Ronja Krigardotter?

TEATER

Ronja Røverdatter
Av Astrid Lindgren
Omsett av Jo Tenfjord
Dramatisert av Jon Tombre og Per Ananiassen
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostyme: Kathrine Tolo
Med: Rannei Grenne, Børge Bruteig og eit dusin vaksne røvarar.
Trøndelag teater – Hovudscena

Bildet: TALENT: Rannei Grenne som Ronja gjer store sprang i dobbel tyding. Dette blir neppe siste gongen ho står på ei scene. Foto:Harald Sæterøy

Storslagen Ronjaoppsetting med mye teknologi og effektar, men hadde det ikkje vore for Rannei Grenne og Børge Bruteig, kunne dette ha blitt ein temmeleg langdryg affære.

Trøndelag teater si flotte hovudscene skulle vere vel eigna til å sette opp Ronja Røverdatter i storformat. Her er både teknologi og dimensjonar til å skape røvarborg, helvetesgap, skog og meir til. Og regissøren Jon Tombre synte med oppsettinga «Lilleskogen» i fjor at han er i stand til å forstå og ta vare på barnesinnet. Når teatret i tillegg nyttar unge amatørar som er så trygge på scena at ein skulle tru dei var fødde der, burde det meste vere til stades. Men resultatet er diverre blitt berre eit halvgodt forsøk på å gjere noko nytt utan å våge å ta steget heilt ut. Røvarfamiliane ter og kler seg som geriljasoldatar, og mye av effektane kan tyde på at det er krig. Det er ein spennande variant der Ronja og Birk kunna ha fått rolla som meklarar. Men krigen er berre utanpå. I det verbale er alle røvarar og ikkje soldatar, og då heng det ikkje heilt i hop.

Ronja er ikkje lett å dramatisere, og ei teateroppsetting set store krav til dramaturgi og scenografi. Det er raske skift frå borg til skog og kløfter. I første akt verkar det som om Tombre er redd for at alt ikkje blir med. Han tar oss med på det som nærmast blir ei vareopptelling der vi hastar av garde frå scene til scene. I andre akt lar han heldigvis Ronja og Birk få lov til å stoppe opp og dvele litt. Då blir det straks meir poesi. Og med så scenevande ungdomar i dei to berande rollene, burde Tombre ha gitt dei meir rom til å spele ut venskapen sin, brubygginga, og alle dei andre elementa det er mogeleg å dikte inn i denne historia. På premiera fredag var det Rannei Grenne og Børge Bruteig som spela Ronja og Birk. Med eit forrykande spel i høgt tempo og med stor energi, gjorde dei alle andre til statistar. I andre akta synte dei også at dei har eit større register då dei i meir rolege passasjar gav oss nokre av oppsettingas beste og mest poetisk scener.

Med unntak av Helle Ottesen som gjorde ei framifrå tolking av Skalle-Per, blei eg ikkje klok på dei vaksne (les; dei profesjonelle) på scena. Det er mogeleg Tombre ønska å vise at røvarane var nokre ynkelege vesen, men dei blei så anonyme, firkanta og sjablongmessige at det grensa til det parodiske. Og røvarhøvdingane Mattis og Borka var ikkje egna til å skræme nokon. Korleis dei hadde fått autoriteten sin, er for meg ei gåte.

Kathrine Tolo har ansvaret for scenografi og kostyme, og har gjort ein del ganske frie val. Røvarborga er bytta ut med ei hole, dei to røvarfamiliane er kledd som ei blanding av hippiar og paramilitære styrker, og vettene flyg rundt som sølvblinkande Ufoar. Alt dette er greitt, truleg gjort for å gjere Ronja meir moderne og spele på at det i røynda er krig dette handlar om. Eg er meir skeptisk til alle sceneskifta, effektane og dimensjonane på scenografien. Alle desse elementa skal vere med for å få fram og understreke det som skjer på scena. Men her tar det til tider litt overhand og er nær ved å sprenge formatet. Teaterlaget i BUL sette for ein del år sia opp Ronja i tårnet på Munkholmen, og greidde med enkle middel å skape dei nødvendige illusjonane. Resten fekk vi fantasere oss til. På Trøndelag teater er alt ferdigtygd. Med unntak av dei sjarmerande grådvergane og søte huldretussane, var det diverre ikkje så mye att som kunne pirre fantasien.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. mars 2005)

Leave a Reply