Aldri for seint

TEATER

Lilli Valentin
Av Willy Russell
Omsett av Arthur Arntzen og Arvid Hansen
Regi: Otto Homlung
Scenografi: Per Kristian Solbakken
Med Hildegunn Eggen
Trøndelag teater – Gamle scene

Bildet: TRIST LIV: Lilli Valentin sitt liv er så trist og innhaldslaust at dei beste samtalepartnarane er poteter og gulrøter, for ikkje å snakke om veggen. Foto:Marianne Øiamo
Same kor ulevd livet er, så er det aldri for seint å ta det attende!

Willy Russell henta mange lovord for komedien Shirley Valentine då den blei sett opp i London og på Broadway for rundt tjue år sia. I 1989 blei historia allemannseige då ho blei filmatisert, og etter kvart har ho også inntatt fleire norske scener. Innhaldet skulle vere godt kjend: Femogførtiårig husmor som berre har dagdraumane att, gir med eitt faen og blir med venninna til Hellas på to vekers ferie. Der finn ho attende til livet, og bestemmer seg for å bli. Punktum!

Filmen, som langt dei fleste har eit forhold til, har dramatisert heile historia med stor rolleliste og opptak både i England og Hellas. Men den originale teaterversjonen er ein monolog der ein i langt større grad kjem inn i tankeverda og kjenslene til den temmeleg grå husmora Shirley Valentine. Det er ein tekst som, då han blei skriven, var utfordrande og dristig, men på grunn av humoren i det meir enn lett gjenkjennelege, fullstendig avvæpnande. Eg var redd mye av dette nå var blitt noko utdatert, og at berre den litt bittersøte historia og humoren var att. Og eg må vedgå at det var med stor grad av skepsis eg gjekk til Trondheimspremieren av denne oppsettinga. Sia Otto Homlung tok over som teatersjef ved nyttår, har han sett opp ikkje mindre enn tre eigne tidlegare produksjonar. Denne har vore spela på Stiklestad med Hildegunn Eggen i hovudrolla tidlegare. Det er grenser for kor mye reproduksjon og sparebluss teatret kan tåle. Men heldigvis tok eg feil. Hildegunn Eggen gjer dette til eit rørande møte med dei inste kjenslene til eit kvardagsmenneske du berre blir umåteleg glad i. Det er humoristisk, gjenkjenneleg, men eigentleg først og fremst særs gripande.

Teksten er godt omsett av Arthur Arntzen og Arvid Hansen, men i tillegg har Hildegunn Eggen og Otto Homlung omarbeidd han til det trønderske. Hovudpersonen heiter Lilli Pedersen med pikenamnet Valentin, ho pratar trønder, og alle referansar er særs lokale. Det gir ein ekstra dimensjon til det gjenkjennelege, og er eit særs viktig val. For det viser seg at tekstgrunnlaget i seg sjølv nok er i ferd med å gå ut på dato, og humoren er ikkje alltid like god. Det er difor ei krevjande sak å halde trykket oppe i to timar utan daudpunkt. Men Hildegunn Eggen er ein framifrå skodespelar som balanserar dette hårfint og med fingertippkjensle. Ho eig salen, og når ho i andre akt gjer sin entre i Hellas iført silkekjole, så er det til full applaus og ellevill jubel frå publikum. Og når ho mellom alle saftige metaforar og kvardagsfilosfiske betraktningar, går over til meir eksistensielle vurderingar om ulevd liv som det framleis er mogeleg å hente tak i, så blir det dørgande stille, og det er fleire i salen som grip etter lommetørkleet.

Lilli Valentin er godt gamalt fortellarteater der teksten er det viktigaste. Per Kristian Solbakken har forstått det, og scenografien hans er diskret, men likevel effektfull nok utan at han nokon gong gjer anna enn å vere med å illustrere. Regien til Otto Homlung har fått til ei god veksling mellom humor og alvor, der særleg andre akta gir masse næring til ettertanken. Det som i starten berre er revyhumor, blir etter kvart eit rørande møte med ei som gjer noko så banalt som å finne seg sjølv.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. april 2005)

Leave a Reply