KOMMENTAR

Det skulle vere mot naturlovene å arrangere kulturfestival midtvinters i ein liten by på Helgeland, og samtidig med vinter-OL. Men Vinterlysfestivalen held fram med stort program og fulle hus.
I 25 år har det vesle Nordland Teater sett av ei veke i februar til Vinterlysfestivalen, det som etter kvart er blitt ein av landets største kulturfestivalar. Der har dei funne plass til rundt 230 arrangement frå ei rekkje teaterframsyningar, filmar, konsertar, workshops, samtalar og til ei kunstutstilling. For i samarbeid med Rana Kunstforening er det også ei årleg separatutstilling, og i år med Håkon Gullvåg som festivalkunstnar
I Mo i Rana ligg dei fem viktigaste scenene og festivalhotellet alle innanfor ein radius på 150 meter. Det gjer at festivalen blir spesielt tett og intim. Og det er godt at ein ikkje må nytte for mykje tid på transport, for programmet er tettpakka. Med Nordland Teater som hovudarrangør, var sjølvsagt dramatikken i sentrum, og festivalen fann plass til tre premierer. Vel så viktig er at festivalen både under tidlegare kurator Wenche Bakken og nåverande Sissel Brean har hatt ein spesiell nase for det som rører seg i underskogen. For alle dei som vil følgje med i kva som kjem av nye teaterkompani, har Vinterlysfestivalen vore eit must.
Slik var det også i år. I denne rapporten får eg ikkje til å nemne alle, men Akimbo Theatre var for meg eit nytt og spennande møte. Det blei starta av Halvor Schultz i 2021 og er eit kompani av folk frå fleire land. Med framsyninga «The Animator», som var ei blanding av skuggespel og særs fysisk teater, var det tydeleg at aktørane hadde bakgrunn frå teaterskulen Jacques Lecoq i Paris. Oppsetjinga var ein hyllest til den tyske filmkunstnaren Lotte Reiniger (1899-1981) som i 1928 lagde verdas første heilaftans animasjonsfilm, «The Adventures of Prince Achmed». Akimbo Theatre har alt rukke å vinne internasjonale prisar, og er eit kompani vi bør sjå opp for i tida som kjem.

Festivalen var ei fin blanding av profesjonelle og amatørar. Ei overraskande sterk framsyning var av sju ukrainske ungdomar som aldri har stått på ei scene før. Med idé og koreografi av Rikke Lund, og i samarbeid med norskopplæringa ved Polarsirkelen VGS, gav dei sju oss den ekspressive framsyninga «Mute» der dei nesten utan ord, men berre med synkrone rørsler og musikk greidde å beskrive sin eigen situasjon der dei står nærast språklause og framande midt mellom krigstraume og fredelege Norge. Dei var amatørar, men samstundes så ekte og levande at det blei ei særs gripande framsyning.
På programmet stod ei mengd gjestespel frå ei rekkje andre teater og kompani, men dei fleste av dei har gått ei stund, og mange er meld her i avisa tidlegare. Men tre premierar var det blitt plass til. Først ute var Nordland Teaters eigenproduksjon, «Misery» som er ei dramatisering av Stephen Kings grøssarroman frå 1987. Boka blei filmatisert i 1990, og både roman og film var bestseljarar. Men eg er usikker på om historia egnar seg for teater. I alle fall var ikkje denne versjonen særleg vellukka. Scenografien kom i vegen for framsyninga slik at halve salen ikkje såg kva som skjedde, og i tillegg var spelet uvanleg fattig på variasjon og nyansar.
Meir vellukka var «Eg er her» av Eva Dons. Ho driv i dag sitt eige kompani, Fabula Teater, men i mange år var ho tilknytt Nordland Teater. For tolv år sia fekk ho brystkreft, og i denne framsyninga, som er ein monolog med nydeleg tonefølgje av musikaren Morten Reppesgaard, fortel og syng ho om tida som kreftpasient, om behandling, operasjon, om å stå i kampen og å leve med håpet. Historia blei nok noko privat, men det musikalske, og ikkje minst det visuelle med Katarina Caspersens utsøkte, projiserte teikningar som følgjer og nærast kommenterer handlinga, var med og løfta framsyninga.

Frilansskodespelaren Marit Synnøve Berg stod for den beste og mest interessante premieren. Utan scenografi eller annan staffasje hadde ho ein heilt enkel monolog om Peer Gynts kvinner der ho med eit feministisk skråblikk og med mykje humor både tolka og sa litt om kva ho meinte om Solveig, Mor Åse, Ingrid, seterjentene, den grønkledde og Anitra, heile tida med parallellar til daglege forhold og vår tid. Det er verkeleg å håpe at Berg tek med seg denne perla av ei framsyning til eit større publikum.
(Kommentarartikkelen stod i Klassekampen måndag den 16. februar 2026.)
[…] Velkomen til teaterbloggen min. Har du synspunkt eller kommentarar, er e-postadressa mi amund@amund.info « Vinterlys i 25 år […]