Vegen til erkjenning

TEATER

Trøndelag teater – Hovudscena
Kong Lear
Av William Shakespeare
Omsett av Arthur O. Sandved
Bearbeidd og instruert av Kjetil Bang-Hansen
Dekorasjon og kostyme: Helge Hoff Monsen
Dei som er med: Svein Tindberg, Harald Brenna, Trond-Ove Skrødal, Janne Kokkin, Marte Stolp, Cici Henriksen, Pål Christian Eggen, Kristoffer Hivju, Marianne Meløy m.fl.

Bildet: Kong Lear (Svein Tindberg) abdiserer og deler kongeriket i ei velregissert TV-overføring. Foto: Lasse Berre

Det er ein lang veg frå hovmod til erkjenning. Og vegen kan vere kostbar!

Heilt mot slutten av siste akt, medan alt er i ferd med å rakne, og aktørane dør for fote, går med eitt Marianne Meløy, som tidlegare på kvelden har spela Narren, over scena i sivile klede, og seier med naturleg røyst nærmast som om ho var på veg heim; Vi sees etterpå! Det var eit ørlite metagrep frå Kjetil Bang-Hansens side, men for meg, i all si nøkterne og enkle framtoning, oppsettingas dramatiske høgdepunkt. Her var overraskinga som gjorde at vi stoppa opp, men først og fremst slo det meg at i denne vesle setninga ligg eigentleg det meste.

Kong Lear er kanskje ein av William Shakespeares mest moralske tragediar. Kongen (Svein Tindberg), er ein ekstremt maktsjuk og sjølvopptatt regent som skriv over riket sitt til dei av dotrene som elskar han høgast. Goneril (Janne Kokkin) og Regan (Marte Stolp) er intrigante spyttslikkarar og sit att med halve kongeriket kvar, medan yngstedottera Cordelia (Cici Henriksen) er ærleg, og blir bortvist og gjort arvelaus. Etter kvart opplever Lear at det ikkje akkurat er kjærleik til faren som driv dei to eldste, og dette parra med at han eigentleg ikkje vil abdisere fullt ut, driv han gradvis til vanvidd. Som så ofte hjå Shakespeare, er det fleire parallelle historier som grip inn i kvarandre, og også i dette stykket. Jarlen av Gloucester (Harald Brenna) har to søner, og her er det den yngste som står for intrigar og renkespel. I den grådige maktkampen som utspelar seg, får vi presentert både mennesket på det styggaste, og korleis striden ikkje berre bryt ned menneska, men også heile samfunnet og sivilisasjonen. Det er fire hundre år gamal sivilisasjonskritikk som er like aktuell i dag.

Helge Hoff Monsen har ansvaret for kostyme og scenografi, og saman med instruktør Kjetil Bang-Hansen har han vald å plassere dette i ei setting som korkje er Shakespeare eller i dag, men som snarare kan gi assosiasjonar til Victoriatida eller den russiske tsarens hoff. At dei har vald å nytte Arthur O. Sandved si ganske konservative omsetting, plasserer for så vidt også handlinga eit stykke attende i tid. Det understrekar det ålmenne, men små metagrep, som opningsscena der kongen held fjernsynstale kor han fortel om arv og abdisering, gjer at vi gløymer tida. Dette er når som helst, og her får vi presentert menneskas ibuande vondskap uavhengig av tid og rom.

Det heile opnar med kongens tilsynelatande velregisserte abdikasjon i ein storslagen scenografi som symboliserer makt. Men medan spelet og intrigane, og dermed og det menneskelege forfallet blir presentert, dett også dei ytre rammene ned. Scenografien, som her kan representere samfunnet, fell bokstaveleg i grus, og på ein ruin av ei slagmark endar menneska opp, avkledde i dobbel tyding, og endeleg klåre for ei form for erkjenning. Utan pynt er mennesket berre eit tobeint dyr! Det er mektige og gode grep instruktør og scenograf har nytta, og i det store scenerommet, som etter kvart blir ganske tomt, blir menneska temmeleg små.

Svein Tindberg som kong Lear, har den autoriteten på scena som kongen etter kvart mistar. Han fyller rommet, og vegen frå maktsjuke til fornedring og gradvis erkjenning, er godt framført jamvel om eg syns han nokon gongar spelar i vel store bokstavar. Harald Brenna som Jarlen av Gloucester gjer ein av sine beste rolletolkingar. I motsetnad til dei fleste aktørane som anten er berre vonde eller gode, har jarlen båe sider og blir dermed atskillig meir menneskeleg. I nettopp dette ligg eitt av denne oppsettingas største problem. Når aktørane, også frå Shakespeares side, er gitt så einsidige karakterar, blir dei fort tinnsoldatar utan attkjennelege trekk. Det kan gi ein distanse som gjer det vanskelegare å identifisere seg med, og å leve seg inn i handlinga. For same kva bakteppe kvardagen gir, er dette stoff som alltid er aktuelt. Likevel sat eg med ei kjensle av titteskap og at teatret ikkje greidde å treffe heilt. Det er velspela og spektakulært, men det er berre tidvis at det grip meg.

Det blir difor eit tankekors at to av dei scenene som først og fremst sit att i minnet, var då Bang-Hansen nærmast gjekk ut av framsyninga og nytta heilt andre regigrep. Båe situasjonane var så små at dei var over før eg fekk samla meg. Den eine er når ei slagscene blir framstilt stilisert ved dyktig bruk av lysbildeprojisering, og den andre er den alt nemnde Narren som er permittert og på veg heim. Når ho heilt en passant seier at Vi sees etterpå! er det for å minne menneska på at det kjem alltid eit etterpå!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen den 22. februar 2007)

Leave a Reply