Pinleg og provinsielt

TEATER

Revisoren
Av Nikolaj Gogol
Omsett av Geir Kjetsaa
Regi og omarbeiding: Yngve Sundvor
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Med: Trond Høvik, Øyvind Brandtzæg m.fl.
Trøndelag teater – hovudscena

Bildet: PLUMPT: Eg føler oppriktig med alle dei dyktige skodespelarane som kvar kveld i veker framover må lide seg gjennom eit slikt lågmål. Foto: Lasse Berre

Om teatersjefen ikkje forstår det sjølv, bør nokon snarast fortelle han at han bør vurdere å ta denne produksjonen av plakaten så snart som råd!

Eigentleg burde eg vere rasande over at det er mogeleg å presentere noko så gjennomført dårleg og inkjeseiande som denne oppsettinga av Revisoren av Gogol på Trøndelag teater. Men eg kjenner at raseriet og indignasjonen først og fremst har gjort meg trist og ille til mote. Det må vere noko fundamentalt gale med kvalitetssikringa og leiinga ved Trøndelag teater, når dei kan presentere ei oppsetting som dette. Og eg føler oppriktig med alle dei dyktige skodespelarane som kvar kveld i veker framover må lide seg gjennom eit slikt lågmål.

Då Nikolaj Gogol skreiv komedien Revisoren for 170 år sia, la han handlinga til ein liten plass på landsbygda i tsar-russland der den lokale leiinga hadde gått fullstendig av hengslene, og der korrupsjon og maktmisbruk var rådande. Til staden kom ein revisor for å granske tilhøva, og ettersom han reiste inkognito, blei alle framandkarar sett på som ein mogeleg inspektør som ein måtte stelle pent med. Revisoren er ein forvekslingskomedie i same gate som Holberg sine komediar, og med same mål. – å gjere narr av menneskeleg dårskap. Instruktør Yngve Sundvor har freista å omarbeide dette til moderne og lokale forhold, men totalt utan fingertippkjensle. Handlinga er lagt til ein plass i Trøndelag som er til forveksling lik Trondheim, i ein scenografi som gir klåre assosiasjonar til Palmehaven, og med ei uendeleg rekke overtydelege, og etter kvart påtrengande hint om kor vi er. Byen er leia av eit fullstendig korrupt embetsverk der manglande kompetanse ser ut til å vere beste og einaste kriterium for å få jobb. I spissen for det heile er det ein valdeleg ordførar (Trond Høvik). Samstundes med at den meir enn lugubre Ivar Falsk-Aleksandersen (Øyvind Brandtzæg) kjem til staden, oppstår det eit rykte om at Økokrim har sendt ein revisor for å granske tilhøva i byen. Og så er vi gang.

Men i staden for å spele forvekslingskomedie, har Sundvor gjort dette til eit provinsielt lirum larum om nasegrus beundring for kjendisar, autoritetar og hovudstaden. Det kunne kanskje ha vore artig om det hadde vore godt laga, men her manglar ikkje berre det meste, men alt. Framsyninga er blotta for dramaturgisk oppbygging, demaskeringa blir ein parentes og eit antiklimaks, handlinga berre går og går utan at det skjer anna enn plumpe og pinlege opptrinn. Fleire av dei ser ut til å kome etter innfallsmetoden, og blir toppa av ei heilt umotivert avsynging av amerikanske svisker mot slutten. Nivået på humoren er så lågt at det ville kunne bli refusert på ein gjennomsnittleg russerevy. Det er korkje vågalt eller artig med pissing og onanering, og det er trist å måtte sjå erfarne og dyktige skodespelarar få roller der hovudattraksjonen deira er at dei runkar under ei kappe og syner fram brysta sine!

Scenografien til Even Børsum er det einaste formildande eg finn ved framsyninga. Ein lekker parafrase over Palmehaven der det heile til slutt kollapsar saman med det øvrige forfallet. Men i scenografien, som i stykket for øvrig, blir alt så tydeleg. Produksjonen er prega av ein grunnleggande mistillit til publikum der det meste er skrive med store bokstavar og repetert til det keisame. Og typegalleriet er så overspela at det blir pinleg. Av omsyn til publikum, teateret sitt truverd, og ikkje minst til skodespelarane, bør teatersjefen vurdere å ta denne oppsettinga av plakaten så fort som råd!
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 28. november 2005)

Leave a Reply