TEATER

«Weltschmertz 2225»
Studentersamfundets Interne Teater (SIT) i samarbeid med Kepler Teater, Studentersamfundet i Trondhjem
Av: Arturo Scotti og ensemblet
Regi: Arturo Scotti
Med: Martha Løseth Borgen, Sunniva S. Schøyen, Maja Eidevik og Inga R. Skogseth
I eit særs fruktbart samarbeid med Kepler Teater og Arturo Scotti har SIT laga teater for sin eigen generasjon, dei unge vaksne som både vil vere litt uansvarlege, men som samstundes må vere i stand til å ta ansvar.
Studentersamfundets Interne Teater (SIT) har i sin siste produksjon gått inn i eit samarbeid med Kepler Teater og deira primus motor, Arturo Scotti. Sia starten i 2018 har Kepler Teater laga framsyningar for den aldersgruppa som fell mellom alle teaterstolane, – dei som ikkje er barn eller ungdom lenger, men som framleis er så unge at dei vil ha lov til å vere litt uansvarlege, ta ein fest, gi litt faen, – altså 20-åringane. Og dette er jo samstundes akkurat der både aktørane i SIT og dei som dei spelar for, er.
Framsyninga «Weltschmertz 2225» er blitt til gjennom ein hektisk månad med skriving og prøving, men premieren i kveld kunne tyde på at dei hadde halde på lenger og gått grundig til verks. Det skuldast kanskje at dette er stoff dei kjenner. Dette er kvardagen deira.
Det heile tek til som ein antropologisk og historisk reise 200 år attende i tid. Eller først fram, og så attende. Vi møter opp utanfor Cafe Edgar i Samfundet der ein energisk og sprudlande Martha L. Borgen tek imot oss og fortel at vi nå skal inn i det som for to hundre år sia var Studentersamfundet i Trondhjem, eitt av dei få bygga som står att frå ei svunnen tid. Vi er altså komne til 2225, og på humoristisk, men myndig vis, tek Borgen oss inn i det som var nybygget frå 2024 medan ho passar på at vi er varsame og ikkje tek på relikviane. Samstundes fortel ho levande, og særs humoristisk, om korleis studentlivet var på den tida, kor fulle dei var, kor mykje dei pula, og kor høg kjønnssjudomsraten var, men samstundes kor få skilsmål det var (!) og at det slett ikkje var så ille da som ein skulle tru.
Etter denne introduksjonen blir vi førde inn i Klubben der vi benkar oss for det vi trur skal bli ei fornøyeleg reise attende i tid, med framtidas skråblikk på vår tid. Men den gang ei. Eg har sett eit par produksjonar av Kepler Teater, og veit at ikkje noko blir som du trur, og om du ikkje forstår noko av det som skjer, så skal du berre slappe av, for brikkene vil nok falle på plass. Etter kvart.
Slik er det også denne gongen. Fire skodespelarar, Martha Løseth Borgen, Sunniva S. Schøyen, Maja Eidevik og Inga R. Skogseth, overraskande trygge og solide i rollene, gir oss ulike monologar, delvis i mindre interaksjon. Og vi forstår ganske raskt at dette handlar om vår generasjons unge vaksne, kva dei er redde for, kva slags håp og lengslar dei har, og kva dei meiner om omgrep som lykke og lidenskap. Monologane har aktørane skrive fram sjølve i samarbeid med regissøren Arturo Scotti. Og det er meir enn tydeleg at dette er historier dei kjenner og eig. For dette er deira røyndom. Eit godt grep er det også at det denne gongen berre er kvinner, og at dei ikkje pratar om menn, men om seg sjølve. Med eit lite unnatak for ei særs kraftig farsbinding.
Gjennom desse sterke monologane får dei fram kvardagsfilosofiske betraktningar om korleis det er å vere ung i dag, kva dei er redde for og fryktar, kva som bringer lykke, og ikkje minst kva som kan gje håp. Mot avslutninga, som blir eit ellevilt danseparty der publikum blir med på festen, kjem dei også inn på motseiingane mellom deira eige mikrokosmos og den store verda der ute. Er det mogeleg å vere lykkeleg, leve ut lidenskap og håp, når ein ser kva som skjer i Palestina?
Med denne framsyninga har SIT synt at dei er høgst relevante for sin generasjon, og at dei kan langt meir enn berre å spele dramatikk skriven av andre. Dei går rett inn i si eiga samtid og sin eigen generasjon, og gjer det særs overtydande. Og at premieren er same dagen som det blei kjend at Marit Moum Aune, ei som har hatt nokre av dei viktigaste læreåra sine i nettopp SIT, blir ny teatersjef på Nationaltheatret, understrekar berre kor viktig og relevant denne teatergruppa er og har vore for scenekunsten i Norge.