Maskefall

TEATER

FOLKEUTRYDNING eller leveren min er meningsløs
Av Werner Schwab
Omsett av Øyvind Berg
Regi: Christoffer Berdal
Scenografi: Thomas Bjørnager
Med: Gerdi Schjelderup, Hildegunn Eggen, Are J. Rødsand, Randolf Walderhaug, Janne Kokkin, Kikki Stormo og Ragnhild Arnestad Mønness
Trøndelag Teater – Studioscena

Bildet: VELLUKKA: Sjå kor vellukka vi er! Familien Kovacic veit å vise rettsida til kamera. Foto: Harald Sæterøy

Ei nådelaus utlevering av menneska bak fasadar av lummer idyll.

Pulp fiction på teater, eller teater med handhalde kamera! Det er ikkje akkurat kvardagskost som blir rulla opp for oss på Studioscena på Trøndelag teater. Eller kanskje er det nettopp det? I Folkeutrydning av den austerrikske forfattaren Werner Schwab (som blei ein av dei unge døde etter at han drakk seg i hel for ti år sia berre 35 år gamal) får vi vrengt ut innsida av ei bustadblokk i Graz. Og det er ikkje noko vrengebilde han presenterer jamvel om det er både brutalt og om ikkje sjokkerande, så i alle fall uvant på ei scene. På tre ulike plan bur eit knippe representantar for det urbane Austerrike. I nedste etasje – ganz unten – bur fru Orm (Hildegunn Eggen), ein forhutla katolsk pensjonist og hennar arvesyndsmerka son Herrmann (Are J. Rødsand) med klumpfoten som det mest synlege lyte. Dei opnar ballet med ein verbal duell så rask og full av obscøn og infam tale at det kan vere vondt å henge med. Det er framifrå spela, og etter ein slik ouverture lurer ein på kor dette skal ende. Deretter forflyttar vi oss oppover i etasjane til familien Kovacic, ein familie så besteborgarleg og strevande som det vel er mogeleg, sjukleg oppteken av det materielle utan heilt å vere der. Mannen er i røynda redusert til det dei kallar møbelforsørgar og krafsar på dei to tenåringsdotrene, og vel så det, medan kona ser ein annan veg og driv sosial klatring i stor stil. Janne Kokkin gjer ein kjempejobb i å syne oss denne ambisiøse kvinna som har sosial status som høgste mål. I øvste etasje finn vi den gamle aristokraten fru von Nagh spela med fingertippkjensle og eleganse av Gerdi Schjelderup. Ho har borgarskapet sin stil både i språk og veremåte, men kan vere vel så infam som dei meir plumpt utagerande i dei lågare sjikta, eller etasjane om ein vil.

Schwab har skrive eit særs tekstrikt stykke der han nærmast har oppfunne sitt eige språk eller måte å formulere seg på. Fantastiske metaforar blir kasta mot oss i eit stort tempo, men i Øyvind Berg si framifrå omsetting blir dette både tatt godt vare på og atskillig lettare tilgjengeleg enn ein kunne frykte. For i dei verbale tiradane desse menneska bombarderer oss med finns det både doble og triple botnar, og det er ei oppsetting det kan vere god grunn til å sjå fleire gongar for å få med seg alle nyansane.

Trøndelag teater har henta to unge danskar til å stå for regi og scenografi. Det var eit hyggeleg møte. Instruktøren Christoffer Berdal har greidd å skape ein intens og tett framsyning med eit samspela og velsynkronisert ensemble der det verbale får stå sentralt jamvel om handlinga også er temmeleg actionfylt. Ettersom det heile blir presentert i særs humoristiske vendingar, får oppsettinga mye preg av titteskap der avstanden til det brutale ikkje blir nær nok til at det filleristar oss slik det kunne ha gjort. Dette er både bra, og samstundes eitt av oppsettingas største problem. Kontrasten til fru von Naghs monolog i siste scene blir i største laget.

Scenografien til Thomas Bjørnager er innlysande, men likevel langt frå enkel. Dei tre etasjane er effektfullt attskapt som tre ulike plan der møblering og omgivnader ikkje gir nokon tvil om kva for sosial setting vi blir tatt inn i.

Austerrike har ei særeiga historie. Frå å vere verdas politiske, kulturelle og intellektuelle midtpunkt for vel hundre år sia, blei det etter første verdskrigen omgjort til ein liten alperepublikk. Og tilhøvet sitt til nazismen og andre verdskrigen har landet aldri tatt eit skikkeleg oppgjer med. Desse to trauma ligg som ein kraftig undertekst i heile denne oppsettinga der både familieeininga og bustadblokka er metaforar for samfunnet. Schwab held opp stygge spegelbilde som syner oss menneskeleg dår- og vondskap. Med eit rocka og moderne språk gir han oss innblikk i dei lumre familieidyllane, – slik ein utfrika Ibsen hundre år etter kunne ha gjort det.

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 22. november 2004)

Leave a Reply