Leik med grenser

TEATER

Geita – eller hvem er Sylvia?
Av Edward Albee
Omsett og instruert av Carl Jørgen Kiønig
Scenografi og kostyme: Pekka Ojamaa
Med: Janne Kokkin, Terje Strømdahl, Are J. Rødsand og Jan Frostad
Trøndelag teater- Studioscena

Bildet: UTENKELEG: Er det rart ho (Janne Kokkin) blir hysterisk når mannen (Terje Strømdahl) forelskar seg i ei geit? Foto:GT Nergård
Med ein abnormitet som påskot, og med mye humor, utfordrar Albee toleransen og grensene våre.

Martin, verdsberømt arkitekt, på høgda av karrieren og lykkeleg gift i 22 år, vedgår for kone, son og sin beste ven at han er forelska i ei geit. Ja, – ei geit! Gjett kva som skjer? Det blir eit helvete, skjellsorda haglar, fordømminga er unison, toleransen lik null og forståinga likeeins. Dette er i kortform kva Edward Albees siste stykke dreier seg om, men berre på overflata. For ærendet hans er eit heilt anna enn å skrive om perversitetar.

Den amerikanske dramatikaren Edward Albee har i ein alder av 74 skrive nok eit grensesprengande skodespel. Geita – eller hvem er Sylvia? hadde urpremiere for tre år sia, og onsdag var det norgespremiere på Trøndelag teater. På overflata handlar dette som sagt om noko så prosaisk og utenkeleg som at Martin (Terje Strømdahl) fell for ei geit. All ytre handling dreier seg om det upassande, det abnorme, det perverse i denne romansen, og om korleis omgivnadene reagerer. Det er total nulltoleranse, ikkje eingong freistnad på forståing, og det går temmeleg heftig for seg. Kona Stevie (Janne Kokkin) nærast raserer husværet deira, venen Ross (Jan Frostad) misbrukar tilliten Martin har til han, og sonen Billy (Are J. Rødsand), som er homse og sikkert har opplevd stigmatisering sjølv, er breddfull av fordømming. I eit ekstremt tekstrikt kammerspel kastar dei fire replikkane sine fram og attende i ei verbal skotveksling av dimensjonar. Utanpå ser det alvorleg nok ut, men teksten er stappfull av humor, og endå meir undertekst. Slik blir dette ein komedie der Albee med latteren som verkemiddel utfordrar og leikar seg med grensene våre. Kva er akseptabelt? Og er alt ok så lenge ingen får vite om det? Framsyninga går på mange plan, og alvoret i den ytre handlinga blir også ofte utfordra av at dette er intellektuelle, oppegåande menneske som skal ha alt korrekt og difor kan henge seg opp i ulogisk semantikk og galt val av metaforar i kjenslelause utsegner der slikt kanskje ikkje er det viktigaste.

Dei fire på scena leverer solide rolleprestasjonar og passar særs godt i rollene. Terje Strømdahl greier det meisterstykket det er å få oss til å tru at han faktisk er forelska i ei geit. Og Janne Kokkin gir oss eit fyrverkeri av ei rolletolking der ho vekslar mellom raseri, fortviling, infamitetar og det at dette faktisk er den mannen ho har elska og som ho nok framleis elskar. Det er umogeleg ikkje å bli riven med, samstundes som låtten sit laust. Carl Jørgen Kiønig har ansvaret for både omsetting og regi. Båe delar med sikker hand. Teksten er godt tilpassa norske forhold, og er blitt særs munnleg og naturleg. Og regien er uhyre stram i tillegg til at det blir spela i eit temmeleg høgt tempo. Scenografien til Pekka Ojamaa tar oss rett inn i designarstua til ein stjernearkitekt, og er gjennomført stilsikker. Den intelligente teksten, det gode spelet og den understrekande scenografien skulle vere meir enn tilstrekkeleg. Men av ein eller annan grunn har Kiønig valt å legge bakgrunnsmusikk på ein del av scenene. Det blir forstyrrande, og heilt unødvendig. Med slike oppsettingar treng ein ikkje dramatisk filmmusikk for å skape dramaturgi!

Med ei handling som er så hinsides som dette, lurar ein på korleis det heile vil ende. Det skal eg ikkje røpe, men korkje Kiønig eller aktørane har greidd å gjere avslutninga like truverdig som resten. Finalen blir overtydeleg og alt for brå, samstundes som han manglar det overraskingsmomentet som han burde ha. Det er synd, for ei elles sterk og heilstøypt framsyning renn såleis ut i eit lite malapropos.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 22. april 2005)

Leave a Reply