(Dette er eit lesarinnlegg om Nationaltheatret som stod i Klassekampen torsdag den 7. august 2025.)

Fredag ettermiddag 4. juli, då landet tok ferie, valde kulturministeren å fortelje at regjeringa hadde bestemt seg for den «billegaste» løysinga for Nationaltheatret. Tidspunktet er eit klassisk døme på lansering av noko ein helst ikkje vil ha særleg blest om. Avgjerda inneber to nye biscener ein eller annan stad ved eller innanfor Ring 3, og oppussing av dagens hovudscene. Så skulle vel ein vanskeleg sak vere ute av verda og ikkje øydeleggje valkampen for Arbeidarpartiet? For meg blei det ei kjensle av déjà vu.
Trøndelag teater blei skipa i 1937, men teaterbygget er frå 1816. Alt på slutten av 50-talet skreiv avisene om kor forferdelege tilhøva var for dei tilsette. Det blei etter kvart uråd for politikarane å oversjå folkekravet om nybygg. Då teateret feira 25-årsjubileum i 1962, overrekte ordføraren i Trondheim, Olav Gjærevoll (Ap), ei tomt bak Vår Frue kyrkje som gåve til jubilanten. Teatersjef Victor Huseby ante uråd, sjekka med grunnboka, og fann at Trondheim kommune ikkje eigde den tomta. Og har aldri gjort det. Spill for galleriet altså. Det tok 35 år til før Trøndelag Teater endeleg fekk nytt hus.
Som i Trondheim i 1962, har regjeringa gjort eit vedtak utan innhald. Det einaste sikre er at hovudscena skal pussast opp. Kor biscenene skal vere, veit ingen. Det er eit klassisk utsetjingsvedtak som i beste fall er ein stafettpinne til framtidige regjeringar.
Først skal ein finne ei tomt, så er det erverv, dernest regulering og prosjektering før ein kan ta til å byggje. Og hovudscena skal ikkje pussast opp før biscenene er etablert. Dette tar tid, masse tid. Regjeringa påstår at dette er det billegaste og at det er kvalitetssikra. Det er tull. Du kan korkje kvalitetssikre eller kostnadsrekne noko du ikkje veit kva eller kor er.
Alternativet «Ny framtid for Nationaltheatret» med tilbygg til det gamle teateret, vil kunne vere ferdig om fem år og gi oppussa hovudscene, to biscener, stor prøvesal som også kan nyttast til framsyningar, mykje lagerplass, og alt dette under same tak. Fleirtalet i kulturkomiteen på Stortinget har vore for at dette framlegget skal vurderast, og eit opprop frå mange av dei tilsette skodespelarane på Nationaltheatret ber om det same. Denne løysinga vil ta kortare tid, høgst truleg vere billegare og i tillegg gi eit teater med alle scener under same tak. Både for publikum og for skodespelarane må dette vere den beste løysinga. Så kvifor vil ikkje regjeringa sjå nærare på dette framlegget i staden for å gjere eit vedtak utan innhald?
Amund Grimstad
Arkitekt og teatermeldar
amund@amund.info
Takk for viktig artikkel !!!