TEATER
«Ædnan»
Det samiske nasjonalteatret Beaivváš, Čoarvvuš, Kautokeino
Av: Linnea Axelsson
Dramatisering og regi: Leif Stinnerbom
Komponist: Magnus Stinnerbom
Scenografi: Jakob Jakobsson
Kostyme: Inger Hallström Stinnerbom
Koreograf: Jimmy Meurling
Lyddesign: Eivind Steinholm
Lysdesign: Øystein Heitmann
Kapellmeister: Thomas Eriksson
Med: Elin Oskal, Mary Sarre, Marte Fjellheim Sarre, Ingá Márjá Sarre, Anitta Suikkari, Matias Tunold, Nils Henrik Buljo, Egil Keskitalo, Ingor Ántte Áilu Gaup, Esaia Valio Länta, Lemet Jonne Sarre mfl.
Eit mektig og lyrisk epos som tek oss gjennom hundre års samisk historie.
Det samiske nasjonalteatret Beaivváš har i år fått sitt eige nybygg, Čoarvemátta i Kautokeino. Det er teikna av Snøhetta, 70° N arkitektur og Joar Nango, og førsteinntrykket for denne meldaren (som også er arkitekt) var imponerande. Det er blitt eit vakkert og praktisk bygg som har to scener og topp moderne produksjonslokale, og det inneber sjølvsagt eit enormt løft for teateret.
Til opningsframsyning på hovudscena Čoarvvuš, har dei vald å dramatisere den svensk-samiske forfattaren Linnea Axelssons prisvinnande diktepos «Ædnan» frå 2018. Gjennom ein 750 siders diktsyklus gir Axelsson oss historia til to samiske familiar gjennom tre generasjonar med særleg vekt på kvinnene. Det tar til i 1919 då Norge og Sverige signerte den første reinbeitekonvensjonen som førte til at Sápmi, det samiske busetjingsområdet, blei delt mellom fleire nasjonar med strenge grenser, noko som resulterte i tvangsflytting for fleire samiske familiar. Neste generasjon er på femtitalet då koloniserings- og forsvenskingspolitikken skaut fart med oppretting av nomadeskular. Samisk ungdom mista røter, identitet og språk. Samstundes kom gruvedrift og utbygging av vasskraft i konflikt med beiteområda. I siste generasjon møter vi vår tid der mykje framleis er uløyst, men der framtidshåpet er større, og fleire og fleire tek attende identiteten sin og er stolte av den,
Til å dramatisere og regissere «Ædnan» har Beaivváš henta inn Leif Stinnerbom, til vanleg leiar av Västanå Teater i Sunne i Sverige. Han er ein røynd scenekunstnar som har sett opp eit utal framsyningar, også i Norge, og fleire av dei for Beaivváš. For å få det enorme eposet ned til ei totimars framsyning, har han gjort det om til ein mangefasettert bildevev med ei mengd tablå der han, som i boka, hoppar saumlaust fram og attende i tid og rom.
Scenografien til Jakob Jakobsson er eit amfi der det særs dyktige åtte personar store orkesteret sit synleg på eit platå over ein portal på bakscena. På sidene er det kassar som formar ein slags tribune der skodespelarane sit når dei ikkje er i aksjon. Scenografien er velfungerande og gir gode rom for både dans og dei mange ulike tablåa. Framsyninga tek til med at Elin Oskal, som ein forteljar, dreg opp ein dans med to blåe draperi, som ei buktande elv. Gjennom ei rekkje tablå, ubunde av tid og rom, og med like mykje song og dans som rein tale, blir vi presenterte for dei tre generasjonane der Ristin (Mary Sarre) er den eldste, Lise (Marte Fjellheim Sarre) i midten, og Sandra (Ingá Márjá Sarre) er den yngste. Det er heile femten aktørar på scenen, men omdreiingspunktet er dei tre kvinnene medan orkesteret og forteljaren Elin Oskal bind det heile saman.
Stinnerbom har tatt med seg fleire frå den kunstnarlege staben ved Västanå Teater. Inger Hallström Stinnerboms kostyme er både tydelege og symboltunge. Folka i dei tre generasjonane er gitt drakter i ulike farger, og det gjer det lettare å halde dei frå kvarandre. Storsamfunnets kostyme gir assosiasjonar til makt og overgrep utan å bli for tydelege. Den nyskrivne musikken til Magnus Stinnerbom ligg som eit tungt, illustrerande og stemningsskapande lydbilde over framsyninga, og er samstundes akkompagnement til alle songane. Saman med dansen, som kanskje er mest koreografert rørsle, gir det god samanheng mellom dei ulike tablåa.
I tidlegare produksjonar har Beaivváš ofte nytta eit noko gamalmodig teaterspråk. Sjølv om denne oppsetjinga er full av bilde og symbolikk, og difor kan tole det litt meir pompøse, er spelet likevel nå meir ledig og naturleg for dei fleste aktørane. Dei leverer også tydelege rolletolkingar. Men trass i det, og trass i at både forteljar og kostyme gjer dette meir leseleg, er det likevel nærast uråd å følgje og forstå alle historiene. Og det er nok framsyningas største utfordring. Men om ein som publikummar i staden vel å nyte det visuelle, det storslåtte og musikken, og sjå det heile som det Stinnerbom kallar eit draumspel, blir framsyninga ei mektig oppleving, og ei verdig opning av eit flott teaterbygg.
(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 5. november 2024, men med ei forsvenska overskrift.)