Kaos i hekken

TEATER

IDYLL?: Gartnaren (Kaja Linder Henriksen) vatnar hekken, men kva er det for rare vekster som gror opp? FOTO: ANDREAS ROKSVÅG

«Hekken»
Det Vestnorske Teateret, scene 2
Av: Makalaus produksjonar (Stine R. Svellingen Sacha Slengesol Balgobin og Tora Troe)
Regi og koreografi: Ingrid Askvik og Berit Einemo Frøysland
Scenografi og kostyme: Tora Troe
Komponist: Emily Adomah
Lysdesign: Randiane Aalberg Sandboe
Med: Sacha Slengesol Balgobin, Stine R. Svellingen og Kaja Linder Henriksen

Ei tvers gjennom sjarmerande, varm, inkluderande og opplevingsrik framsyning som eg håpar kan bli sett opp att slik at fleire får høve til å sjå.

På biscena på Det Vestnorske Teatret er det den siste veka i april spela ei upretensiøs, opplevingsrik, sjarmerande og vakker lita framsyning for barn, og spesielt for ungar med funksjonsvariasjonar. «Hekken» handlar, som tittelen fortel, om ein hekk. Ein gartnar (Kaja Linder Henriksen) vatnar, gjødslar og ser til at hekken, og alle dei andre plantane i hagen får gode vekstvilkår. Ho har tilsynelatande full kontroll. Men så tek hekken til å leve sitt eige liv, det blir hol i han, og ut kryp to figurar (Sacha Slengesol Balgobin og Stine R. Svellingen) som etter kvart lagar mykje styr og vanskar for gartnaren.

UGRAS?: Desse to sjarmtrolla (Sacha Slengesol Balgobin og Stine R. Svellingen) lagar kaos i hagen. FOTO: ANDREAS ROKSVÅG

Det ganske nystarta kompaniet Makalaus Produksjonar (Stine R. Svellingen og Tora Troe) har som føremål å utvikle teaterframsyningar for barn og unge med funksjonshemmingar og med særlege behov, og legg vekt på å lage sanselege produksjonar. I fjor såg eg framsyninga «Skogsprinsessa» av kompaniet «Eventyr i parken», eit lite vandreteater i skogen der både Svellingen og Troe var medverkande. I tematikk var det litt beslekta, men det var utandørs, og ei rein barneframsyning utan meir spesifikk målgruppe. Etter idé frå Svellingen, er «Hekken» blitt utvikla som ei sanseleg oppleving der dansen er integrert del av framsyninga. Difor er regissørane Ingrid Askvik og Berit Einemo Frøysland også koreografar. Og dette er ein samproduksjon mellom Makalaus Produksjonar og Det Vestnorske Teatret.

Framsyninga tek til med gartnaren (Henriksen) som held på med sitt, og i bakgrunnen er det ein stabel med grøne matter som kan illudere ein hekk. Men så dukkar altså desse to leikne figurane (Balgobin og Svellingen) opp som ein uroleg del av hekken, eller kanskje som ugras eller anna som kan forstyrre idyllen. Og resten blir ein artig leik, litt som katt og mus, mellom gartnaren og dei to. Det er ingen tale, berre lydar, song og handling. Og enkel dans, meir som koreografert rørsle. Dei to regissørane og koreografane Ingrid Askvik og Berit Einemo Frøysland har laga ei tett og stram framsyning med god dramaturgisk stigning, men som også gir store rom for leik og improvisasjon når det blir som mest interaktivt.

FERSKA: Gartnaren og dei to urokråkene. FOTO: AMUND GRIMSTAD

«Hekken» blei spela både som opne framsyningar for mindre barn, og som lukka for spesielle grupper. Eg var så heldig å få ei lukka framsyning for sju barneskuleungar med ulike funksjonsvariasjonar. Dei hadde alle med sin eigen personlege assistent, og medan vi venta på at det skulle begynne, var det, om ikkje utagering, så i alle fall vanskeleg å finne ro eller å halde seg tause. Så tok framsyninga til, og etter nokre få minutt var det tagnad og djup konsentrasjon om det som skjedde. Med enkle middel og med invitasjon til å ta del og gjere dette så interaktivt som publikum måtte ønske, fekk dei tre på scena all merksemd, og det var openbert at her var det fengslande opplevingar for dei frammøtte.

LEIKNE: Alt blir artig med desse to. FOTO: ANDREAS ROKSVÅG

I løpet av dei førti minutta som «Hekken» varte, fekk vi ei sanseleg, sjarmerande og varm lita framsyning som trass små og enkle middel likevel ga oss mange fine opplevingar. For meg er det å sjå korleis publikum responderer i slike framsyningar ofte ein nesten like stor del av teateropplevinga. Og her var det tydeleg at dette fenga.

Nå er speleperioden på Det Vestnorske Teatret over, men denne framsyninga burde vere mogeleg å turnere med så eg vil håpe at Makalaus Produksjonar kan ta henne med vidare til eit større publikum om ikkje Det Vestnorske Teateret set opp fleire visingar.

Leave a Reply