TEATER

«Kvinnene til Peer»
Vinterlysfestivalen, Nordland Teater
Av og med: Marit Synnøve Berg
Eit feministisk, skarpt, men også humoristisk skråblikk på dei åtte kvinnene i Peer Gynts liv, med stadige referansar også til vår tid.
På årets Vinterlysfestival i Mo i Rana skulle frilansskodespelaren Marit Synnøve Berg gjeste med monologen «Verden sa ja», ei barne- og vaksenframsyning som tek for seg verdas utvikling, produsert av Unge Viken Teater og Barske Glæder. Tre månader før festivalen fekk ho ein telefon frå Sissel Brean, kuratoren for Vinterlys, som fortalde at ho hadde fått ei avlysing, og om ikkje Berg hadde noko meir ho kunne vise når ho først tok turen. Det hadde ho ikkje, og då ho fekk telefonen, var ho akkurat kasta inn som erstatning i Hanne Tømtas «Peer Gynt» på Rogaland Teater der ho skulle spele dei fleste av kvinnerollene i dramaet. Det kokte alt i hovudet, men Berg tok ein Pippi og resonnerte vel som så at dette har eg ikkje gjort før, så det greier eg nok. Og ettersom ho stod midt oppi alle kvinnene til Peer, fann ho ut at ho kanskje skulle lage ein monolog om noko ho kjende til og var fortruleg med. Det var eit godt val, for tre månader etter stod ho på scena i Mo og i halvannan time trollbatt ho publikum med eit feministisk, humoristisk, litt personleg og ikkje minst skarpt skråblikk på Peers mange kvinner.
Heilt åleine på scena, og utan anna å hjelpe seg med enn eit bord med litt vatn, fortel ho først om bakgrunnen for det heile, og spesielt om det feministiske perspektivet. Som i salen denne ettermiddagen, er rundt ¾ av norsk teaterpublikum kvinner. Men blant regissørane er menn framleis i overtal (sjølv om det går i rett retning). Slik blir kvinnerollene ofte staffasje for dei mannlege heltane. Som frilans skodespelar gjennom 36 år, er dette ein røyndom Berg både har måtta forhalde seg til, men også irritert seg over. Så her hadde ho mykje av både erfaring og kanskje litt oppspart irritasjon å hauste av.
Etter ein personleg, men ikkje privat, introduksjon går ho i telegramstil gjennom handlinga i Peer Gynt før ho tek for seg alle dei åtte kvinnene i Peers liv. Gjennomgangsfiguren er sjølvsagt Solveig, som også representerer introduksjonen når ho nynnande på «Solveigs song» kjem inn på scena. Solveig er ei kvinne det er vanskeleg å forstå seg på, ung, dydig og nærast sjølvutslettande i sin trufaste kjærleik til og venting på Peer. Og Berg fortel om si eiga haldning til henne, frå eit ungjenteidol til hovudristing og irritasjon.
Så er det Ingrid som truskuldig blir lurt trill rundt, og som sit att med skamma etter at Peer har «feia over henne» slik han like etter gjer med dei tre seterjentene. Men så møter han den grønkledde, og for ein gongs skuld er det ei som står for noko og konfronterer Peer med konsekvensane av vala hans. Men Peer gjer som Bøygen, går utanom og stikk av frå både Solveig og ei døyande Mor Åse.
Mor Åse er, av naturlege grunner (han er trass alt ikkje Oedipus), den einaste Peer ikkje «feiar over», men ho er ikkje uproblematisk av den grunn. Berg er difor innom både Ibsen sjølv som hintar om at Mor Åse har svikta, og også eit par mannlege litteraturvitarar som meiner å vite at det snart er på tide med ei tolking der Mor Åse tek på seg skulda for at Peer er blitt som han blei. Her er Berg på sitt mest kostelege når ho raljerer over dette mannlege blikket på mors- og oppdragarrolla.
Utan at eg skal røpe så alt for mykje, kan det tyde på at Anitra kanskje er den av kvinnene Berg, og kanskje også Peer, har mest respekt for ettersom han her møter ei som er betre enn han til å jukse og bedra. Meir skal eg ikkje seie om Bergs vurdering av dei åtte kvinnene i Peers liv. Viktigare er det å fortelje at dette ikkje er ei teatervitskapleg gjennomgang av desse kvinnene, men ei særs humoristisk og personleg vurdering av dei, alltid med eit feministisk skråblikk det er godt å bli minna på. Og i tillegg dreg Berg heile tida parallellar til dagen i dag, skodespelaryrket, kjønnsroller og kva menn, men ikkje kvinner, kjem unna med. Det er observant, det er artig og ikkje minst lærerikt.
Sjølv om Marit Synnøve Berg har hatt litt hjelp av dramaturgen Carl Jørn Johansen undervegs, og også nokre gode regiråd frå Toril Solvang-Kayiambakis, er dette eine og åleine Bergs eige verk. Framsyninga er ein monolog der ho er heilt åleine. Her er ingen scenografi, ingen lyd- eller lyseffektar, berre den nakne forteljinga. Men når den er så godt bygd opp både innhaldsmessig og dramaturgisk, og Berg samstundes er så fortruleg med stoffet og ikkje minst ein god formidlar, er vi attende til scenekunstens mor, det gode forteljarteateret eller historiene rundt leirbålet.
«Kvinnene til Peer» blei skrive og framført som eit bestillingsverk til Vinterlysfestivalen, men det er å håpe at Marit Synnøve Berg tek med seg framsyninga til eit langt større publikum enn vi få som var så heldige å få oppleve det på ei lita intimscene i Mo i Rana.
[…] Velkomen til teaterbloggen min. Har du synspunkt eller kommentarar, er e-postadressa mi amund@amund.info « Rett å gjere opprør Feministisk og humoristisk skråblikk » […]