Quisseling quisselang

REVY

ORIGO
Av Forfattarkollegiet
Instruktør: Erik Schøyen
Koreograf: Tine Erica Aspaas
Scenografi: Martin Skallerud og Siv Haukebø
Framført av Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 05 – Studentersamfundet i Trondhjem

ORIGO er proft framført, flott koreografert og godt sunge, men likevel temmeleg uforløyst.

Det er student-UKE i Trondheim, ein gammal tradisjon som sikrar studentane økonomisk drift av eige hus i to år framover, men som er så uendeleg mye meir enn berre ei pengemaskin. Frå å vere ein revy med litt fest rundt i 1917, er det blitt verdas lengste veke (ho varar i 25 dagar), og det er landets største kulturfestival og dugnad. Rundt 1400 studentar jobbar meir eller mindre heiltid med eit prosjekt som for mange gir atskillig meir cred på cv’en enn eit semester eller to på NTNU. Motoren i UKA er sjølvsagt framleis revyen. Mange udøydelege songar stammar frå desse revyane, og eit utal norske skodespelarar har bakgrunn frå scena i det raude, runde huset ved Elgeseter bru.

I år heiter revyen ORIGO, og som vanleg kan ein legge mye tolking i UKE-namnet. Det er utgangspunktet, nullpunktet eller det geometriske skjeringspunktet. Allereie i den sceniske løysinga har ein tatt tak i dette der to flyttbare aksar er om lag einaste scenografiske element. Det er fikst tenkt, men fungerer ikkje alltid like godt. Slik er det og med mange av numra i revyen. Gode idear, men ganske uforløyst.

Det startar sjølvironisk med ei vise om den vanskelege opninga. Det er fart, trøkk og ein lovande start. Sceneskifta er raske, koreografien framifrå, spelet godt, og dei songlege prestasjonane utmerka. Slik held det fram i stort tempo der studentane er innom trivialitetar og daglege bagatellar samt det som er på TV. Det er media, trendar, kjendisar og mye intelligent leik med metaforar og ordspel. Men problemet er ofte at dramaturgien buttar, og at punchline kjem midt i sketsjen, som til dømes i eit ellevilt ordspel om dører. Slik renn mange elles gode innslag meir eller mindre ut i inkje.

Ein god revy skal ha brodd og ironisere over og harselere med alt og alle. Etter å ha sett ORIGO kan ein spørre seg om verda er TV og alt berre overflatefenomen. Ei anna sjølvironisk vise om at ein alltid må meine noko, er inne på det same. Studentane blir ofte kritiserte for å ha si eiga vesle verd, og ORIGO stadfestar diverre denne myta. Det er mange gode lågmælte tekstar og kvardagsobservasjonar, men lite frå den meir og meir globaliserte røynda. Det får vere studentane sitt val at krig, forureining, miljø- og naturkatastrofer er ikkje-eksisterande, men då får dei halde seg frå å skryte av at dei ikkje nøyer seg med å skrape i overflata. I det stofftilfanget dei har valt, er dei best når dei tar det heilt ut og blir skikkeleg hemningslause. Å parodiere Gåte er eit overmodent prosjekt, og det er framifrå gjort og med intelligent tekst. Det desiderte høgdepunktet er ein Quisselingopera som er ei absurd, ellevill, heilt respektlaus og ustyrteleg artig sak om Broadway-Larsen som smugla gode nordmenn til Junaiten for å sjå musikalar, og om Rinnan, Quisling og Hitler. Hadde det vore fleire innslag som desse, kunne vi ha bore over med det navleskodande. ORIGO er blitt ein sjølvopptatt revy der det nok er litt for langt mellom drammane til at han vil gå over i historia blant dei aller beste.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag 10. oktober 2005)

Leave a Reply