Humoristisk symbolspel

TEATER

Vildanden
Av Henrik Ibsen
Regi og tilrettelegging: Anne-Karen Hytten
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara
Musikk: Åsmund Feidje
Med: Ola G. Furuseth, Pål Christian Eggen, Gunnhild Sundli, Grethe Nordberg m. fl.
Trøndelag teater – Gamle scene 

Bildet:
Idyll? Lutter – og kanskje lummer – idyll i den Ekdalske heimen før Gregers Werle kjem og skal lufte ut med øydeleggande sanningar. Foto:Vegard Eggen
 

Ei oppsetting av Vildanden nesten meir i slekt med Holberg, enn med Ibsen sjølv. 

Eg må vedgå at eg lenge var litt i villreie medan eg såg premiera på Vildanden på Trøndelag teater. Når ein set opp eitt av Ibsens mest spela nåtidsdrama, der livsløgnsproblematikken er meir enn godt kjend for alle andre enn dei siste årskulla som har kome til sia førre oppsetting, ja så ventar ein seg ein eller annan ny vri. Men så sit vi der med eit 1880-tals interiør og relativt tidsriktige kostyme. Språket er riktig nok litt fornya, men det blir likevel spela nesten rett frå boka. Trur eg. Før eg gradvis merkar at dette slett ikkje er ei oppsetting eg har sett før. Ibsen ville sjølv at Vildanden skulle vere ein tragikomedie, og aldri har eg sett det tydelegare enn i denne oppsettinga på Trøndelag teater. 

Anne-Karen Hytten si tilretteleiing følger Ibsen, om ikkje ord for ord, så i alle fall scene for scene. Berre i små, nesten umerkelege, gags frigjer ho seg frå 1880-talet og bringer inn surrealisme og komikk, som når Gina spør om ho skal ta av plasten av dei vitskaplege hefta til Hjalmar. Men nettopp ved å vere så diskret, blir dei små avstikkarane frå tid og rom, og ikkje minst realismen, desto meir tydelege. Og nettopp tydeleg er eit stikkord for denne oppsettinga. Det er ikkje i teksten Hytten først og fremst frigjer seg frå tradisjonelle oppsettingar av Vildanden, men i spelet og kanskje alt det usagte. Aktørane blir teikna særs markant, på grensa til overspel, og blir for meg meir symbol for ulike mennesketypar enn heile personar av kjøt og blod. Og det er her komikken også kjem inn for fullt. 

Om Hjalmar Ekdal hadde vore like skiftande i sinnelag, like blotta for kritisk sjølvinnsikt som den personen Ola G. Furuseth presenterer oss for, hadde eg ikkje trudd på han. Like lite som på den ekstremt sjølvrettvise Gregers Werle (Pål Christian Eggen) som har ein komplett mangel på sosial intelligens. Men ved at Hytten dreg dei ut i det outrerte, og held dei opp for oss som dei stakkarslege menneska dei i røynda er, kan vi le den frigjerande latteren samstundes med at vi kjenner oss att i dei båe. Slik blir det eit lærestykke i menneskeleg dårskap, nesten meir i slekt med Holberg enn Ibsen sjølv. Og når doktor Relling (Trond Peter Stamsø Munch) kjem inn som ein litt harry nordlending og heng bjøller på alle kattane, så fell det meste på plass. 

Scenografien til Milja Salovaara er eit enkelt, spartansk fotoatelier frå det som kan vere 1880, og der den litt glisne møbleringa understrekar den store avstanden som det er mellom alle på scena. Loftet med villanda og kaninane er plassert i bakkant og blir berre indikert bak ei dør før avslutningsscena som blir ei dramatisk openberring strippa for all Ibsensk diskusjon om kven som har skote kven. Her er det rett på sak, og det gjer finalen både tydeleg og sterk. 

Ensemblet presenterer rollene sine på ei hårfin grense til karikering og overspel utan nokon gong å bikke over. På det viset får dei fram både komikken, og dei ulike mennesketypane. Gunnhild Sundli har mange års scenerøynsle som songar, men som skodespelar er vel dette å rekne som den verkelege debuten hennar. Ho gir oss ei naiv og litt forhutla Hedvig, også ho særs tydeleg, men sjølvsagt også den minst komiske av dei alle. Sundli kjem meir enn heiderleg frå debuten sin. Ola G. Furuseth er den som først og fremst får fram det komiske i oppsettinga ved å presentere ein Hjalmar Ekdal så blotta for sjølvinnsikt at ein ler før ein blir trist. Grethe Nordberg som Gina, er den som veit, eller veit at ho ikkje veit, og spelar med ein litt kjølig distanse som kler rolla. Samspelet med Hjalmar er nydeleg, og når dei båe står midt i ei livskrise og greier å gjere smør og eit skjerf til noko eksistensielt, så har du i grunnen denne oppsettinga i eit nøtteskal.
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen den 29. oktober 2007)

Leave a Reply