Spontanteater

TEATER

Lik til salgs
Etter Dario Fo
Av og med Baktruppen
Teaterhuset Avant Garden

Det som skulle bli eit skeivt blikk på unionsoppløysinga, blei i siste liten noko heilt anna, men likevel ikkje så langt frå utgangspunktet.

Baktruppen har i lengre tid arbeidd med ein revy om unionsoppløysinga og nordmannen gjennom dei siste hundre åra. Den skulle ha premiere ved BIT-Teatergarasjen i Bergen i førre veke. Men berre nokre dagar før urpremieren fann dei prosjektet for keisamt. Dei kullkasta heile ideen, og på inga tid øvde dei inn eit absurd einaktars silhuetteater basert på «Lik til salgs» av Dario Fo. Baktruppen ville ikkje bli del av det nasjonale hysteriet rundt markeringa av unionsoppløysinga, og sette i staden opp noko heilt anna. Eller handla det om 1905 likevel? Oppsettinga hadde premiere i Bergen til rett tid. Nå har det gjesta Trondheim, og om ei veke spelar dei på Black Box i Oslo.

Dette er nærast å rekne som stuntteater, og er uråd å melde etter vanlege kriterium. Men det gjeld vel også for meir førebudde oppsetningar frå denne gruppa. Framsyninga blir presentert som skuggeteater der bakteppet er Norsk Hydro sin administrasjonsbustad på Notodden, – og dermed er linken til 1905 lagt særs synleg. Scena er hagen framfor huset der eit pokerlag finn stad. Aktørane snakkar eit kaudersvensk og alt i det temmeleg ubehjelpelege språket signaliserer Baktruppen at her blir det spela omtrentleg og utan kryss og b-ar. Det er lett å akseptere, og faktisk ganske sjarmerande. Og sjølvsagt nok ein link til 1905. Handlinga er ein absurd farse full av overraskande og urkomiske vendingar, og der pokerlaget skyt både små- og storvilt sånn reint en passant utan at det ser ut til å affisere dei det minste. Dei er opptekne av pengar, pengar og pengar. Metaforane både til unionsoppløysinga og tilhøvet til broderfolket står i kø for den som vil tolke dette djupare. Og at oppsettinga i røynda er Baktruppens reviderte revy om hundreårsjubileet med eit særs skeivt metablikk på det som hende, er eg ikkje i tvil om.
Med stor tekstrikdom og stutt innøving har sjølvsagt oppsettinga store dramaturgiske problem når det heile rett som det er stoppar litt opp. Men her gjeld som sagt andre reglar. Eg lar meg sjarmere og underhalde, og eg gir blaffen i at dette er uferdig teater i ei temmeleg snublande form. I staden er eg glad for at det finst grupper som Baktruppen som vågar å snu opp ned på ting i siste liten, som torer å vere spontane, og som gir blaffen i kva som er ferdig nok til å presentere på ei scene. Denne produksjonen viser at ei rufsete skisse ofte kan vere vel så illustrerande som eit fullført og detaljrikt måleri.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 18. februar 2005)

Leave a Reply