Ansvar og fri vilje

TEATER

VIL UT: Fanga, både fysisk og i sitt indre sjølvpålagde helvete, er det ingen veg ut for Ines (Ingrid Bergstrøm), Garcin (Hans Petter Nilsen) og Estelle (Sunniva Du Mond Nordal). FOTO: VEGARD EGGEN

«For lukkede dører»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Jean-Paul Sartre
Omsett av: Elisabeth Thams
Regi: Lea Fedida Claussen
Scenografi og kostyme: Maya Livingstone
Lysdesign: Magnus Hjortlund og Eivind Myren
Lyddesign: Thordis Ivarsdottir
Med: Ingrid Bergstrøm, Hans Petter Nilsen, Sunniva Du Mond Nordal og Thomas Jensen Takyi

Ei velregissert oppsetjing om vårt sjølvpålagde helvete når vi gjer oss avhengige av stadfesting frå andre i staden for å stå for eigne val.

Jean-Paul Sartres (1905-1980) eksistensielle einaktar «For lukkede dører» («Huis Clos») frå 1944 er rekna som eitt av førre hundreårets sentrale drama. Norgespremieren var alt i 1946, og seinare er det blitt oppført ei rekkje gongar her i landet, men berre ein gong dei siste 25 åra. Når Trøndelag Teater nå vel å setje det opp att, er det fordi samtida vår har gjort det meir aktuelt enn på lenge. Nok ein gong er det naudsynt å stille spørsmål ved menneskas ansvar og reelle valfridom, og om korleis blikket frå andre gir oss ei kjensle av tap av fridom og å bli overvaka.

FYSISK: Det går stundom heftig for seg. FOTO: VEGARD EGGEN

Tre menneske hamnar i eit lukka rom som dei raskt forstår er helvete. Det er ein plass utan skjærseld og fysiske pinsler, men der dei konfronterte med sine eigne løgner og dei to andre sine fordømmande blikk, i staden opplever eit psykologisk helvete som dei sjølve er med på både å skape og forsterke. Det kjende sitatet «Helvete er dei andre» er mantraet frå dette dramaet. – Det er ikkje mi skuld, – det er alle dei andre! Nådelaust, men ikkje utan humor, kler Sartre av dei tre menneska, løgnene deira og sjølvbildet. Det indre helvetet dei opplever, er kva som skjer når dei heile tida er avhengige av stadfesting frå dei andre og slik gir opp høvet til å ta eigne frie val.

DESPERASJON: Fåfengt freistar dei tre å bryte stengsla og kome seg ut. FOTO: VEGARD EGGEN

Trøndelag Teater har for tida eit talentprogram dei kallar «Regiløftet» der to unge regissørar er valde ut til å få hjelp til å utvikle seg til etter kvart å kunne stå for større hovudsceneoppsetjingar. Lea Fedida Claussen er ein av dei. Ho er utdanna ved Den Danske Scenekunstskolen i København i 2025. «For lukkede dører» er hennar regidebut, og resultatet er meir enn lovande. I staden for eit tradisjonelt lukka rom, har ho, saman med scenograf Maya Livingstone, vald å legge handlinga til eit plastforsøpla kystlandskap. Det opnar med at tenaren (Thomas Jensen Takyi) som ein slags vaktmeister dreg frå sceneteppet og avslører ei scene på scena. Ein innramma glasvegg med kystlandskapet nærast som eit prospektkort bakom. Det er eit typisk titteskap som tydeleg signaliserer at dette er teater og ikkje røyndom. På dei forsøpla svaberga mellom glasveggen og havet står tre stivna menneske som saltstøtter. Ein for ein blir dei vekte til liv. Det er Garcin, (Hans Petter Nilsen), ein aktivist og pasifist. Det er den posttilsette Ines (Ingrid Bergstrøm), og det er Estelle (Sunniva Du Mond Nordal), ei sjølvopptatt overklassekvinne.

TENAREN: Thomas Jensen Takyi er tenar eller vaktmeister og samstundes vår guide som opnar og lukker titteskapet. FOTO: VEGARD EGGEN

Tenaren gir dei litt informasjon om det nye tilværet deira før dei nokså fortvila freistar å kome seg ut ved å kaste plastsøppel, isolasjon og anna rek på glasveggen. Men det er sjølvsagt fåfengt. Så går dei i staden laus på kvarandre. Alle er dei sjølvrettferdige og utan forståing for kvifor dei har hamna her. Før dei lag for lag, under dei andre sine blikk, må vedgå at det nok er gode grunnar til at dei er der dei er likevel. Det som vidare driv dramaet framover er dramatiske og tidvis heftige samtalar og interaksjon mellom dei tre.

Lea Fedida Claussen har vald å gjere dei tre menneska litt meir outrerte enn det teksten legg opp til, og samstundes som dette regigrepet synleggjer rollene utan at dei blir overspela, gir det også framsyninga mykje god og forløysande humor. I dette helvetet som er meir ein tilstand enn ein plass, blir vi presenterte for eit klaustrofobisk, litt surrealistisk og intenst kammerspel med gode, tydelege og overtydande rolletolkingar. Det er eit presist samspel der dei tre verkeleg går kvarandre på nervane og slik skapar det helvetet dei eigentleg vil unngå og ut av. Sjølv om replikkane og orda er det sentrale, er spelet tidvis ganske fysisk. Men når det verkeleg dreg seg til i det mest heftige, har Claussen på vellukka vis vald ei stilisert form som nok ein gong understrekar at dette er teater og ikkje realisme.

VEG UT?: Ein mogeleg utveg, og med bibelske referansar, men vil dei eigentleg ut? FOTO: VEGARD EGGEN

Etter ei stund finn Garcin ut at havet berre er ei kulisse, og bak den viser det seg at staden, eller tilværet, kanskje har ein utgang likevel. Ein elevator som syner at dei er på underetasje 666, ein symboltung bibelsk referanse, kan kanskje få dei ut? Ein etter ein freistar dei å ta heisen, men ombestemmer seg i siste liten. Dette er eit sentralt element som i denne oppsetjinga blir litt uforløyst. For på same tid som ho blir føreseieleg, er det ikkje noko i handling eller tale som fortel kvifor dei tre vel å bli.

«For lukkede dører» er blitt ein overtydande regidebut der Lea Fedida Claussen har laga ei framsyning som er stram i forma, velspela, og som med ein god porsjon humor bak det klaustrofobiske greier å seie noko vesentleg om tida vi lever i.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. mars 2026.)

Leave a Reply