TEATER

«Gavdnjejuvvon – Drevet»
Beaivváš Sámi Našunálateáhter, Hålogaland Teater
Av: Anne Berit Anti
Regi: Kristin Bjørn
Scenografi og kostyme: Bård Lie Thorbjørnsen
Koreograf: Eva Svaneblom
Lysdesign: Øystein Heitmann
Komponist: Roger Ludvigsen
Med: Anja Bongo Bjørnstad, Ida Klem, Marte Fjellheim Sarre, Ingá Márjá Sarre, Nils Henrik Buljo, Paul Ol Jona Utsi og Iŋgor Ántte Áilu Gaup
Ei enkel, men særs humoristisk og sjarmerande framsyning om den evige konflikten mellom fornuft og kjensler.
Elle (Anja Bongo Bjørnstad) bur i Kautokeino saman med foreldra sine (Nils Henrik Buljo og Marte Fjellheim Sarre) som er reindriftssamar. Alt er lagt til rette for at Elle skal overta reindrifta, og når ho har vakse opp med naboguten Máhtte (Paul Ol Jona Utsi) som er arving til ein minst like stor flokk og samstundes har eit meir enn godt auge til Elle, skulle framtida vere sikra. Både for dei to unge, og kanskje i like stor grad for dei to foreldrepara? Men så vil Elle ta litt ekstra utdanning for å ha fleire bein å stå på. Og på studiet i Kautokeino møter ho Oslojenta Lise (Ida Klem). Det utviklar seg raskt til meir enn berre vennskap, og slik blir Elle rive mellom forventingar, lojalitet og tradisjon på eine sida og kjærleiken på den andre.
I Beaivváš Sámi Našunálateáhter (Det samiske nasjonalteateret) sin produksjon «Gavdnjejuvvon – Drevet» møter vi såleis eit klassisk kjærleiksdrama om fornuft eller kjensler, men sett til eit samisk miljø, eit lite og tradisjonsbunde samfunn der kostnadane ved å vere annleis framleis er atskilleg større enn i storbyen. Og i tillegg til å dreie seg om skeiv eller streit kjærleik, er det også ein kjend og like stor parallell til det norske jordbrukssamfunnet og forventingane til arvingen med odel.

Dette er dramatikardebuten til Anne Berit Anti. Ho er klesdesignar frå Karasjok, men har også fartstid frå journalistikken. Som kostymedesignar har ho og vore innom teateret. Ideen til «Gavdnjejuvvon – Drevet» fekk ho etter skytinga ved London Pub under Pridedagane i Oslo. Då Beaivváš inviterte til skriveprosjektet «Sápmi forteller», sende ho difor inn ei skisse, og etter god hjelp frå mellom anna Dramatikkens Hus, er resten historie. Etter urpremiere i Kautokeino var det turnépremiere på Hålogaland Teater i Tromsø før framsyninga skal til Oslo og deretter Nord-Norge.
Kristin Bjørn har regien, og ho har gjort ein del uvanlege, men særs vellukka val. For det første innbyr all den varme humoren i teksten til ei leiken tilnærming med mykje komikk, men ho let også det meste bli spela i store bokstavar. Sjølv kallar ho det Bollywood, men eg får assosiasjonar til teikneseriar. Alt er litt overdrive, stilistisk i forma, men aldri overspela. Til dette får ho særs god hjelp av rekvisittane og scenografien til Bård Lie Thorbjørnsen. Scena er møblert med fire element av stålrammer og kryssfiner som blir transformert til kva det skal vere. Og bakveggen er to bua halvtransparente draperi. Saman med den utsøkte lysdesignen til Øystein Heitmann skapar Thorbjørnsen enkelt og effektivt ulike rom og settingar, og også fine skuggebilde bak draperia. Og for å understreke det overdrivne nyttar aktørane komisk store vinglas og kaffikoppar. Eva Svaneblom har koreografert illustrerande og kjenslevare små danseopptrinn til Roger Ludvigsens nydelege tonefølgje. Musikken hans følgjer framsyninga som ein akustisk scenografi.

Anja Bongo Bjørnstad og Ida Klem spelar dei to ungjentene, medan dei fire andre aktørane går ut og inn av ulike roller med små kostymeskift som gjer det lett å skilje dei frå kvarandre. Bjørnstad får fint fram dei kvalane Elle må gjennom, – lojalitet til foreldre og tradisjon eller til hjartet. Ida Klem har på få månader lært seg litt samisk, og på overtydande vis får ho fram ei velmeinande Oslojente som med annleisheit på mange nivå freistar å vinne innpass. Nokre av tablåa mellom henne og Elle, også dei koreograferte, er både vare, vakre og varme. Prosessen Elle, og nesten i endå større grad foreldra hennar går gjennom, blir skildra både humoristisk og truverdig. Mot slutten av første akt blir det nokre brot og raske stemningsskifte som verkar noko umotiverte, men i det meste følgjer vi ei gradvis og fint formidla utvikling der eg ikkje skal røpe korleis det går.
Historia i «Gavdnjejuvvon – Drevet» er enkel og nesten banal, men gjennom det spesielle regigrepet til Kristin Bjørn og vakkert og einskapleg samspel både på scena og gjennom det musikalske, koreograferte og scenografiske, blei eg likevel tvers igjennom sjarmert av denne framsyninga.
(Meldinga stod i Klasssekampen torsdag den 19. februar 2026.)