som miljøskildringa blir tatt godt vare på, er oppsettinga grunnleggande eksistensiell der ho presenterer menneska framfor avgjerande val i livet. 

Når kvinnfolka blir meir sentrale, er det naturleg at andre blir detroniserte. Den fargerike Jakob, han Pinade blir i oppsettinga ein relativt anonym person, og det får vi tole. Verre er det at hovudpersonen sjølv, Kristaver, stundom blir nesten statist i eiga historie. Det skuldast regigrepet, og ikkje Trond-Ove Skrødal som gjer ei framifrå tolking av høvedsmannen. Til gjengjeld trer ungdomen og framtida, tydelegare fram. Skårungen Lars, som vil vere som far sin, men som også vil lese, som vil opp og fram, er fantastisk godt spela av Mads Bones som tidvis eig scena. Oppgjera hans med faren, mellom anna om lofotfisket er flukt eller fridom, er av dei verkelege høgdepunkta i stykket. Men så var det altså kvinnfolka: Marja Myran blir i Marianne Meløys mangslungne tolking den klokaste og den som kjem nærast ei fortellarstemme, ei som leverer den eine underfundige replikken djupare enn den andre. Og Marte Stolp gjer Berit Hylla til eit fyrverkeri av eit kvinnfolk, medan Cici Henriksen gir truverdig liv til ungjenta Ellen. 

Den største utfordringa med ei slik oppsetting, er sjølvsagt scenografien. Mærli og scenograf Lars-Erik Lindén har vald ei abstraherande og stilistisk sceneløysing der vi, som i romanen, berre får litt draghjelp til å lage oss eigne bilde. God hjelp får vi rett nok både av musikken til Henning Sommerro og av dei tidsriktige kostyma til Lili Riksén. Men dette er teater! Det er ikkje røyndom, men illusjon, og stort sett går det bra. Bølger og roing blir illudert gjennom koreografi, scena er eit krumt golv som både kan vere dønning og brottsjø, men Trollfjordslaget blei noko puslete og vel stilistisk; nærast som dokketeater. På den store, opne scena er alle tilstades nesten heile tida, og vi vekslar saumlaust mellom Lofoten og Rissa, mellom draumar og røynd på eit vis som er forbausande enkelt å godta. Slik er det mogeleg å gjere både Rissa og kvinnene meir synlege, og med det også dei underliggande konfliktane. 

Den siste viking er ei storslått, påkosta og spektakulær oppsetting. Ho er tru mot folkelivsskildringa til Bojer. Freistnaden på å presentere og utforske meir grunnleggande spørsmål er og god, men Mærli gapar tidvis over for mye. Nokre av tablåa kan bli litt langdryge, og første akt er vel omstendeleg før det heile kjem i gang. Til gjengjeld er finalen, med ein miks av Bojers epilog og heimkomsten til Rissa, ein dramaturgisk sviske som Mærli godt kunne ha gitt litt betre plass. Den klassereisa dette også med eitt handla om, blei berre hengande i lufta som eit spørsmål som knapt var stilt.
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen 28. januar 2008)

Leave a Reply