Krigens absurditet

TEATER

HJELP OG SKEPSIS: Den skadde Niklas (Gundersen) må få medisinsk bistand av Ipek (D. Mehlum), men blir også møtt med ein god porsjon skepsis av Aina (Hakala). FOTO: ERIK BERG

«Bunkersen»
Teater Manu
Av: Jo Strømgren
Regi, scenografi, lyd- og lysdesign: Jo Strømgren
Maske: Hanna Lara Olafsdottir
Stemmeskodespelar: Anna Dworak
Med: Ipek D. Mehlum, Aino Hakala og Niklas Gundersen

Ved å snu opp ned på det tilvande er det ofte lettare å sjå korleis det meste heng saman.

Krig er i røynda så absurd og meiningslaust at ein ofte kjem til kort om ein skal kritisere eller omtale fenomenet i rasjonelle ordelag. Fornufta strekk ikkje til. Difor kan ein stundom nå lenger om ein også sjølv nyttar surrealisme og absurditet for å illustrere meiningsløysa. Det får vi tydeleg prov på i Teater Manus siste produksjon, «Bunkersen», som hadde premiere i Oslo under Heddadagane. I samarbeid med Jo Strømgren har dei laga ei framsyning som snur opp ned på ganske mykje utan eigentleg å misse kontakten med realismen. Og som samstundes både er særs underhaldande, og ikkje minst tankevekkjande

Vi er i ein bunker i ein eller annan dystopisk framtidssituasjon der dei høyrande er i mindretal. Det er krig, og konstellasjonane og motseiingane er ikkje heilt oversiktlege, ganske absurde, og tidvis kan det verke som om «alle kjempar mot alle». I bunkeren er Ipek (Ipek D. Mehlum) og Aino (Aino Hakala) opptekne med å lage bombar av gamle radioapparat. Som i mange krigar, er radio forbode, og når dei to plasserer ut desse forkledde bombene, er det med tydelege parallellar til dagens sprenglekamar utforma som dokker og leiketøy og som sprengjer ungar i fillebitar. Moral er eit ukjend omgrep for her gjeld berre «den gode saka».

Så med eitt kjem det ein tilsynelatande hardt skadd mannleg soldat ned i bunkeren, Han (Niklas Gundersen) pratar teiknspråk og gir seg ut for å vere på lag med dei to, men dei er noko skeptiske og mistenker at han er av dei andre. Ipek og Aino er ganske ulike. Ipek er neppe den skarpaste kniven i skuffa, for å seie det slik, men har samstundes ein rest av empati og kjensler. Medan Aino er den kalde og bereknande, men også mest avstumpa. Men dei er båe kvinner, og driftene er stundom sterkare enn det meste, så når det med eitt, i krigens keisemd og sølibat dukkar opp ein mann, oppstår det også erotiske situasjonar.

Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, men Jo Strømgren har leika seg med alle dei motseiingane han har klart å finne på, og framsyninga er full av overraskande og artige vendingar, men heile tida med krigens absurde vondskap som eit bakteppe. Og når dei tre soldatane finn ut at dei, trass i at dei eigentleg er motstandarar, faktisk har sams interesser, blir det ein tydeleg parallell til spansk-franske Fernando Arrabals ikoniske og minst like absurde «Piquenique en campagne» frå 1959 der soldatane tek ein krigsfange og finn at han er akkurat som dei, og at krigen difor må vere ei misforståing som dei må gjere leiarane sine merksame på. Naivt og absurd, men i røynda heilt sant.

I tillegg til at «Bunkersen» er ein humoristisk kritikk av krig og vondskap, har Strømgren ved å snu verda litt på hovudet, vist at ein slik vri stundom kan gi majoritetsmenneska eit nytt perspektiv. I programmet skriv han om utfordringane som høyrande i eit teater på dei døve sine premiss, kan vere mange. Og det er noko eg har opplevd med mange av Teater Manus produksjonar. Som høyrande går eg glipp av nyansane i teiknspråket, og det heile kan verke litt overspela. Men med Jo Strømgrens fysiske teater kjem ikkje desse innvendingane i vegen, og jamvel om eg ikkje er målgruppa, får eg likevel ei fullverdig teateroppleving, sjølv om eg ikkje forstår teiknspråk.

Dei tre på scena står godt til kvarandre. Dei er tydelege i rollene, og oppi det relativt fysiske spelet finn dei også rom for finstemt og nyanserik mimikk. Og sjølv om dette i form og uttrykk er ein absurd farse, så ligg parallellane til samtida med Ukraina, Gaza og Iran så snublande nær at eg stadig grip meg i å setje låtten i halsen. Slik blir denne framsyninga ein langt sterkare kritikk av krigens absurditet enn mange realistiske dokumentarar.

Leave a Reply