Blått til lyst?

REVY

UKE-revyen MANIFEST
Av forfattarkollegiet
Instruktør: Christina Smeby
Koreograf: Helene O. Monsen
Framført av Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA-07, Studentersamfundet i Trondhjem – Storsalen

Ein revy med ein blå (?) tråd, velkoreografert, teknisk framifrå gjennomført, med skikkeleg trøkk i orkesteret, men utan for mange poeng, og eit temmeleg uforløyst tekstgrunnlag.

Vi har vår egen lille verden, rundt oss går Trondhjems by i rotasjon. Slik opnar ei av dei gamle revyvisene frå Studentersamfundet i Trondhjem. Den visa var ironisk. Når UKE-revyen Manifest stort sett ikkje løfter blikket høgare enn til eigen navle, er det neppe meint sjølvironisk. Verda står framfor miljømessige utfordringar av enorme dimensjonar, og i Burma kjempar ein for retten til å kunne ytre seg slik som studentane i Trondheim har høve til, men ikkje gjer. Med eit slikt bakteppe, og med vissa om at nettopp studentane overalt i verda er pådrivarar for miljøvern, demokrati og ytringsfridom, så må det vere lov å etterlyse eit litt større perspektiv på humoren.

Student-UKA i Trondheim er verdas lengste veke. Ho varar i nesten ein månad, og er ei enorm happening med teater, konsertar, seminar, utstillingar og you name it. Om du trudde festspela i Bergen, Olavsfestdagar eller Moldejazz var store, så er UKA den desidert største kulturfestivalen i Norge! Og han er ein dugnad av dei heilt sjeldne. Om lag 1400 studentar tar seg fri frå studia for å vere med på å legge det økonomiske grunnlaget for to nye år med drift av det raude, runde huset ved Elgeseter bru. I år er det 90 år sia det blei arrangert UKE for fyrste gong, og det er ein vital 90-åring som nå set stiftsstaden på både kartet og hovudet i resten av oktober. Motoren og trekkplasteret framfor noko er revyen. Utallege revysongar er blitt evergreens og allemannseige, og Studentersamfundets Interne Teater (SIT) har gjennom åra avla fram eit utal profesjonelle skodespelarar. Det knyter seg difor alltid store forventningar til UKE-revyen i Trondheim. Laurdag var det bypremiere på Manifest.

Nytt i år er at forfattarkollegiet har freista å legge ein raud (eller faktisk blå) tråd gjennom revyen. Det har dei gjort ved å nytte fire gjennomgansfigurar; tre museliknande, søte ”gnarkar”, og ein sjølvopptatt herskar som kallar seg Mifesto. Livet hans er ein evig bursdag, han er ein mann-i-fest, og egosentrisk til det parodiske. Desse fire opnar ballet, slår an tonen, og kjem stadig attende med små innslag. Mifesto blir overspela og raskt relativt poenglaus, men dei tre gnarkane er uvanleg sjarmerande, og leverer masse artige, små, søte gags gjennom heile framsyninga.

Denne revyen er blitt særs visuell, og ganske spektakulær. Det er fantasifulle kostyme i ei blanding av sci-fi og Dsjengis-Khan, mange scenetekniske og scenografiske finessar, og framfor alt ei uvanleg velkoreografert oppsetting. Eg vil først og fremst hugse dei mange flotte danseopptrinna, – frå ei blanding av rockeshow og linedance til utsøkt skyggeteater og god miming. Og alt til akkompagnement av eit særs dugande orkester,

Normalt er det sketsjane og songane som utgjer det viktigaste i revyen. I år var det uvanleg få songar, og desto fleire sketsjar. UKA er tradisjon, og det skal alltid vere med ei drikkevise og ei Trondheimsvise. Slik også denne gongen. Byvisa var som vanleg mollstemt, men får neppe eit liv etter dette. Drikkevisa gjekk i marsjtakt, og fyrste vers var det næraste revyen kom eit sjølvironisk manifest: Vi er klare for kamp, men vi har ingen fiende. Songen har god tekst, men blir definitivt ingen allsong. Det songinnslaget eg vil hugse, er ei absurd vise som glitrande parodierte triste songar om kjærleikssorg, men med uventa musikalske og optimistiske skift. Det synte kva ein med stillferdige og enkle middel kan få til når ein dreg humoren ut i det uventa og absurde.

Sketsjane og monologane var mange. For mange, og for stutte, vil eg meine. Nokre av dei hadde gode poeng, men dei blei i alt for stor grad uforløyste. I hovudsak blei ikkje poenga dyrka og tatt vare på, og det er på dette området revyen først og fremst sviktar. Humor er ei alvorleg sak, og krev god tekst, uventa vendingar, og i tillegg til framføringa også presis timing. I Manifest mangla dei fleste av desse ingrediensane. Eit innslag om machomenn som gjorde seg klåre til dyst, blei så forutseieleg at overraskinga forsvann. Det same gjaldt og ein sketsj om Anne B. Ragde. To monologar synte kva dette kunne ha blitt om forfattarkollegiet hadde arbeidd meir med tekstane. Ein forhutla og stakkarsleg valdtektsmann, og ein lyrikar som skreiv om fitta si. I utgangspunktet plumpt og politisk ukorrekt, men godt framførd, poengtert og ikkje minst uventa.

Manifest gjer ikkje krav på å vere korkje samfunnskritisk eller politisk, men skal vere rein underhaldning. Det får vere greitt nok. Visuelt og teknisk, og ikkje minst musikalsk, er dette vellukka. Men for at ein revy skal vere underhaldande, må han også vere artig og ha gode, bitande poeng som sit. Det har denne revyen diverre alt for lite av.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 9. oktober 2007)

Leave a Reply