Innsiktsfull debut

TEATER

Trøndelag teater – Studioscena
Eplehagen
Av Frode Sander Øien
Regi: Nora Evensen
Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen
Med: Harald Brenna, Pål Christian Eggen, Cici Henriksen, Evy Kasseth Røsten og Wenche Strømdahl 

Folkehelsa
Av Carl Frode Tiller
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen
Med: Janne Kokkin, Trond Peter Stamsø Munch, Helga Wendelborg, Mona Jacobsen og Kristofer Hivju 

Bildet: Når ekteskapet er slik at ein stol kan bli sensuell, er det på tide å gi litt faen! Foto:Vegard Eggen 

Trøndelag teater har valt å gi scene til fire relativt unge dramatikarar. Alt etter premiera på dei første to, kan vi slå fast at dette er eit overmoge tiltak som har livets rett og meir til!

Bak den særs tåpelege tittelen Trondheim Open, har Trøndelag teater invitert fire forfattarar til å skrive kvar sin einaktar for framføring på Studioscena. Dei fire har relativt ulik erfaring, og nokre har ikkje skrive for teater før. Onsdag var det premiere på oppsettingane til Frode Sander Øien og Carl Frode Tiller, og rett etter påske er det duka for Tale Næss og Johan Harstad.

Frode Sander Øien debuterte som dramatikarar for eit år sia då han sjølv dramatiserte sin eigen roman, Fantastiske Pepsi Love, for teater. Det var ein imponerande debut, og synte ein forfattar som tydeleg hadde fatta mye av teatrets eigenart. Oppsettinga var eit ungdomsstykke som nytta generasjonens eige språk. I Eplehagen har han valt å skildre ein atskillig eldre person; – den feterte, litt livstrøytte, og temmeleg sjølvopptatte forfattaren Daniel Becker. Skrivinga er det slutt på, og tida blir nytta til epledyrking. I retrospekt samtalar han med sitt yngre alter ego, og slik går no dagane. Byen hans skal avduke statue av Becker, og han let seg motvillig overtale til eit intervju. Møtet tar ei heilt anna retning enn han venta seg då den unge journalisten konfronterer han med fortida. Dei vala han i store ord omtalar som kunsten framfor alt, blir med eitt ynkelege når han blir tvunge til å sette seg til doms over seg sjølv. 

Harald Brenna er den gamle, og både dialogen med den unge, utsegnene om kunsten, og etter kvart intervjuet med journalisten er naturlege og til å tru på. Men der Øien i Fantastiske Pepsi Love indikerte og mana fram bilde, blir det her etter kvart måla ut med litt for brei pensel. Eg skal ikkje seie korleis noko går, men maskefallet kjem for tidleg, og historia er blitt altfor føreseieleg til å bli truverdig. Prosjektet hans er å seie noko om dei vala vi gjer og kva dei fører til, men det hadde vore mogeleg utan å vere så tydeleg. I Nora Evensens regi er det heller ikkje så mye att til fantasien. Det er synd, for prosjektet til Øien er godt, og teksten hans spennande. Men handlinga snublar av og til i litt for opplagte klisjear. 

Carl Frode Tiller har, etter det eg veit, aldri skrive for scena før. Han imponerte voldsamt med debutromanen sin, Skråninga, for seks år sia. Korleis kunne ein ung og urøynd mann vite så mye om menneskesinnet, og i tillegg vere i stand til å formidle det? Etter å ha sett scenedebuten hans, Folkehelsa, er eg endå meir imponert. Dette er ein dramatikar i full blomst! Ramma er eit ektepar (Janne Kokkin og Trond Peter Stamsø Munch), som har alt, men som har mista det vesentlege, og som har kome til eit punkt der det er på tide å gi litt faen. Eit tilsynelatande vellukka par som, saman med to mødrer og ein noko meir livsnytersk bror, samlar seg rundt eit middagsbord. Og så er vi i gang med eit tett og intenst kammerspel. Det er ein intelligent, observant, og ikkje minst særs humoristisk dialog Tiller gir oss. Humoren ligg i underteksten og i ei setting som fort kan bli ein interessant spegel på våre eigne liv. Og Tiller si innsikt i rollespela, hersketeknikkane og den verbale krysselden vi både forsvarar oss og går til åtak med, er det berre å ta av seg hatten for. Med humor og heilt uvanleg presis observasjonsevne syner han oss den formålslause verbale kampen vi alle kan kjenne oss att i. Regien til Kjersti Haugen understrekar på effektfullt vis det Tiller har på hjartet. Jamvel om merksemda er knytt til ekteparet og deira konflikt, er parallelle historier frå dei tre andre aktørane, samt utsøkt bruk av rekvisittar, små stiliserte scener og ei rekke raffinerte repetisjonar med på å gjere oppsettinga komplett. For det var det ho var! Og når eg i tillegg kan fortelle at ensemblet leverte strålande spel, toppa av ei Janne Kokkin i storform, har vel lesaren for lengst forstått at dette er godt teater!
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen den 26. februar 2007)

Leave a Reply