Aperitif

TEATER

Tre skuespill
Finn Iunker
Teaterhuset Avant Garden

Mjuk sesongopning med ein appetittvekkar som var særs lovande.

Teaterhuset Avant Garden hadde sesongopning tysdag med presentasjon av dramatikaren Finn Iunker. Det blei eit triveleg og løfterikt møte. Iunker er personifikasjonen av det gamle munnhellet om at ein ikkje blir profet i eige land. Han er knapt nok spela på norsk scene, men i Belgia, Nederland, Tyskland og Portugal blir han sett opp. I fjor haust fekk han gitt ut boka Tre skuespill på Cappelen. Og til overmål blei han nominert som norsk kandidat til Nordisk dramatikarpris med to av dei tre stykka i boka. For Teaterhuset Avant Garden er han særs aktuell for tida. Nettverk for scenekunst (Black Box i Oslo, B.I.T. Teatergarasjen i Bergen og Avant Garden i Trondheim) har gjort noko så eineståande som å gå saman om å tinge eit nyskrive stykke av Iunker. Det har arbeidstittel Revolver og blir sett opp av den belgiske teatergruppa De Roovers i 2006.

Opninga av vårsesongen i Teaterhuset Avant Garden var som ei lita innføring i dramatikken til Iunker og ein aperitif som var så lovande at i alle fall eg ser med spenning fram til nye møte med stykka hans. Iunker las sjølv utdrag frå dei to tekstane Ifigeneia og Helena, båe ei vidareføring av Evripides sine tragediar med bakgrunn i Trojanerkrigen, men i moderne drakt og med tydeleg adresse til vår eiga tid. Tre skodespelarar frå Trøndelag Teater las deretter frå Play Alter Native som er det tredje stykket i boka, og som baserer seg på ei persisk fortelling. Gjennom eit kongerike rann ei elv som ein dag blei forgifta. Dei som drakk av elva blei galne. Kongen drakk av si eiga elv, og heldt fram som normal. Men då alle andre var galne, meinte dei det var kongen som var gal og kravde at han gjekk av. Då drakk også kongen av den forgifta elva, blei gal, og alt kunne falle attende til det normale! Gjennom ein glitrande dialog, underfundig og motseiingsfylt, ligg dagsaktuelle politiske parallellar snublande nær.

Kvelden blei avslutta med at Per Ananiassen, dramaturg ved Trøndelag Teater, intervjua Iunker om dette og hint, om lettare tragikomisk forhold til institusjonsteatra og dramatikarforbundet, om eit slakt av Jon Fosse, om korleis kulda i Ulan Bator i 2001 og ein artikkel i denne avisa kan bli eit ungdomsstykke, og sjølvsagt om dramatikken til Iunker. Det blei ein litt annleis teaterkveld, men appetitten på meir Iunker er i alle fall vekt.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 31. januar 2005)

Leave a Reply