Å parodiere parodien

TEATER

Reality – Danny Crowe Show
Av David Farr
Omsett av Jan Faller
Regi: Harry Guttormsen
Scenografi:Arne Nøst
Musikk: Andreas Aase
Dei som er med: Are J. Rødsand, Ingrid Bergstrøm, Marianne Meløy, Wenche Strømdahl, Trond-Ove Skrødal og Arne O. Reitan
Trøndelag Teater – Studioscena

Bildet: FADERMORD: Peter (Are J. Rødsand) øver seg på å fortelle sjåarane korleis han drap far sin. Foto:Harald Sæterøy
Ein realitysatire og forviklingskomedie som har store problem med timing og truverd.

Å lage svart satire over temaet realityshow er eit overmodent prosjekt. Britiske David Farr gjorde jobben for fire år sia med The Danny Crowe Show, og etter å vere sett opp på scener over heile Europa og hausta mye god kritikk, er turen nå kome til Norge der Trøndelag teater er først ute. Fenomenet skulle vere godt kjend for alle frå seriar som Ricky Lake, Big Brother, Robinson og you name it. Andy Warhol si devise om at i framtida vil alle vere namngjetne i eit kvarter har synt seg å gå i oppfylling, og folk står formeleg i kø for å brette ut seg sjølv og sine næraste for open skjerm. Danny Crowe har det ultimate showet som fortel dei styggaste lagnadene, han er lidingas ukrona konge. Vi får korkje sjå han eller showet hans, men derimot to av sersjantane, – dei som driv research og finn fram dei forhutla menneska som her ser store sjansar til å kome på TV, og kanskje til litt rikdom i tillegg. Realityomgrepet er så misvisande som det går an. Her er stort sett juks, humbug, forstilling og reint skodespel. Både dei som fortel historier, og dei som finn dei, retusjerer og fikser på røyndomen for å få han ille nok til å passe konseptet. I denne oppsettinga møter vi Miles og Magda (Trond-Ove Skrødal og Wenche Strømdahl) som båe jaktar på det store scoopet. For å finne det blir dei etter kvart like avstumpa som lagnadene dei leitar etter. Kyniske, kjenslelause og fiksert på å finne den råaste historia. Den meiner dei å ha funne med søskenparet Tiffany og Peter (Ingrid Bergstrøm og Are J. Rødsand). Peter har drepe far sin og Danny Crowe skal få den eksklusive historia. Alt er sjølvsagt berre bløff, og framsyninga tar etter kvart form som ein gedigen forviklingskomedie.

David Farr tar fenomenet reality på kornet, og har mange gode og humoristiske poeng i sin ganske svarte ironi. Men problemet blir at sjangeren alt i utgangspunktet er ein parodi på seg sjølv og såleis særs vankeleg å parodiere. Difor blir det alt for ofte opne dører som blir slått inn, og ei rekke temmeleg forutseielege scener. Det er artig, ja vel, men som satire og sjangerkritikk er det ikkje så imponerande. Framsyninga endar opp som rein forviklingskomedie med sanningas augneblikk og avsluttande demaskering. Slike komediar krev god timing og at aktørane går ut og inn av scena til rett tid. I Harry Guttormsens regi fungerer ikkje dette godt nok. Folk dukkar opp nokså umotivert, og det gjer at truverdet manglar. Guttormsen har også gjort ein del regigrep som lever sine eigne liv heilt uavhengig av framsyninga, og som eg finn meir som påfunn enn som logiske for oppsettinga. Det heile startar med at suffløren les scenetilvisingar i ei metaform som aldri blir følgd opp. Og musikaren Andreas Aase lagar lydkulisser som blir overspela og forstyrrande. Her er ei merkeleg blanding av forviklingskomedie og absurd buskis, svart satire, metateater, alvorlege passasjar, og ei temmeleg melodramatisk ending utan store overraskingar.

Oppsettinga seier oss ikkje så mye nytt om realitysjangeren, men ho er både underhaldande og ganske humoristisk. Det som likevel bergar produksjonen er først og fremst dei mange gode sceneprestasjonane. Ingrid Bergstrøm er ein energibunt av ein skodespelar, og Are J. Rødsand syner nok ein gong at han verkeleg kan å tolke dei som er heilt på kanten av samfunnet. Og nærast som ei bonusgåve til publikum kjem Marianne Meløy i ei nesten unødvendig rolle som ho gjer maksimalt ut av, og litt til.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 11. februar 2005)

Leave a Reply