TEATER

«Forlis Bar»
Hålogaland Teater, Scene Vest
Av: Yngve Sundvor
Nordnorsk språkdrakt: Ragnar Olsen
Regi: Yngve Sundvor
Scenografi og kostyme: Arne Nøst
Lysdesign: Jon H. Paulsen
Lyddesign: Jim-Oddvar Hansen
Med: Guri Johnson, Ketil Høegh, Kristian Fr. Figenschow, Alexander Rindestu og Trude Øines
Aktuell problematikk, mykje god nordnorsk humor, men ei litt for outrert historie.
Kvelden før Statens vegvesen kalla inn til hastemøte i Tromsø med bakgrunn i dei mange utanlandske turistane som leiger bil utan å ha tilstrekkeleg erfaring med vinterkøyring, hadde Hålogaland Teater urpremiere på «Forlis Bar». Det er ein makaber farse om den aukande nordlys- og kvalsafari-turismen, kva han gjer med bustadmarknaden og trafikktryggleiken i landsdelen, og korleis han er i ferd med å øydeleggje Tromsøs eigenart. Timinga kunne ikkje ha vore betre.
Som sin første produksjon som nytilsett teatersjef på Hålogaland Teater, har Morten Kjerstad fått dramatikaren og regissøren Yngve Sundvor til å skrive eit drama som skulle fange både samtida og det spesifikt nordnorske. I «Forlis Bar» tek Sundvor oss til ein gamal, sliten bar i Tromsø, og namnet åleine peikar på at her går det mot havari. Jugendstilen scenograf Arne Nøst har nytta, tyder på at dette er ein gamal institusjon, men tida har openbert sprunge frå han. Vertinna Ingrid (Guri Johnson) har ikkje store klientellet att. Det er den tidlegare fiskaren Jørgen (Kristian Fr. Figenschow) og den litt frynsete advokaten Herman (Ketil Høegh). Av mangel på kontorlokale nyttar også den langt yngre Dennis (Alexander Rindestu) baren som skrivestove for sine draumar om å lage film. Utanom desse fire, er det berre ein og annan turist som forvillar seg inn i baren for å oppleve det eksotiske nord.

I byen har rykta begynt å gå om turistar som forsvinn, og det syner seg at dei tre eldre i baren, som alle er samde om at nok er meir enn nok når det gjeld turismen, har tatt saka i eigne hender. Som ein parafrase over Joseph Kesselrings morbide komedie «Arsenikk og Gamle Kniplingar» frå 1941, tek dei tre rett og slett livet av turistane og resirkulerer dei på kreativt vis. Kjellaren under baren byr på svarte løyndomar, og når Dennis uforvarande oppdagar dette, er gode råd dyre. Skal han involverast eller drepast? Dennis på si side får med dette ideen til eit fantastisk film-manus og held kjeft for å skrive dreiebok i sanntid.

Så ramlar Liv (Trude Øines), ein norskætta turist frå California, inn for å oppleve det autentiske. Når Herman fell for henne, og ho i tillegg er dels norsk, blir det vanskeleg å avgjere om ho skal drepast eller ikkje. Meir skal eg ikkje røpe, men her er det forviklingar, situasjonskomikk og ramsalt nordnorsk humor i stort monn.

Saman med lysdesignen til Jon H. Paulsen, og på eit sinnrikt og kreativt vis, opnar scenografien til Arne Nøst opp for elegante og overraskande saumlause skift mellom baren, kjellaren, bakrom og gata utanfor baren, ei løysing som gir rom for mange tablå. Dei fem på scena leverer tydelege og solide rolleprestasjonar. Alle kjenner komediesjangeren godt, timinga er perfekt, og dei turnerer den nordnorske humoren med fingerspisskjensle. Særleg får Kristian Fr. Figenschow her høve til å briljere som den noko akterutseglde, hjelpelause og forhutla Jørgen. Ragnar Olsens tilarbeiding til nordnorsk språkdrakt gjer framsyninga ekstra autentisk.
Trass i humor og godt spel kjem framsyninga likevel ikkje heilt i hamn. I alle slike farsar er det ein del føresetnadar ein berre må godta, men det finst ei tolegrense. Sundvors idé er god, men historia blir for outrert til at eg greier å godta henne, og om ikkje det gjer at framsyninga forliser, så gir det henne ei alvorleg slagside.
(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 2. februar 2026.)
