Kjærleiksvegring

TEATER

Rasende rebeller og andre reddharer
Etter fortellingar av Stig Claesson
Av Cirka Teater
Regi: Niels Peter Underland
Scenografi: Gilles Berger
Dokker: Tatjana Zaitzow
Kostyme: Ellen Karin Mæhlum
Musikk: Martin Smidt
Framført av Loan TP Hoang, Stian Hovland Pedersen og Anne Marit Sæther
Trøndelag Teater – Studioscena

Bildet: Forelska: Å vere forelska, – det er farleg, det! Foto: Dino Makridis
Sjangerblanding, kjærleiksvegring og ein poetisk ballett for tannhjul og fastnøklar!

Med særs gode røynsler frå suksessframsyninga Kurt koker hodet, har Trøndelag teater nok ein gong invitert til samarbeid med den vesle teatergruppa Cirka Teater. Denne gongen er det blitt ein slags barneversjon av Short Cuts der tre ulike fortellingar av Stig Claesson blir fletta saman til ei historie. Oppsettinga er ei sjangerblanding der vi både får tradisjonelt teater, dokketeater og skuggespel. Og alt presentert i umiskjenneleg Gilles Berger-scenografi, i eit landskap som kan få både Teknisk museum og Reodor Felgen til å framstå som statistar.

Det er skraphandlar Alfred det dreier seg om. Alfred er ein figur som dokkemakar Tatjana Zaitzow har gitt eit meir enn levande uttrykk. Han er stappfull av sjenanse og hormon i ei blanding der blygskapen og redsla for kjærleiken til nå har vore sterkast. Skrotgjengen, dei tre aktørane på scena, er både dokkeførarar og venner av Alfred, og går ut og inn av dei ulike funksjonane velsynkronisert og utan at rollene blir vanskelege å tolke. Dei kjem til Alfred med alt mogeleg gamalt skrot. Til skraphandlaren kjem også den vakre Beate. Ho er minst like hormonell som Alfred, men langt dristigare og meir rett på sak enn vår mann. Beate legg att eit brev om at nå må Alfred skunde seg om dette skal bli noko av. Alfred gøymer seg, og vennene i skrotgjengen har ein time til å overtyde han om at det er rett å satse på kjærleiken. Det er til dette føremålet dei nyttar dei tre historiene frå Stig Claesson. Ettersom dette, trass i boblande kjærleik para med sterk kjenslevegring, likevel er barneteater, er det vel meir enn gitt korleis det går med Alfred og Beate til slutt, men vegen fram er fylt av gode anekdotar sprudlande framført av eit ensemble fullt av overskot og speleglede. Og den lykkelege avslutninga er så varm og poetisk at ho kan smelte stein. Trollmannen Gilles Berger framstår som den reine alkymisten der han får søppel og skrot til å bli vakkert som gull. Eit skuggespel med ballett for ørten fastnøklar og ein handfull tannhjul til vakker nyskrive musikk av Martin Smidt, blir eit lite spel i spelet, og ein kjempebonus til eit publikum som alt for lenge sia er fullstendig forført.

Som vanleg frå Cirka Teater er dette ei særs visuell oppsetting. Samarbeidet med Tatjana Zaitzow som dokkemakar har gitt ein ekstra dimensjon til det visuelle, og det har også kostyma til Ellen Karin Mæhlum. I Niels Peter Underlands regi er Rasende rebeller blitt ei konsentrert, velsynkronisert og mangefasettert framsyning som først og fremst vender seg til ungar på grunnskulenivå, men som har så mange kvalitetar at også ungdom og vaksne vil ha stor glede av denne produksjonen.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. november 2005)

Leave a Reply