Kulturell vareopptelling

TEATER

Peer Gynt
Av Henrik Ibsen
Instruktør: Karstein Solli
Musikk: Einar Olav Larsen
Framført av BUL i Nidaros
BUL i Nidaros – stortelt på Trondheim Torg

BUL i Nidaros feirar hundreårsjubileum med å sette opp Peer Gynt i stortelt på Trondheim Torg.

Det er lenge sia annleispratande bondeungdommar som flytta til byen for å arbeide eller gå skule, trong ein friplass der dei kunne vere seg sjølve. Bondeungdomslaget i Trondheim, eller BUL i Nidaros som laget heiter, var 100 år i vår. Etter kvart har laget endra og utvikla seg til å bli ein enorm kulturinstitusjon med mange sterke særlag. Songlag, folkedanslag, spelemannslag, og det eldste av dei alle; teaterlaget. Det siste har vore ein talentfabrikk av dei heilt sjeldne, og eg tar ikkje munnen for full om eg seier at norsk teater hadde vore atskillig fattigare utan teaterlaget i BUL. Mange vel etablerte profesjonelle skodespelarar har fått grunnutdanninga si her, og Trøndelag teater hentar stadig unge talentar frå BUL til barne- og ungdomsroller i musikkspela sine. Sommarteatret på Munkholmen har vorte ein institusjon i Trondheim, og teaterlaget har også laga eit utal andre produksjonar.

Nå er ungdomslaget hundre år, og kva er meir naturleg enn å sette opp nasjonaleposet over alle; Peer Gynt. Den einaste innvendinga er sjølvsagt at det er eit halsbrekkande prosjekt, men BUL er ikkje mørkredd, og har aksla vanskelege prosjekt før. I eit stortelt på Trondheim Torg viser dei nå ei oppsetting der alle særlaga får syne seg fram. Over hundre aktørar får boltre seg i det som meir liknar ein sirkusmanesje enn ei vanleg scene. Det er blitt ei enorm vareopptelling i dobbel forstand der vi både får presentert alt kva BUL er godt for, og Peer Gynt i ei fartsfylt hopping frå scene til scene.

Teaterlaget i BUL har utmerka seg ved ein særs demokratisk form for audition. Er du tretten år og stjerne eitt år, får du vere statist neste gong, – om du er så heldig å få vere med. Og laget har ventelistar lange som vonde år. Nå lar dei for ein gongs skuld alle få sleppe til. Det blir sjølvsagt ikkje heilt velspela teater i tradisjonell forstand av slikt, men likevel ei imponerande oppvising.

Instruktøren Karstein Solli har valt å lage oppsettinga som ei samling tablå der masseopptrinn og det visuelle stundom er vel så viktig som teksten. Det har vore eit klokt val. Det meste er med, men sjølvsagt skore inn til beinet og vel så det. Her får både songlag, folkedanslag og spelemannslag synt seg fram. Dårekista er blitt ei framifrå scene der mange av dei yngste boltrar seg i brukte bildekk! Akkurat slik galskap som ei dårekiste skal representere. Sentralt i det heile er sjølvsagt Peer, utmerka og energisk framført av Magnus Lie Hetland. Han er ein fyrig, viril og erotisk figur som hoppar frå tablå til tablå som ein Peer in Wonderland, litt turist i sitt eige stykke. Musikken som bind det heile saman er nyskriven av Einar Olav Larsen med hjelp av broren Gjermund. Det er eit verkeleg imponerande stykke arbeid. Musikken passar som hand i hanske til oppsettinga og bør så absolutt få eit liv etter dette.

BUL i Nidaros har halde vareopptelling, og har grunn til å vere nøgd med det dei har funne. Laget forvaltar ein enorm kulturell rikdom, og om det ikkje blir stor kunst av ei slik massemønstring, så var det i alle fall ei verdig og storslagen markering. Eg gratulerer!

Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 9. november 2004)

Leave a Reply