Ei moderne skillingsvise

TEATER

Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Alice Bell
Av Lone Twin
Regi: Gary Winters og Gregg Whelan
Med: Antoine Fraval, Cynthia Whelan, Molly Haslund, Nina Tecklenburg og Paul Gazzola.

Ei historie som tok lang tid å kome inn i, men som etter kvart sjarmerte som dei gamle skillingsvisene.

Det vesle engelske teaterkompaniet Lone Twin, beståande av Gary Winters og Gregg Whelan, gjesta Norge for tre år sia med framsyninga The Days of the Sledge Hammer Have Gone, og tok publikum med storm. Nå er dei attende, men denne gongen står duoen berre for manus og regi, medan framføringa er av fem amatørar med kvar sin ukulele. I eit rom strippa for scenografi fortel dei ei merkeleg historie som tematisk er i slekt med Romeo og Julie, eller kanskje meir med West Side Story. Settinga er eit land i krig der folket er polarisert. Det er oss mot dei andre. Vår kvinne, Alice Bell, fell for ein på den andre sida, og for å leve ut kjærleiken må ho skifte identitet. Sjølvsagt blir ho innhenta av fortida, og korleis det går vidare skal eg ikkje røpe her.

Handlinga er som sagt ei klassisk kjærleikshistorie om umogeleg eller ulovleg kjærleik, ei slik som verdsdramatikken er full av. Og denne framstillinga bringer eigentleg lite nytt til torgs. Det som likevel gjer at ho forsvarar plassen sin på scena, er den merkelege måten ho blir fortald på. Dei fem er både fortellarar og aktørar, og på eit underfundig, temmeleg naivistisk, litt langdrygt, men likevel ganske sjarmerande vis, greier dei til slutt å formidle alle dei brokkane og fasettane som til saman blir ei historie. Ho er på eine sida vâr og sår, og på andre sida lun og humoristisk. Til dette nyttar dei mange ulike teknikkar der spesielt ein særs presis koreografi var effektfull.

Dei fem på scena er amatørar, replikkane blir leste overartikulert som om vi var på eit språkkurs, og alt blir framført i relativt store bokstavar. Medvitne verfremdungsgrep, – som at den eldste av skodespelarane, som i tillegg er kvinne, – først er broren til Alice og deretter dottera hennar, gir framsyninga distanse når handlinga kan bli for nær. Slik opplever eg at Winters og Whelan gjennom dei ulike regi- og fortellarteknikkane eigentleg leikar seg med publikum utan at vi heilt forstår kva det er vi er med på. Oppsettingas problem er at dette tar tid, – litt for lang tid, og at vi kan miste tolmodet før vi kjem inn i handlinga. Det er først mot slutten at det går opp for oss kva dei vil fortelle, og då kan det vere at nokre alt har ramla av. Men i finalen samlar dei trådane, og ikkje minst merksemda til publikum, med ein musikalsk sviske som både i form og innhald kan minne om dei gamle skillingsvisene. Det er ei nydeleg oppsummering av det heile og eit sjarmerande musikalsk resymé.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 15. mars 2007)

Leave a Reply