Er dette Stavangers sjel?

TEATER

SÅRT OG GODT: Amund Harboe blir nøda av dei andre til motstrevande å fortelje si historie. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Hvis byen lyser»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Fredrik Høyer og Mattis Herman Nyquist
Regi: Mattis Herman Nyquist
Scenografi og lysdesign: Øyvind Wangensteen
Komponist: Gaute Tønder
Med: Amund Harboe, Malin Landa, Marianne Holter, Torbjørn Eriksen, Malene Wadel, Penda Faal og Kaleb Isaac «Isah» Ghebreiesus

«Hvis byen lyser» freistar å fange Stavangers sjel, men fangar først og fremst det lokale publikummets attkjenning.

På konsertar tar publikum ofte til å klappe entusiastisk med ein gong ei låt blir starta. Med det applauderer dei ikkje utøvaren, men seg sjølve fordi dei kjenner att songen. Det må dei sjølvsagt få lov til. Slik tenkte eg då eg såg premieren på «Hvis byen lyser» på Rogaland Teater og applausen stod i taket. Framsyninga handlar om Stavanger og byens sjel, og det lokale publikummet kjende seg att og blei rørt. Men var det dermed godt teater?

Duoen Fredrik Høyer og Mattis Herman Nyquist har gjennom dei siste åra laga ei rekkje vellukka produksjonar som har det sams at dei handlar om identitet, tilhøyrsle og mellommenneskeleg kontakt. Særleg dei to siste, «Cassandra» som blei laga for Rogaland Teater i 2023, og «Den fræmende» for Teater Innlandet i fjor var både grensesprengande og framifrå produksjonar. Nå har dei to, båe austlendingar, brukt to år med å dykke ned i det Stavangerske gjennom eit femtitals djupneintervju, nitid transkribering, for så å lage ei framsyning om kva som er Stavangers sjel.

DONGERI OG OPE ROM: Scenografi og kostyme byr ikkje på særleg kreativitet. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

Scena er eit heilt ope rom med eit piano og nokre stolar ved bakveggen. Som det einaste scenografiske elementet har Øyvind Wangensteen nytta eit opphengd rektangel som kan bli opplyst, senkast og reisast i vertikal posisjon. Det er ikkje ei spesielt kreativ løysing som er særs lik scenografien til både Riksteatrets «Prima Facie» og «Eg er vinden» på Trøndelag Teater for å nemne nokre. Og som på Rogaland Teater berre får ein brukbar funksjon når Marianne Holter dreg til Kautokeino og under nordlyset forstår kva heimbyen Stavanger verkeleg betyr for henne. Ei «borte fann eg bygda att»-oppleving, og eitt av dei betre tablåa i denne framsyninga.

DEBUT: Songaren og rapparaen Kaleb Isaac «Isah» Ghebreiesus gjer ein overtydande debut som skodespelar. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

Songaren og rapparen Kaleb Isaac «Isah» Ghebreiesus, som her debuterer som skodespelar, og dei seks aktørane frå teaterets ensemble, har alle bakgrunn frå regionen, rett dialekt og god kjennskap til lynne, veremåte og det stadspesifikke. Frå salen kjem dei samtalande og slentrande inn på scena, alle i dongeridressar. Med særs lite spel og interaksjon, med unnatak av eit kakofonisk talekor i starten av framsyninga, blir vi presenterte for ei rekkje tablå, i hovudsak framført som monologar. Alt med eit fint stemningsskapande tonefølgje av Gaute Tønder. Tekstane er skrivne på grunnlag av intervjua, og her er eit utal ulike typar som sjølvsagt omhandlar forskjellige sider ved å vere frå Stavanger.

Det er sju dyktige skodespelarar, men det hjelper lite for dette blir (med atterhald om at denne meldaren er austlending busett i Trøndelag) for internt og generelt, og kunne med få unnatak ha vore skrive om dei fleste stader i landet. Nokre scener skil seg likevel ut. «Isah» er overtydande i sin scenedebut, og Torbjørn Eriksen kan skape gull av gråstein, og også av sild og eincella vesen. Men det er Amund Harboes litt såre monolog om reinhaldaren som verkeleg skil seg ut, sjølv om den både blir noko skjemma av overdriven politisk korrekt framsnakking av arbeidarklassen, og heller ikkje er spesielt stadspesifikk.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 15. september 2025.)

Leave a Reply